tirsdag 30. oktober 2012

hurra for søta på eitt år!

Kjære skjønne Synøve, gratulerar med din fyrste bursdag!!

Tøysejenta, kosejenta og sjarmøren vår:)





smask <3

klart til 1-års feiring

Tenk idag fyller minstesnuppa sitt fyrste år! Skulle vore novemberbarn, men ho ville vere oktoberbarn ho óg, så da er ho oktoberbarn nr 4:)
Bordet er dekka, for ein sånn koselig jobb kan ein ikkje spare til dei (alltid...) kaotiske minutta det blir like før gjestene kjem.
Storesnupp har site og pakka inn nokre leiker ho har vokst ifra, for ho ville gi noko ho hadde ordna sjølv i tillegg til den gava me hadde ordna fra ho:)

Bilde av jubilanten kjem seinare idag, no er det formiddagslur-tid, og eg må hive meg rundt og lage mat og kake!

lørdag 27. oktober 2012

bestilling ferdig

På bondens marked kom det ei søt og hyggelig mamma som handla fleire knyttebukser til sin skjønne baby! I tillegg bestillte ho dette:




Buksa har óg eit hjerte bak på rompa, for det er jo så søtt når dei krabbar rundt:)




                   Siklesmekker hadde eg aldri sydd før, så det var eg litt spent på korleis skulle gå. Det endte iallefall med eg fått dilla på å sy sånne smekker, så snart vil eg lage eit lite lass til julemarkedet og eplabutikken.



Ønsker deg ei god helg!



onsdag 24. oktober 2012

Bursdag, bursdag, bursdag, og litt fødsel

I dag har eg stort sett holdt senga/sofaen m forkjølelse, og da passar det bra m litt blogging!

Tusen takk for dei koselige gratulasjonane til storesnupp og meg!!
Som nevnt er jo oktober den store bursdagsmåneden, og det er ikkje berre her i heimen. I går var storesnupp i sin fyrste av 5 bursdagar i løpet av halvanna veke... Da passar det bra at eg hadde storproduksjon av bursdagskort (og nyfødtkort) i helga. Under ser du litt av resultatet:)

mandag 15. oktober 2012

søndag 14. oktober 2012

oktoberbarn nr 2

Idag har det vore storesnupp sin dag! 


Hipp hipp hurra 
for snille, fine, morsomme jenta vår, 
som er blitt 5!!!

Oktoberbarn nr 1 var mamma/bestemor, og no er det bursdagar på løpande band framover, for her i huset er me 3 bursdagsbarn:)

onsdag 10. oktober 2012

gratulerar!!!

Kjære bestemor!
Gratulerar med dagen idag!!!! 


"si gratulere med dagen".
klem Ingrid & Synøve 
ps. mamma og pappa helsar òg!

tirsdag 2. oktober 2012

appaman

Desse to fine frøknene har nettopp vore så heldige å få ein heil pose med Appaman-klær, og eg diggar dei (ja både frøknene og klærne)!

                             

Appamanklærne er designa av søskenbarnet mitt, som bur i New York, og me har fleire ganger fått klær til jentene fra han og kona. Veldig snillt av dei, og veldig morro for oss!
Sjekk gjerne ut www.appaman.no
Trykk på "presse", så kjem det faktisk mange bilder av kjendisbarn som brukar desse klærne. Litt morro det óg, syns eg:)

Fin kveld til deg! Her skal det googlast og planleggast smurfebursdag:)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...