Neida, eg er veldig veldig klar for vår no, MEN når det fyrst er som det er, med snø som iallefall ikkje forsvinner i løpet av neste veke, så gledar eg meg over den nydelige morgonen som var i går. Eg er glad me bur i eit land med tydelige årstider (sjølv om enkelte av dei gjerne kunne vore LITT kortare....), kvar årstid har sin sjarm. Ekstra fint var det at gårsdagen var snuppa og min sin vekentlige fridag, for da kunne skjønnheiten nytast ekstra, og til og med bli foreviga :)
Huset vårt, midt inni skogen:) bak til høgre viser det som skal bli husbondens musikkstudio, fjorårets nybygg nr 1 |
Fra hagen på baksida av huset. Denne er for øyeblikket desidert finast MED snø... |
Garasjen og innkøyrsla rett bak bilen. Bildet er tatt fra inngangsdøra vår. |
Ha ei god helg!!
klem Britt Kirsti
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar