tirsdag 28. februar 2012

"er jeg ikke fin Tingeling, Synøve?" :)

Eg gjentar meg sjølv fra eit anna innlegg; 
"every day may not be good, but there`s something good in every day". 
I dag er ein sånn dag, og det som er bra i denne dagen, er å sjå desse to jentene, som allerede diggar kvarandre, sammen. Å sjå gleden over å gå i barnehagen som Tingeling, blir ein òg glad av!:)

Ønsker deg ein god dag, 
-eller ein dag med noko godt i! :)

mandag 27. februar 2012

rosa mandag

Fastelavensriset fra forrige helg har blitt til kirsebærblomstkvistar! 9 dagar tok det fra dei kom inn og til blomstrane spratt. (så veit eg det til dåpspyntingen.)

Rosa tyllskjørt, som skal på karneval i morgon, 
er brukt som bakgrunn:) 

Nokre småkvistar står i kjøkkenvinduet. Den vesle mugga er eg så glad i, og blir brukt til småblomstrane snuppa vår kjem inn med om sommaren:) Kjøpt på loppemarked i Danmark. 

Her har me jentene sådd lavendel, jordbær og cherrytomater i melkekartongar i ettermiddag, og gledar oss til å følge med på utviklingen. Syns det er veldig fasinerande det som skjer på våren, og snuppa sammenligna frøa med så liten som ho var inni magen til å begynne med, og det er enda meir fasinerande å tenke på! 

 ønsker deg som er innom ei fin veke! 

søndag 26. februar 2012

endelig ny kosedress!

Storesøster hadde ein kosedress ho var så glad i. 
Egentlig er ordet har, og ikkje hadde, for sjølv om den er 3 størrelsar mindre enn det ho brukar no, så hender det at ho fremdeles rullar den på seg. Eit litt rart syn igrunn, og ikkje noko ho får lov å forlate huset i:) 
Mønster, fleecestoff, ribb og hekleblonde fra stoff og stil, glidelås og kordfløyel (hjerte-lommene) er restar eg hadde liggande. 

Iallefall, ein ny kosedress er noko ho har ønska seg lenge, 
men som har vore vanskelig å finne i hennar størrelse 
(sidan sånne one-piece ikkje heilt var stilen). 
Så no har eg tatt saken i eigne hender, 
bokstavelig talt, og sydd ein. 
I dag har me hatt innedag med feber, 
og kosedressen har dermed blitt både ferdiglaga og brukt. 

eg: "kom så skal me ta bilder av deg med dressen!"
I: "nei,jeg synger og sånn nå! det er full fest her inne":
- ja det ser igrunn ut som det ja:)

fredag 24. februar 2012

god helg og god natt:)

Berre ein tur innom for å ønske deg god helg, 
før mamma tar på meg pysjen og eg skal sove søtt med dei to favorittbamsane mine!



           Gjesp fra Synøve, som er ein rosabloggar:)

onsdag 22. februar 2012

snart...

Snart kan du bli invitert innafor denne døra: 


Husbond er over middels interessert i musikk, og held rett og slett på å bygge eit eige musikkstudio.
 Wilberg Studio er navnet, og har holdt på i kjellaren nokre år, men no blir det altså eit eige hus; 
5 rom, 
70 kvadratmeter, 
og snart er det ferdig..... :)

søndag 19. februar 2012

festivalensris

...det er navnet Ingrid har gitt til fastelavensris:) 
Me pynta vårt i går, med tøyremser og tyllremser samt nokre fjær me hadde fra før, inspirert av dei koselige bloggane schytts hverdag og huset ved fjorden
Greinene er kirsebærgreiner, og om nokre dagar tar me av pynten, og ventar på at greinene skal sjå ut som dette! Eg syns dei er heilt nydelige, og planlegger å pynte med sånne i dåpen. Så no tar eg tiden kor mange dagar det tar før blomstrane spretter, for å vite når eg skal ta greinene inn neste gang:)
Bildene er tatt inne på bebisrommet idag, sidan det var det einaste bloggifiserbare området med dagslys:) Har jobba litt med dette rommet i helga, for at det skal bli litt meir enn berre ein krok med eit stellebord. Eg og veslesnupp var på Ikea på onsdag og kjøpte garderobeskap, og i natt, mens husbond var ute og spelte konsert, og etter at mitt koselige venninnebesøk var reist heim, kom "skru sammen møblar"-iveren over meg (!). Når skapet vart skrudd sammen, MÅTTE eg jo henge opp kjolane hennar, og så MÅTTE eg omorganisere litt og rydde litt og pynte litt og stå å kikke litt og pynte litt anleis osv, og plutselig var klokka halv fire.... No gjenstår å henge litt opp på veggane, og så kan det hende eg viser fram vårt nye bebisrom:)

Ønsker dikka ein fin søndagskveld! 

onsdag 15. februar 2012

Be yourself

...everybody else is taken... :) 
Denne fine tavla, med litt morsom, men viktig tekst, fekk me av bror og svigerinne i sommar!

Å alltid vere seg sjølv er jo ikkje alltid like lett. Syns eg. 
-men det er jo litt synd da, når det kun er laga eitt eksemplar av kvar av oss, viss ein ikkje er det eksemplaret ein er designa til å vere. Tenker eg. 

"Du vet vel om at du er verdifull
At du er viktig her og nå
At du er elsket for din egen skyld
For ingen annen er som du!"

mandag 13. februar 2012

oppbevaring på barnerommet


Kjenner du Alf Prøysen sin sang "julepresangen", om Jensenmann som skulle lage sybord til mamman sin, men endte opp med ei spekefjøl når han var ferdig med all høvling og saging? 
Litt sånn vart det når me kjøpte eit oppussingsobjekt av eit klesskap til babyrommet. Det viste seg etterkvart at skapet var i sånn stand at me bestemmte oss å heller berre ta brukbare deler av det, og kassere resten.
Me endte opp med 3 skuffer med nydelig lilla knottar, som på cm passa perfekt under senga til storesøster som sårt trengt oppbevaringsplass. Eit malingsstrøk, og å skru på små hjul bak på skuffene (sistnemnde står fremdeles på to-do-lista) var alt som skulle til. Og skapet var så billig, at skuffene var absolutt verdt prisen uansett:)

søndag 12. februar 2012

god morsdag!


Me vil ønske dei 2 mødrene/bestemødrene våre ein god morsdag!
-og god morsdag til alle andre mødre òg! 
klem fra oss fire:)
dette var eg så heldig å få idag!

fredag 10. februar 2012

fotolys bak rullegardina!

I går drog me opp rullegardina til eit ordentlig godt fotolys. Faktisk så godt at storesøster sprang og henta caps og solbriller:) Så da vart det nokre bilder fra soverommet:


Eit lite linselus har ufrivillig snike seg med:)
 

Dette rommet pussa me opp for 6 år sidan, når me kjøpte huset. Fargervalget vart ikkje så vanskelig, sidan begge to hadde tenkt å foreslå den samme fargen:) Risør heiter den, og eg er fremdeles kjempeglad i den!


Håpar du får ei fin helg, med masse (foto)lys! :)


torsdag 9. februar 2012

stoff og stil-katalogen has entered the building

...og med den følger eit hovud enda fullare av alle syprosjekt eg har lyst å gjennomføre...
så min hjerne er no lasta med m.a:   
* eit par puter som den over. Puta er fra bloomingville, men eg har funne eit perfekt chenillestoff i stoff og stil-katalogen som er litt sånn støva rosa, 
*nokre andre firkanta puter i stoff som kan matche desse. Blir ny, grå sofa i stova om nokre veker, og da er det morro å stæsje den med noko nytt!
* ei ballongbukse til kvar av jentene, lik den på bildet til venstre, samt kanskje matchande trøyer i eit aquastoff eg har fra før
* tunika og tights til storesøster likt med settet på bildet til høgre. Eg har veldig sans for kombinasjonen korall og støva aqua no til dags.
*Kosedress med hette, til begge jentene, sydd i fleece. Storesøster har så veldig lyst på ein sånn heildress som ho hadde når ho var 2 år (ho drar den fremdeles stadig på seg, men får ikkje lov å forlate huset med den, for den har blitt både høyvannsbein og 3-kvart-arm). :) 
*+minst like mange prosjekt som var der fra før:) Men forrige helg fekk eg faktisk sydd 2 storesøster-kjolar, som eg kan krysse av på lista!!

onsdag 8. februar 2012

hallo, hallo!

"Hallo hallo, bestemor og bestefar,
onkel, tante Rakel og Henning! 
No er det på tide at eg får komme til orde litt: 
Ha ein fin dag!:) "
Klem fra Synøve

lørdag 4. februar 2012

hvitt





Eit kvitt bilde fra Nøkkeldalen er mitt bidrag i www.oyeblikk.net si utfordring "hvitt".


fredag 3. februar 2012

muffins idag óg!

...denne gangen bananmuffins. Oppskrifta har eg vidareutvikla etter litt prøving og feiling med ei banankakeoppskrift. Eit av måla var å gjere den litt sunnare, så i forhold til utgangspunktet har eg halvert sukkermengden, auka bananmengden, tilsatt litt havregryn, og bytta ut margarinet med rapsolje. Og sjølv om bananmuffins kanskje høyres litt spesielt ut, så slår det veldig an blant både sære små og sære store her:) 



Oppskrifta (den modifiserte) på ca 20 muffins:
2 egg 
1,5 dl sukker 
3-4 mosa bananer 
1,5 dl rapsolje 
3/4 dl melk (eg brukar surmelk) 
4,5 dl hvetemel (kan erstatte LITT av det med havregryn) 
2ts bakepulver 
2ts vaniljesukker 
1ts natron 

Egg og sukker piskast til eggedosis. 
Det tørre blandast inn vekselvis med det våte. 
Ha i dei mosa bananene til slutt. 
 Steikast på 200grader i ca 10 minutt.

...og Kalle gir seg ikkje så lett! No dansar han limbo:)

Goooood helg!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...