lørdag 30. juli 2011

for 15 minutt sidan...

...vart dette bildet tatt. Så kom ein liten (og egentlig deilig) regnskyll, og me har tatt turen inn. 
Å kose seg heime er for oss ein viktig del av ferien. Nokre dagar med ingen avtalar, uten klokke og null stress er deilig. Da kan det til og med vere kos med litt jobbing på diverse prosjekt. Dei siste dagane har eg pusla med utejobbing fra "to do-lista", mens I har kosa seg i hagen, med vennebesøk, og ikkje minst bading! Og C, han jobbar iherdig på det største prosjektet i hagen, nemlig musikkstudioet. Han snekrar og snekrar, og det blir så fint og flott!:)
Ha ei god helg!

fredag 29. juli 2011

lost for words...



I dag er det ei veke sidan tragedien i Oslo skjedde. Det har vore rart å ha forholdsvis "normale" dagar, og samtidig vite at akkurat no er det veldig mange heimar rundt om kring som opplever sine livs verste dagar... Dagane har vore fyllte av masse følelsar og tankar, men få ord som kan beskrive... 
Me tenker på og ber for alle som har mista sine kjære, og for alle som har opplevd eit traume som kanskje vil følge dei resten av livet! Kjære Gud, vær dei ekstra nær med tryggheit og trøst!

onsdag 13. juli 2011

feriemodus

Bilder fra Norge - Humor tegninger - startsiden_1272.jpg


Me har ikkje dei verste jobbane i verden, men jammen skal det bli godt med ferie om 2 -to- dagar alikevel!!!! :)

fredag 8. juli 2011

"seks veier til et godt liv"

Å høre det postive som blir sagt
- fremfor det negative.

Å legge merke til det som blir gjort
- istedet for det som ikke gjøres.

Å huske de gode stundene
- ikke lagre de vonde.

Å gi omsorg
- ikke bare vente å få.

Å le av bagateller
- ikke gremme seg over dem.
Å fremelske det beste i hverandre.

Livet er kort
-gledene kan være mange.

Ukjent
God helg! :)

onsdag 6. juli 2011

Mellom bakkar og berg....

...der er det bratt.....


Mellom fjord og fjell, der finn du bygda eg har vokst opp i. Hadde berre lyst å vise nokre nasjonalromantiske bilder der i fra: 




Og så er det sjarmøren da:

Ha ein fin dag!

tirsdag 5. juli 2011

sjarmerande gjenbruk


Dette er eit utvalg av dei klærne som C og eg brukte når me var bittesmå, og som me syns det var veldig morro å kle I i når ho var bitteliten. Eg elskar den brune kaninbuksa som C hadde!!! Med sleng! Når nestemann kjem, blir nok alt dette brukt igjen:)

Ha ein fin dag!

søndag 3. juli 2011

god natt min venn...

God natt min venn, 
gå til din seng, 
og legg deg ned, i ro og fred.
Guds engler små, skal passe på, 
og du kan sove trygt og godt, 
god natt, god natt


**********


Gud som har oss småbarn kjær
-se til meg som liten er.
Hvor jeg meg i verden vender, 
er jeg trygg i dine hender!
Gråt og glede skifter her,
du min far er alltid nær!



Snuppa syns det var vanskelig å få sove ikveld, og løysningen vart til slutt cd`en SNORK fra blafre. Ho sovna til sang nr 2, og sidan me er aleine heime ikveld, vart eg sittande og nyte stillheiten og resten av cd`en. Musikken er så utruleg behagelig, og tekstane er flotte og gjer akkurat det godnattsangar skal, dei gir ro og tryggheit. 


Eg har vokst opp med at mamma sang godnattsangar kvar kveld, og når me fekk vår eigen snuppe, kom igjen interessen for godnatt-sangar. Til å begynne med hugsa eg berre "kjære Gud eg har det godt" og ein sang som bestemor sang for oss; "god natt min venn". Etterkvart har me utvida repertoaret med nye sangar me har lært i bøker og på cd`ar, og googla teksten til sangar fra barndommen som etterkvart har dukka opp som nostalgiske bruddstykker. Og undervegs har eg blitt meir og meir "svak for" dette med å synge sammen på kvelden; både fordi eg ser kor "salig" I blir når ho blir sungen for, fordi det gir meg gode trygge minner fra min eigen barndom, og fordi det er akkurat som om verden stoppar litt opp og ein får ein ro som ein ikkje alltid får ellers i kvardagen. Og dei gangene I synger med, og me synger sammen på vår 1-2 stemte sang (!), -det er lykke! :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...