fredag 29. juni 2012

litt av stova

Eg fortsetter på mitt prosjekt om å vise ferdige prosjekt. 
Stova er egentlig ikkje eit ferdig prosjekt, men meir eit ikkje-påbegynnt-prosjekt, for her er det ein langtidsplan om oppussing. Sidan det kan drøye, har me gjort ei lita oppgradering, og det er den som er ferdig no.


I november, når veslesnupp var ei veke gammal, var det nokre luftige dagar i stova, da heile veggen ut mot verandaen vart bytta ut. Før hadde me 3 meter brei skyveglassdør her, noko som egentlig gjorde den krinkelkrokete stova vår enda vanskeligare å møblere (sidan åpningen var i den enden som sofaen er no).
Når denne likevel måtte byttast ut pga aldersplager, forandra me til to vindu og ei enkel verandadør m vindu og sprosser. 
Veldig fornøyd med resultatet, spesielt etter eg fekk malt lister og sånn kvitt forrige veke.


I vår kjøpe me óg ny sofa, sidan sofagruppa me hadde fra før (heldigvis.....) hadde fått nye oppdrag. Ein u-sofa passa mykje bedre inn i den som sagt krinkelkrokete stova, og har endeleg gitt stova den romfølelsen og heilheiten eg har sakna her. 
Det som òg er veldig bra er at no er heile familien til stadigheit samla i sofaen, til forskjell fra før, da me nesten berre brukte sofagruppa når me hadde gjester:)


Vogga laga pappan min og broren min til storesnupp når ho skulle bli født! Veldig koselig å ha (og vanskelig å pakke vekk...), og fint å tenke på at den kanskje kjem til å bli brukt i generasjonar framover! 

Ein anna ting med affeksjonsverdi er bladstativet bak vogga, som me har arva etter søstra til Christian. Ho var så kreativ, og fann dette kasserte avisstativet, malte det med svart bengalakk, og hadde det i stova si. No minnar det oss om når me var på besøk til ho, og er i tillegg ei praktisk oppbevaring av blad. Eg pleier å ta vare på blad med fine framsider, og pynte med dei fremst alt etter årstid og jul og sånn. 

Og dette er alt du får sjå av stova vår på sikkert fleire år, he he:)



tirsdag 26. juni 2012

vinn ønskelista di frå kremmerhuset!!


Kremmerhusbloggen fylte 1 år igår, og i den anledning arrangerar kremmerhuset ein konkurranse der ein kan vinne ønskelista si fra nettbutikken til ein verdi av maks 2500 kr. 
For å vere med i trekningen må du lage ein collage med ønskelista. 
Så masse fint som er på kremmerhuset, så berre måtte eg vere med på dette, så her er mi liste:




Bli med du òg, du finn linken her!

mandag 25. juni 2012

igår

Igår har hadde Wilberg studio sitt fyrste bandbesøk!! Det kan du lese meir om på Wilberg Studio si facebookside:)

Og eg og jentene kosa oss inne i regnvéret. Eg fekk endeleg somla meg til å montere og vaske leikegrinda til Synøve, og ho (og Ingrid) storkosa seg oppi der!

Ingrid og eg sette igang med eit album som me har som fellesprosjekt: "boka om Ingrid og far". Far er altså farfar, som me mista i mars. Han og Ingrid hadde eit veldig godt forhold, og derfor vil me samle minner i form av bilder, tekstar og tegningar slik at Ingrid kan ha dette albumet å mimre i. Dessuten tenker eg at å lage det sammen blir ein del av sorgprosessen. Det er fint å ha gode minner å sjå tilbake på når ting er trist! :)

Men idag er det på tide å vere litt seriøst husmor nokre timar mens Synøve-mor søv, DET kan trengast!

Ønsker deg ein fin dag! klem

lørdag 23. juni 2012

sankthans i Nøkkeldalen

i år vart det inne-sankthans,eller jonsokafta som eg egentleg kallar det, her i Nøkkeldalen. Regnet har stort sett fossa ned, og eg må innrømme at idag tykte eg det var litt deilig med ein innedag med baking og pynting med god tid og god samvittigheit.

Me har ingen fast tradisjon, men idag stelte me istand fest! :) Gjestene var mor og tante, og Ingrid stod for underholdningen med musikk, skuespel, dans og skattejakt! På menyen sto heimelaga hamburgarar med paprikasalsa og båtpoteter, og til dessert hadde Ingrid og eg baka makroner og bananmuffins. No er festen over, og arrangørane har tatt kvelden:)

Har du hatt ein festlig sankthans?

mandag 18. juni 2012

unna vei...

her kommer jeg!!

...og det plutselig i ein heftig fart, så her må det settast inn straks-tiltak (før fleire dukar og lysestakar går i golvet...)!

søndag 17. juni 2012

yessss!

-endelig har eit av favorittstoffa blitt til ballongbukser til søstrene sisters!:)


fredag 15. juni 2012

No er det ikkje lenge...

...til me kan ha slike pionar i vinduet igjen:

pionen er fra hagen vår i fjor sommar

...til det er ferietid 
...til me får opptil fleire koselige besøk!! 
...til det blir masse sol og bading (evig optimist..) 
...til verandaen er ferdig (beisingen fekk ein brå slutt halvvegs pga regn, og etter det har regnet fortsatt litt kvar dag...), og me kan installere oss der med møblar og planter og masse kos:) 
...og så vidare...   

Det er viktig å nyte nuet, men eg syns det er godt å glede seg til  litt ting samtidig!:) 
 Kva gledar du deg til? 

 God helg!

torsdag 14. juni 2012

babyrom og gi-bort

Dette er jo ikkje akkurat ein interiørblogg, for eg har ikkje så mykje å bidra med på det området, men no viser eg alikevel fram nokre rom her frå Nøkkeldalen på løpande band.

Me er i skikkeleg organiserings- og opprydningsmodus her om dagen, for no er me leie av at alt er halvvegs og halvferdig og rot og kaos heile tida. Typisk meg er at når eg er nesten ferdig med eitt rom, så går eg vidare til neste, MEN no har eg som motivasjon å blogge (nesten) kvart rom etterkvart som det er heilt ferdig, og det trur eg er ein motivasjon som funkar på meg:) 
Syns alltid det er morro å sjå korleis andre har det heime, og litt morro å vise fram. 
Idag viser eg deg babyrommet;

Dette var kontoret vårt til i haust, og etter det har det gradvis teke form som babyrom. Me pussa det opp for 5 år sidan, så me trengte ikkje å gjere noko med overflatene no.
Etterkvart skal jo sprinkelsenga inn her (i hjørnet der leikekassen står no), og ein koloss av ein recliner-stol skal ut herfra. No står den berre her og ventar på at det skal bli plass til den i stova igjen (og det blir det ikkje før vogga er pakka ned igjen, og det syns eg er litt vemodig, så det skjer nok ikkje enda sjølv om vogga ikkje er så masse i bruk lenger...)

Me har ikkje plass til stellebord på badet, så da vart det stellekrok på rommet. Den skjønne handduken har svigermor laga.

Storesøster som nabo, ser for med at etterkvart blir det ein sti av leiker mellom desse to romma:)
Tallerkenhylla har eg malt kvit, etter at den var brun og blå når eg kjøpte den på bruktbutikken. Hadde egentlig lyst å fjerne bogane i nederste hylle, men det vart litt for omfattande for meg:)


Så om gi-borten:
Skjønne Maria med den kjempekoselige bloggen Schytt's hverdag, har ein gi-bort der du kan vinne boka "din kompetente familie" av Jesper Juul! Bloggen hennar er veldig inspirerande på små og store prosjekt, og på familielivet og mammatankar, og eg er veldig glad for å ha blitt litt kjent med ho og bloggen hennar. Du burde ta ein tur innom ho, både for å oppleve bloggen, og for å bli med på trekningen om denne boka!

Ønsker deg ein fiiiiiiiin fin dag! 

lørdag 9. juni 2012

ha det på badet-utfordring

Idag tenkte eg å bli med på "ha det på badet- utfordringen" til maskinistfrua. Ho lurer på om me vil vise ho bada våre, og ja, det vil eg:) Badet var ikkje akkurat direkte nyvaska (!) idag, så eg brukar bildene eg tok til dette innlegget om badet vårt. (I det innlegget kan du òg sjå kor lekkert dette badet var før...)

Badet sett fra døra

Dusjnisjen, som tidligare var eit separat do-rom
 med inngang fra gangen.


 litt detaljar...




Inni dusjen er det akkurat plass til badekaret, og i badekaret er det akkurat (!) plass til ei jente på 4 1/2 og ei jente på 1/2 :)

Badet er ikkje så stort, men me har alt me trenger der, og er igrunn veldig fornøyde med det! 
Eg gledar meg til å sjå dei andre bidraga i utfordringen, dei kan du finne her.

fredag 8. juni 2012

dagens prosjekt:


...beising av verandaen. 
Christian snekra veranda i fjor og rekkverk forrige veke, eg har mala veggane (som har vore raude to år lenger enn resten av huset...) 
og idag beisar eg verandaen, så no er den snart klar til bruk! 
Er litt usikker på om fargen er litt for grå, men slik blir det iallefall:) 

ha ein fin fredag!

torsdag 7. juni 2012

hurra for...



...hurra for bloggen "livets små øyeblikk"! kvifor?

1: fordi det er ein flott og inspirerande blogg på mange områder, og spesielt på nettopp livets små øyeblikk. "Helt vanlige øyeblikk i en litt annerledes hverdag", presenterer ho bloggen sin som. Absolutt absolutt verdt eit besøk! Seinast i går vart eg glad av å lese denne bloggen!

2: fordi denne bloggen vant trekningen om å vinne 
give-awayen vår! gratulerar!!!

Skilt og bilderamme-hjerte kjem i posten til deg så fort eg har fått adressa di på mail:) 
(brittkirsti@hotmail.com)

Me hadde ein skikkeleg høgtideleg loddtrekning i ettermiddag, og storesnuppa fekk trekke vinnaren. Faktisk så syns eg det var så koseleg å ha ein gi-bort, at eg slengte på ein bitteliten andrepremie idag! Og da var det veslesnuppa sin tur til å trekke;  


Var litt vanskeligare å få foreviga denne lappen på bilde, men:) 
Vinnaren av andrepremien var
Dette er ein blogg eg faktisk akkurat har begynt å følge, for nokre dagar sidan da ho posta innlegget
 "du er vakrest når du er deg selv." på foreldremanualen.no. 
Eg likte innlegget, og resten av bloggen godt, og anbefallar deg også ein tur innom denne! 
Ein liten pakke kjem i posten til deg også, når eg har fått adressa di:)

Når loddtrekningen var over, syns storesnupp dette var så morro, at ho har trekt både 3., 4., 5. osv plass, så viss du lurer på kor nær du var å vinne, så berre ta kontakt.. he he:)
Tusen takk til alle som var med, 
tusen takk for alle koselige kommentarar, 
og velkommen til nye følgarar!!

Ha ein fin kveld! 
klem

onsdag 6. juni 2012

hagen gjennom sommaren, del 1

eg er igrunn ikkje så veldig blomster-interessert, og har absolutt ikkje grøne fingrar, men eg likar å ha det grønt og frodig rundt meg ute, med nokre innslag av blomstrar, helst i rosa, kvitt og lilla.
For kvart år som går så syns eg faktisk det blir meir og meir morro å følge med på utviklingen i hagen, og har stadig tenkt at eg vil dokumentere dette på bilder. Både fordi utviklingen som skjer "av seg sjølv" er fasinerande, og fordi det kan hjelpe meg med vidare hageplanlegging når eg ser kor det blomstrar når. Dokumenterar det like godt her på bloggen eg:)

Så til ein heilt anna ting; eg syns det er så utruleg koselig med alle kommentarane fra dykk, dei gjer meg veldig glad, og gjer det ekstra morro å blogge! Ofte har eg lyst til å svare på dei, men tenker at sikkert ingen går inn igjen på innlegget etter å ha kommentert og får med seg svaret, så derfor har eg ikkje brukt den svarfunksjonen. MEN no tenkte eg å begynne å bruke den alikevel, spesielt på kommentarar fra dikka uten blogg, og for å svare på spørsmål, så fra give-away-innlegget og utover, kan det vere svar å få, hehe:)

Og apropos give-away, siste frist til å delta er i morgon kl 12, etter det blir det høgtideleg trekning av storesnuppa og meg:)

mandag 4. juni 2012

panorama


Her kjem nok eit bilde fra den fiine fine heimbygda mi. Mandagstema hjå "alt som er vakkert" er panorama, og da måtte eg berre få vist fram det einaste panoramabildet eg har:)




Ha ein fin dag!

søndag 3. juni 2012

gipskunst:)

Som nevnt, har husbond akkurat bygd eit musikkstudio
Under gipsplate-prosessen hadde snuppa vår, som da var tre-og-et-haaalt, eit kunstprosjekt på gang.  Alle gipsplate-kapp som var til overs vart utsmykka med blyanttegningar, og planen var at ho skulle ha ein kunstutstilling der besøkande (dvs mor og tante) kunne kjøpe kunsten. For å spare dei for ein noko upraktisk kunst, kan dei no heller kjøpe foto av kunsten 
(mens den originale kunsten ligger i containeren...) 
Måtte berre vise dykk eit utvalg;  :)


Er ho ikkje flink, den vesle kunstnaren vår? :)

Og har du ikkje blitt med på give-awayen, kan du fremdeles vere med her. Trekning 07.06.
Håpar du får ein fin søndag!


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...