Rosa tyllskjørt, som skal på karneval i morgon,
er brukt som bakgrunn:)
Nokre småkvistar står i kjøkkenvinduet. Den vesle mugga er eg så glad i, og blir brukt til småblomstrane snuppa vår kjem inn med om sommaren:) Kjøpt på loppemarked i Danmark.
Her har me jentene sådd lavendel, jordbær og cherrytomater i melkekartongar i ettermiddag, og gledar oss til å følge med på utviklingen. Syns det er veldig fasinerande det som skjer på våren, og snuppa sammenligna frøa med så liten som ho var inni magen til å begynne med, og det er enda meir fasinerande å tenke på!
ønsker deg som er innom ei fin veke!


