fredag 18. november 2011

Gjærbakst i mange variantar

I går hadde I fridagen sin fra barnehagen, og da kosar me oss ofte med litt baking. I går var det gjærbakst, og da blir det som regel dobbel oppskrift og fleire variantar. I går ville eg lage prinsessekake med vaniljekrem og bringebærsyltetøy, bollar med samme ingrediensar, og solskinnsbollar, mens I ville lage små bollar i mini-muffinsformer, og kakemannfigurar pynta med rosa kakepynt-restar fra bursdagen.   Ja, så da vart det 5 variantar da, og smakte godt gjorde det òg! :)
prinsessekake

Oppskrifta me brukte på gjærdeigen var fra Leila Lindholms "a piece of cake", som har blitt mi nye favorittkokebok. Oppskriftene er gode, og dei har ofte ei koselig innleiing. Dessuten er det veldig masse inspirerande bilder i den, akkurat etter min smak, og litt sånn stil som eg ønsker å ha på kjøkkenet når me ein gang pussar det opp:) 

I tillegg har eg akkurat fått 2 kjekke gjærbakst-tips fra ei venninne, som eg trur har gjort susen;
-elte deigen i kjøkkenmaskin til den ikkje klebar (ca 10 min?)
-heve ferdiglaga gjærbakst 10 minutt i ovnen på 100 grader. 

Håpet er å ein gang kunne lage grove rundstykker som fremdeles er saftige dagen etter (dette har eg ikkje prøvd etter eg fekk desse 2 tipsa, så det går jo an å håpe)! 
Fleire tips mottas med takk:)


Tusen takk for dei koselige gratulasjonane på "blessed and gratefull"! Bebis har det fint, og om ikkje lenge kjem det eit lite blogginnlegg fra ho:)

Håparhelgadiblirfin!klem

søndag 13. november 2011

rosa og lilla

Ein dag eg rydda og vaska storesøster sitt rom, fekk eg lyst å forevige det sånn. Både fordi dette rommet har ein tendens til å ikkje holde seg så ryddig som akkurat da, OG fordi eg tenker barnerom stadig er i forandring mtp kva møblar/leiker/fargar/interesser eit barn har i dei ulike aldrane. Feks. kommoden som her er avbilda (og som egentlig er ein stellekommode), forsvant like etterpå ut av rommet og inn på babyrommet, for å fortsette livet sitt der nokre år, mens neste møbel inn på dette rommet sannsynligvis blir ein skrivepult. For litt over eit år sidan var det sprinkelseng her, no er det "voksenseng" som I så stolt kalla det. Altså; barnet er stadig i utvikling = barnerommet er stadig i utvikling, og nostalgikar som eg er, måtte eg feks no forevige korleis I sitt rom såg ut når ho var 3&4 år, for å ha det til eit minne når ho blir større:)



Gyngestolen hadde eg når eg var liten, og da var den mørkegrønn beisa:) Sengeteppet laga bestemor til meg når eg var liten, og det er eg veldig glad i! Og bamsen i gyngestolen, -den har husbonden hatt når han var liten. Koselig å kunne bruke sånne ting om igjen. 
Strikkejakka I hadde når ho var nyfødt. Den (og veldig mykje anna fint) har farmora hennar strikka!
Og utsikten fra rommet.... Den er foreløpig ein barkhaug som etterkvart (forhåpentlegvis) blir grønare og grønare.  For øyeblikket er den full av elgspor og rådyrspor, som du ser nede i venstre hjørne. Det er sjarmen med å bu i skogen:)

    

 
Ha ei fin veke! 

fredag 4. november 2011

blessed and gratefull!




Mini-snuppa vår kom natt til søndag, og me føler oss veldig veldig heldige, som har fått desse to fantastiske!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...