søndag 7. april 2013

ny kjole

Eg har sydd ein kjole til storesnupp, og faktisk så er både eg og ho fornøyde med resultatet:-)
Eg elskar denne lilla(-rosa?)-nyansen, og neste prosjekt blir like selekjolar til jentene i det stoffet.






(på bildene poserar storesnupp for "avisene", etter å ha spelt teater for veslesnupp og meg) :)

torsdag 4. april 2013

vår!



               


I går fann frøken storesnupp sine fyrste blomster,
+idag har eg ete lunsj på verandaen.
=
no er det vår! hurra:)

tirsdag 2. april 2013

knekkebrød

Me har bestemt oss for at april skal bli ein sunn måned! Ete sunnare, mor og far har ein trim-avtale, og laurdagsgodt høyrer kun til laurdagar! Rett og slett for å få meir energi, og å gjere kroppen glad! Viss me klarar å følge "reglane" ut april, ventar ein opplevelsespremie som er morro for alle 4:)


....jada, det er jo langt fra fyrste gangen me setter igang med sunnare regimer, og ja, dei har glidd ut gang på gang, men sånn er det, og alt er bedre enn ingenting tenker eg. Eit tidsavgrensa mål med premie har me derimot ikkje hatt før, kanskje det gjer susen?! :)


Uansett, det eg egentlig ville fortelle, er at i dag har eg laga knekkebrød, og dei er så gode, sunne og raske å lage, at eg berre må anbefalle oppskrifta!
Oppskrifta finn du her, på den koselige bloggen silje-sin.

Ha ein fin kveld!:)




mandag 1. april 2013

fin påske

Nokre bilder fra påskeferien vår, som starta kl 03 natt til torsdag. Da køyrde me til Sogn til familien min, og har hatt fine dagar der i strålande sol.



 






Gledelige gjensyn, spaserturar i nydelig natur (ja eg er subjektiv, men hadde meint det om eg var objektiv òg:)), fotografering av nydelig natur (noko spesielt Christian er god på, som har tatt og redigert dei fyrste 4 bildene), masse god mat og kaker, aketur, påskebasar, påskekylling-perling, påskeegg, inspisering av bror m/familie sitt kommande hus, snille ungar i baksetet, leie ungar i baksetet, og flott køyretur over Hemsedalsfjellet. Fin påske.

Og denne fine mannen fylte år! 
-og vart feira med taco og ostekake hjå bror min og kona:)

Snart er det kvardag igjen, og det er igrunn fint det òg, alt til sin tid:)



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...