Viser innlegg med etiketten leikestova. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten leikestova. Vis alle innlegg

mandag 6. august 2012

på hyttetur

Ikveld er Christian og storesnupp på hyttetur, i leikestova. Eg høyrde kviskring og fnising om å ta med godteri, så eg trur dei kosar seg:) 


Ipaden er med. Visstnok til pippi- og prinsessefilmar på youtube:) 

Minstesnupp fekk konstantert kikhoste idag, og har nok hatt det dei siste 14 dagane (og ikkje minst nettene...), så me held hus og prøver å samle sammen litt søvn her.


Idag trur eg me har slått alle rydderekordar, storesnupp og eg (og veslesnupp....) har rydda storesnupp-rommet fra frukost og til legging, og er enda ikkje ferdige. Da snakkar me lite effektivitet, og masse rot og at ALT ein ser kan jo vere ein skatt eller kjekt å ha.  Føler iallefall at for kvart sånnt røsk ein tar, så kjem ein litt nærmare eit system som kan fungere. Samtidig så har eg erfart at FOR masse system på eit barnerom funkar dårlig.  
Nokon som kjenner seg igjen? Gode råd til oppbevaring og orden på barnerommet mottas alltid med takk!:)

God natt! 

onsdag 18. april 2012

vis meg din kommode

Myke minutter har utfordringen "vis meg din kommode". 

Her ser du jentene sitt "kommodelignande møbel", som fungerar som kjøkken i leikestova. Kommoden er kjøpt på bruktbutikken, og da var den brun med ein trist knott på. 
Rosa har den blitt, og ny knott har den fått, og så vil tiden vise om eg nokon gang får somla meg til å malt på nokre kokeplater.


Sjå dei andre bidraga her



Sjå dei andre bidraga her

søndag 8. april 2012

god påske!

Håpar du har hatt ein fin påske! 
I dag er dagen for gode nyheiter i påskebodskapen!


Me starta påsken med dåp og koselig familiebesøk fra Sogn, deretter har me tatt det ganske så med ro. Heldige har me vore og fått ein del gode venner innom som har hjelpt oss med å bli kvitt dåpskakene:)


To strikka eggevarmarar står på kjøkkenhylla og ønsker god påske! Kanskje blir dei fleire til neste år, og kan dekke eit heilt frukostbord?
Idag pakka me sekken med pølser, kvikk-lunsj, appelsiner og sitteunderlag, og hadde planar om ein god gåtur opp i skogen, men sola forsvant, og formen forsvant (har, som hjå så mange andre i påsken, vore litt sjukdom her i huset òg), så da vart det hyttetur istadenfor; i leikestova 10 meter fra huset:) Faktisk veldig koselig, og varmt og godt etter at sola hadde varma den tidligare på dagen! Det enkle er ofte det beste!

Og frøken snupp (storesnupp) fartar på, og er no på sitt andre overnattingsbesøk i ferien. Stor stas å pakke sekken og dra avgårde (sjølv om det i kveld berre var ca 300 meter avgårde, til "mor").
Onsdag hadde ho sitt fyrste overnattingsbesøk hjå ei venninne. Ho gjennomførte, og me var veldig stolte! Skjønningen ville ha med eit bilde av mamsen og papsen sin, og det hadde ho ligge og holdt på til ho sovna:)


Når ho kom heim fra overnatting, hadde påskeharen vore her. Han kjem litt ekstra tidlig her i Nøkkeldalen, har me bestemt:) 
Desse skjønne egga, som påskeharen hadde kjøpt på Rema 1000, hadde han med, i tillegg til ein dvd om påskehare-sønnen som heller ville bli rockestjerne enn å overta imperiet (men det gikk bra til slutt)!

Ønsker deg ein fin kveld! Her skal eg ta ein ordentlig bloggrunde, for det er lenge sidan sist no, og så skal eg og husbond sjå nokas-filmen etterpå. Sjølv om ein er i permisjon og er heime kvar dag, så er det jammen deilig og forskjell med ferie alikevel!! 


søndag 22. januar 2012

kjære bestemor og bestefar!

Igår kom det snø, og i formiddag har mamma, pappa og eg leika i snøen, 
mens Synøve låg og sov i vogna si. 


Eg kasta snøball på pappa,


...me bygde snømannen (!) Kalle,


...eg fann ut at det var på tide å måke taket mitt, 

...og så laga eg snøengel og aka på skikjelken min.

Håpar de óg har hatt ein fin dag! 
Klem fra Ingrid

onsdag 15. juni 2011

leikestova


På tide å få vist fram leikestova, spesielt til dei som bygde den og kun har sett den umalt og umøblert. Me hadde eit koselig langhelgsbesøk frå Ornes i fjor sommar, og mens mamsen og papsen var på jobb, bygde I sin bestefar og onkel hus, og bestemora og tante R var barnevakter. Veldig bra! 







Etterkvart har me fått malt den, innreda, og min mann elektrikaren har til og med lagt inn straum, så her skal ingen fryse eller bli mørkredd:)



Her blir det diska opp med mange deilige rettar og dekka og servert. Det fyrste som skjer kvar gang I har besøk her, er at gardinene blir trekt for og døra lukka. Ikkje veit eg om det er oppskriftene som er hemmelige, eller kva det er!:)

Dette er også feriehuset vårt, og på laurdag-søndag hadde me årets fyrste ferietur her. Veldig koselig, men null sovekomfort. Her må det settast inn tiltak viss huset skal bli brukt som gjestehus ein gang. Me kjøpte nemlig ekstra stor leikestove for at det skulle evt. vere plass til overnattingsgjester her.

 Dei kvite stolane og bordet er fra Skeidar, resten på bildet er bruktfunn. Blomstrane er frå ein koselig spasertur I og eg hadde på søndag. 





Kjøkkenet og hylla er bruktfunn som eg har malt, bytta knott og skrudd i litt krokar på. Kjøkkenet skal det òg malast kokeplater på etterkvart.. 
Tinga er eit sammensurium av bruktfunn, søstrene Grene, div leiker I hadde fra før, håndlaga krum-kakeform fra pappan min, og muffinsane har eg sydd. 
























Og dette bildet henger over senga/sofaen (som faktisk er ein god gammaldags divan frå Sogn). 
Bildet hadde eg over senga mi på barnerommet heime, og eg syns det er så fint, både å sjå på, men òg budskapet i det. Me treng stadig litt englevakt, og spesielt dei søte små som stadig er ute på eventyr:)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...