fredag 30. september 2011

stolt mamma vil fotografere fine jenta si som har pynta seg...

...men fine jenta syns det er kjedelig å stå på utstilling....

...og vil mykje 
heller danse rundt og vere fin!


 ...og det kan eg godt forstå... :)

sommer&sol&haust


 Såååå deilig med varm og fin sol idag! Fine haustdagar som dette syns eg igrunn er mykje finare enn ein ordentlig sommardag! Fargane, lyset, lufta er så bra. Og så er det kanskje litt med at ein set ekstra pris på sånne dagar når ein har komme til ei årstid der ein ikkje forventar så fine dagar. Iallefall følte eg veldig for å ta ein tur med fotoapparatet på tomta vår her i Nøkkeldalen. 









Til og med ein kontainer blir litt sjarmerande i haustsola! :)

Ha ei fin helg!

onsdag 28. september 2011

over senga



På ein lokal ting og tang-butikk fann eg dette nydelige skiltet, som eg ikkje klarar gløyme.  Syns alt er fint med det; fargane, stilen, skrifta, bildet, og ikkje minst teksten. Uansett om livet ikkje alltid er ein dans på roser, så har ein masse å vere takknemlig for. 
Har lyst å kjøpe eit til kvart av barneromma, og henge det over sengene. 

tirsdag 27. september 2011

www.kortoggaver.no

...det er navnet på nettbutikken min, som eg har pusla litt med berre for morro. Fekk scrappedilla når eg var i fødselspermisjon med I, begynnte å selge litt barnekort på ein barnetøybutikk her i byen, og samtidig så vart eg litt smitta av C som holdt på å lage eit par heimesider, så da ville eg òg... Og da vart det ei side der eg samla diverse "scrapperi", forma som ein butikk. Etterkvart har jo sydilla komme snikande inn òg, og begynt å prege sida. Og så er det svigermor og ei kollega sine hobbyprodukt som har funne vegen.  Er litt morro å "leike butikk", og drømmen er å kunne finansiere litt av hobbyutgiftene mine:) Og litt finansiering har det blitt, og det er morro!:)

fredag 23. september 2011

Bondens marked

I morgon skal eg og ei venninne prøve oss på bondens marked her i byen, med ei ordentlig husflidsbod :)  Med meg blir m.a. dette:








God helg!!

lørdag 17. september 2011

Niagara falls

 For 6 år sidan var C og eg og 2 kameratar på tur i USA. 4 veker, med bil fra New York til Los Angeles. Det vart mange timar i bil, mange opplevelsar, og ein HAUG med bilder. Utruleg masse fint og spennande å ta bilder av, og eg elskar å sitte å bla i bildene og mimre i etterkant (og for ikkje å snakke om å lage album!!).  
Såg på desse bildene fra Niagara falls no, og blir fremdeles glad av å sjå på dei. Dette trur eg var favorittreisemålet mitt; fossen er fantastisk, været var fantastisk, og me var akkurat igang med turen me gleda oss så til, så humøret var fantastisk:) 
Det er rart korleis følelsar kan lagrast i bilder, slik at ein nesten kan føle at ein er tilbake i ein opplevelse eller stemning!




Me tok båt inn ved fossen, og det var ein våt, men flott opplevelse!
...og til slutt vart det så vått for linsa at den ikkje ville åpne seg ordentlig:)


Ha ein fin laurdag!

onsdag 14. september 2011

mandag 12. september 2011

it`s a giiiiirl!

Idag starta heile familien dagen med ultralyd, og me fekk bekrefta at det er ei veslesøster som er inni magen! Ei stor veslesøster:) 
Og om 2 mnd kjem ho ut. Me gledar oss:) 

lørdag 10. september 2011

simple things

(Bildet er fra vi.sualize.us)



"Glede finner du i hverdagens små øyeblikk"

Ønsker alle ei god helg, ta godt vare på kvarandre!

torsdag 8. september 2011

sying, scrapping og gifting

Ein bra ting med haustværet er at ein kan sitte inne med god samvittigheit og sy og scrappe litt, og det er nettopp det eg har gjort dei siste dagane. I går kveld var eg til og med så heldig at eg fekk veldig koselig scrappeselskap av ei venninne!
Ein liten Johannes skal få denne i "velkommen til verden-presang"
Har akkurat handla masse fine stempel med koselige tekstar fra Kreativ Hobby

Litt babykort som skal leverast på ein lokal barnetøysbutikk som er så snill og lar meg få selge korta mine der 
Litt muffinsproduksjon
Og i skrivande stund(kl 0930)er det plutselig arrangert bryllup i stova. Brudgom til venstre, brud til høgre, og brudepike på toppen av bildet. Ingsepingsen vår er underholdning fra morgon til kveld:)

søndag 4. september 2011

fint ska det vær`...

Idag har det vore ein rolig innesøndag med plaskande regnvær, og mens enkelte trekker i joggebuksa, foretrekker andre å ta på finkjolen:)




fredag 2. september 2011

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...