torsdag 31. mai 2012

lyseblått til lysegrønt

...og spesielt dei duse nyansane mellom,er eg veldig glad i. Forrige veke var eg og svigermor ein tur på Søstrene Grene, og plutselig hadde me enda meir blå-grønt i heimen:)
Idag har eg tatt ein fotosafari blandt det blågrønne:
Fra søstrene Grene



Dette er ei av skissene bestemora mi tegna på "Den kvinnelige industriskole i Oslo" i 1933. Denne pyntar opp i sykroken min.


Ein av to favorittservise, arva fra familien til Christian. Det morsomme er at mugga fann eg heime hjå min familie, og akkurat det mangla i serviset vårt. 
Så Christian og eg, me utfyller liksom kvarandre, he he:)


Skilt på sikringsskapet i gangen


...og stoff som ventar på å bli ballongbukser og toppar (håpar dei ikkje må vente så mykje lenger...)


Ha ein fin dag!

tirsdag 29. mai 2012

Give away

No har eg lenge tenkt eg ville ha ein give-away, men 
ting tar tid med meg:)
Iallefall, her er ein liten gi-bort, kjøpt på den veldig koselige butikken Hvite Drømmer, som me er så heldige å ha her i byen. 
Eit sinkskilt med aftenbønn på, og ei lita hjerteramme i tre som heng i eit silkeband. 

For å vere med i trekningen av dette kan du skrive ein kommentar under dette innlegget, da får du 1 lodd. 
I tillegg kan du få eit ekstra lodd ved å vere- eller legge deg til i følgarlista til høgre. Det gjer du ved å klikke på "bli medlem"-knappen. 
Viss du ikkje har blogg, er det fint om du skriver mailadressa di i kommentaren, slik at eg kan ta kontakt viss du er den heldige vinnaren:)

Trekning blir torsdag 7.juni

God natt!:)

mandag 28. mai 2012

summer feeling


Mandagstema hjå Alt som er vakkert er denne gangen "sommerfølelse", og da fekk eg lyst å poste eit mobilbilde eg tok tidligare idag, når me var ute og gjekk ein liten tur. Vår vesle søndagstur i nyyydelig vær gav sommarfølelse på godt og vondt, og når turen var over etter 20 minutt var det ei som var tørst, varm og sliten:), og me hadde sett 3 ormar langs vegen...
Da var det godt å komme heim til vårt oppblåsbare badebasseng som endelig var klart til bruk:)

ps. Neste innlegg blir ein give-away!
ps2. I mellomtiden kan du delta i give-awayen til Hjertespor, og ikkje minst rett og slett berre lese bloggen hennar. Ho skriver så utruleg fint og sterkt om ting som setter spor i hjertet!

No er det natta her, om 4-5 timar (viss eg er heldig) vaknar ein liten bebis:) 

fredag 25. mai 2012

déja vu

Dette kan me vel kalle gjenbruk:


17.mai 2008 og 17.mai 2012:)

Ønsker deg ei fin pinsehelg, og håpar du kan nyte det fine været!

tirsdag 22. mai 2012

...og sånn...

-tilbake på bloggen og tilbake i Nøkkeldalen etter fin 17.mai-langhelg i Sogn!
Me starta 17.mai feiringen kl0330, med ein 8 timers køyretur. Toget hadde akkurat gått forbi når me kom fram, men det gikk bra, sidan me tilfeldigvis fekk med oss eit tidlig 17.mai tog på den eine do-pausen vår:) Resten av dagen vart feira med familien.

















Resten av helga kosa me oss på heimplassen min, med kvalitetstid med familie og venner. Ein ordentlig søndagstur i nydelig vær vart det óg, da heile familien reiste på stølstur.

Naturen er rett og slett nydelig der (heilt objektivt sett:)), og bilder vart det masse av. Denne gangen var det Christian som sprang mest rundt med kameraet og fanga "fjords and fjells" og andre ting:)

torsdag 10. mai 2012

sånn!

da har eg bestemt meg for å rett og slett ta ein pause fra internettet til over
17.mai. Ein liten avvenning, rett og slett, sidan det er litt masse på to- do lista no, og tydeligvis veldig vanskelig for meg å begrense tiden eg brukar på nettet. skal berre, skal berre....bloggar, facebook, div, div div. 15 minutt her og 10 minutt der mange ganger om dagen, tar meir av dagane mine enn eg har lyst til. Hadde bestemt meg for å ikkje vere på nettet når eg er sammen med snuppene og sånn óg, men jammen sit eg her og surfar med jentene rundt meg til dei blir utålmodige. Så når eg ikkje klarar å følge restriksjonane mine, får eg kutte tvert nokre dagar:)

Ønsker dikka fine maidagar, og så "snakkast" me:)

bildet er fra pinterest.com

tirsdag 8. mai 2012

award!

Bloggen vår har vore så heldig å få ein award fra Kristin med bloggen Familiegleder. Veldig koselig Kristin, tusen takk! 
Kristins Familiegleder er ein kjempefin blogg som eg anbefalar deg å ta turen innom.



Idag har Synøve og eg m.a vore på besøk til ei venninne og hennar skjønne bebis, og fått både kvalitetstid og deilige kaker (tusen takk!):) 
På bordet hadde ho nyyydelige pionar, 
og inspirert av det blir det eit pionbilde her idag. 
Dette er fra weheartit.com

mandag 7. mai 2012

kremmerhusetfavorittar

Bloggen til kremmerhuset vil sjå våre kremmerhusfavorittar. Eg syns det er veldig masse fint i butikken, men dei tre tinga på bildet er vel kanskje favorittane her heime.
Etasjefatet er alltid framme, og dei skjønne stettglasa er eg glad i å dekke med, spesielt på sommaren. Det dei står oppi veit eg ikkje ein gang kva eg skal kalle, og heller ikkje heilt kva eg skal bruke det til så det kjem til sin rett, men eg syns det var så sjarmerande at eg måtte berre ha den. Forslag til bruk mottas med takk:)


Andre kremmerhusfavorittar kan du sjå her.

søndag 6. mai 2012

favorittstemor

Eg har funne min favorittstemorsblomstfarge, og det er den på bildet. Lyseblå og fin, og har havna på trappa vår:)

Idag har Christian spelt i ein dåp, mens Ingrid var medhjelpar (!), og Synøve og eg sov ut etter ei natt med sikkert fleire kilometer tilbakelagt på stovegolvet.
Etterpå har me kosa oss i badeparken. Og så ser eg at eg har fått ein award til, og det var jo veldig koselig!! Eg kjem tilbake til den i neste innlegg.



Nyt søndagskvelden, og ha ei fin veke!
klem

fredag 4. mai 2012

tiden

Fyrst telde me dagar. Så telde me veker. Så telde me månadar. -og no er me jammen igang med å telle halvår! Vesle koseklumpen fylte eit halvt år på mandag.

Eg syns eg merkar enda bedre at tiden går fort når me har ein slik mini-mini, som stadig er i forandring. Og eg tar meg sjølv i å kvar måned bli nesten lei meg over at " ånei, no har det gått enda ein måned, no er du enda litt nærmare å vere ferdig med babystadiet, og enda kortare tid igjen av permisjonen".
MEN egentleg så vil eg tenke "så bra at me har det så godt at tiden går fort! Så heldig eg er som er heime med skjønn baby og enda skal vere heime i fleire månadar!!! og så bra at at ho er frisk og veks og utviklar seg!" Dette trenar eg på. Og eg trenar på å fokusere på å nyte nuet, og ikkje bruke energi på alt som er forbi og alt som skal bli. Eg treng masse meir trening, men eg er igang:)

"Dagen idag er morgendagen du drømte om igår" kinesisk ordtak
Ønsker deg ei god helg med masse "nu"! :) klem

torsdag 3. mai 2012

kjære søskenbarnet mitt!

Så fin sandkasse du har fått deg, eg gledar meg til å leike med deg i den snart!
"se hva jeg har fått meg da Dadda! (jeg tenkte det var litt koselig viss jeg kalte deg Dadda tilbake)" :)

klem fra ingrid-dadda:)

onsdag 2. mai 2012

hekleteppe og award


Inspirert av denne og denne bloggen, og denne boka, er eg no igang med å hekle teppe. 
Det er kjempemorro, og vanskelig å 
legge fra seg, men etter 117 lappar skal eg nok bli forsynt:)
På søndag fekk eg ein hyggelig melding fra Sol med den koselige bloggen Sol og Glede, om at eg hadde fått ein award på sida hennar! Awarden fungerar slik:

1. Du skal linke tilbake til den du mottok awarden frå.
2. Du skal sende den vidare til 5 andre bloggar som har mindre enn 100 følgarar.
3. Du skal svare på 5 spørsmål.

Hvorfor begynte du å blogge?
To grunnar; for å oppdatere familien på vestlandet litt om kva som skjedde her med bilder. Og fordi eg begynnte å bli hekta på å lese bloggar og hadde lyst til å prøve litt sjølv for morro. No er bloggen ein blanding av familieoppdatering, framvisning av fullførte hobbyprosjekt, litt tankar, bittelitt interiør, og litt diverse:)

Hvilke blogger følger du?
Til å begynne med følgde eg kun interiørbloggar, men no er eg og veldig glad i bloggar til ettertanke, sy- og scrappebloggar, og bloggar om familielivet. Best likar eg bloggar som inneheld både inspirasjon og tankar på ein gang, ja takk begge deler:)

Hva er favoritt fargen din?
Støva aqua og andre duse turkisfargar er for øyeblikket favoritten. I tillegg er eg alltid glad i lillafargar i ulike nyansar. 


Hva er favoritt filmen din?
Den sjette sansen

Hvilke land drømmer du om å besøke?
Hellas, Irland, Caribien, og ny roadtrip i USA

Eg sender awarden vidare til desse bloggane, som eg likar veldig godt:
(og det er sjølvsagt frivillig å svare)



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...