Hurra for paps som fyller ditt år!! :)
klem fra I og BK
Endelig har eitt av dei 1000 hobbyprosjekta eg har i hovudet blitt utført!! Denne kjolen har eg planlagt og handla inn til for alt for lenge sidan, men så har det vore kaos i sysakene alt for lenge.-heilt til me i februar pussa opp og omorganiserte vaskerommet til eit vaskerom med ein adskilt, deilige sykrok. Så no er stoff og alle andre godsaker lina opp i hyller, og inspirasjonen er større enn nokon gang, nesten til det usunne der eg går på jobb med konsentrasjonsvanskar fordi eg tenker på alle syprosjekta som eg vil gjennomføre på kortast mulig tid....
I tillegg har eg sydd nokre sanse-/sutteklutar til eit par bebisar. Denne har eg henta inspirasjonen til fra denne superinspirerande bloggen: putitinabox.blogspot.com.
Det er babyboom blant venner og familie i år, og det kunne ikkje vore tima bedre i forhold til min nyervera sykrok!! :) |
Huset vårt, midt inni skogen:) bak til høgre viser det som skal bli husbondens musikkstudio, fjorårets nybygg nr 1 |
Fra hagen på baksida av huset. Denne er for øyeblikket desidert finast MED snø... |
Garasjen og innkøyrsla rett bak bilen. Bildet er tatt fra inngangsdøra vår. |