torsdag 3. juni 2010

shopping

Idag har I og eg vore med ei venninne på shopping i Skien. I kom uten tvil best ut av handleturen, men det er fordelen med å vokse så fort! (ulempen med å vokse fort er å snuble heile tiden i dei stadig lengre beina...)  No er klær og sko prøvde og vist fram til papsen, og papsen har blitt informert fra I om korleis han skal ordlegge seg når han skryter av det han ser....




På fyrste bildet er I klar for shopping, og på det andre er ho heime igjen, godt fornøyd med sommarens festantrekk (som har tilhøyrande bamse med lik kjole...) 
Ha ein fin kveld!

tirsdag 1. juni 2010

testing testing....

Dette er 1.forsøk på eit blogginnlegg. Bloggen skal i fyrste omgang vere for å oppdatere bestemor, bestefar, onkel og tante i Sogn (og evt andre interesserte) på kva som skjer i vår vesle familie i Nøkkeldalen, med litt bilder og slikt. -og så er det jo litt koselig å ha ein eigen blogg. trur eg! 17.maibilder har blitt etterlyst, så her kjem dei:














Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...