søndag 3. juli 2011

god natt min venn...

God natt min venn, 
gå til din seng, 
og legg deg ned, i ro og fred.
Guds engler små, skal passe på, 
og du kan sove trygt og godt, 
god natt, god natt


**********


Gud som har oss småbarn kjær
-se til meg som liten er.
Hvor jeg meg i verden vender, 
er jeg trygg i dine hender!
Gråt og glede skifter her,
du min far er alltid nær!



Snuppa syns det var vanskelig å få sove ikveld, og løysningen vart til slutt cd`en SNORK fra blafre. Ho sovna til sang nr 2, og sidan me er aleine heime ikveld, vart eg sittande og nyte stillheiten og resten av cd`en. Musikken er så utruleg behagelig, og tekstane er flotte og gjer akkurat det godnattsangar skal, dei gir ro og tryggheit. 


Eg har vokst opp med at mamma sang godnattsangar kvar kveld, og når me fekk vår eigen snuppe, kom igjen interessen for godnatt-sangar. Til å begynne med hugsa eg berre "kjære Gud eg har det godt" og ein sang som bestemor sang for oss; "god natt min venn". Etterkvart har me utvida repertoaret med nye sangar me har lært i bøker og på cd`ar, og googla teksten til sangar fra barndommen som etterkvart har dukka opp som nostalgiske bruddstykker. Og undervegs har eg blitt meir og meir "svak for" dette med å synge sammen på kvelden; både fordi eg ser kor "salig" I blir når ho blir sungen for, fordi det gir meg gode trygge minner fra min eigen barndom, og fordi det er akkurat som om verden stoppar litt opp og ein får ein ro som ein ikkje alltid får ellers i kvardagen. Og dei gangene I synger med, og me synger sammen på vår 1-2 stemte sang (!), -det er lykke! :)

1 kommentar:

  1. leita etter en sang fra eg var liten og budde i norge og som mor sang om kvelden, eg ville syng den for mine svenske barnebarn, takk for at eg fant den her.....godnatt min venn...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...