Viser innlegg med etiketten borddekking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten borddekking. Vis alle innlegg

torsdag 23. august 2012

prinsessefest og gratis print

I dag har me hatt 2 prinsessefestar. 
Fyrst ein for tre kule damer på rundt 70 og oss tre jentene:), deretter THE prinsessefest for 4 rosa prinsesser på snart 5 år! 


Det vart pynta og dekka utanfor leikestova, og pølser og prinsessemuffins vart servert. Tilslutt var det fisking fra verandaen. Utifra lydnivået virka trivselsfaktoren til å vere høg:)

På festen fekk eg gjort nytte av to tips eg har fått fra andre og som eg vil dele vidare:


Tips 1: Fest papptallerken til bordet med ein bit dobbel tape, så blåser den ikkje vekk i vinden.

Tips 2: Muffintoppers er lette å lage. Klipp/stans ut to like rundingar (eller andre former) med ønska print, lim dei sammen med eit 1/3 langt grillspyd imellom. 

www.printablepartykits.com finn du gratis print til ulike anledningar. Her kan du òg finne gratis print til m.a. invitasjonar. 
Dagens toppers er fra denne nettsida. Til dåpen laga eg toppers med bilde av ansiktet til veslesnupp. Dei kan du sjå her.



Det tar på med prinsessefestar, så no må mor legge seg:)

lørdag 23. juni 2012

sankthans i Nøkkeldalen

i år vart det inne-sankthans,eller jonsokafta som eg egentleg kallar det, her i Nøkkeldalen. Regnet har stort sett fossa ned, og eg må innrømme at idag tykte eg det var litt deilig med ein innedag med baking og pynting med god tid og god samvittigheit.

Me har ingen fast tradisjon, men idag stelte me istand fest! :) Gjestene var mor og tante, og Ingrid stod for underholdningen med musikk, skuespel, dans og skattejakt! På menyen sto heimelaga hamburgarar med paprikasalsa og båtpoteter, og til dessert hadde Ingrid og eg baka makroner og bananmuffins. No er festen over, og arrangørane har tatt kvelden:)

Har du hatt ein festlig sankthans?

tirsdag 10. april 2012

dåpsbordet

Tenkte eg ville vise litt fleire bilder fra dåpen, denne gangen fra bordpynting og kakebord. 

Her er det dekka til snittar. Me gjorde det enkelt og greit, og bestilte snittar. Deilig å heller kunne bruke den ledige tiden, som ein ellers måtte stått på kjøkkenet, til kvalitetstid med besøket og resten av familien.
På bordkortet står det 2 vers av "fyllt av glede".  Navnet/tittelen på dei forskjellige er stempla nederst.
Serviettane syns eg var så søte, fra Tine K. 
Blomsterpynt fra Nille.

Kakebordet vart dekka med rosa serviettar med relieff. 
Kakebordet slapp eg òg billig unna, me bestilte marsipankake og gjærbakst fra den lokale bakaren der Christian har hatt sommarjobb i sin ungdom, og svigermor laga eplekake. Eg laga ostekake, og storesnupp og eg laga muffins sammen:)



Muffinsane vart pynta med dåpsbarn-"toppers":)


...og pikekyss og kirsebærblomster fra hagen, gjorde ikkje bordet mindre rosa:)




mandag 17. oktober 2011

stille før stormen

Ei, for andledningen, nyommøblert stove ventar på storinnrykk av 12 små feststemte...
 ...og ho var ikkje akkurat mindre feststemt ho som venta på gjestene heller... :)
Og festen vart vellykka den, 4-åringen vår var iallefall fornøyd! :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...