Viser innlegg med etiketten DIY. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DIY. Vis alle innlegg

mandag 13. februar 2012

oppbevaring på barnerommet


Kjenner du Alf Prøysen sin sang "julepresangen", om Jensenmann som skulle lage sybord til mamman sin, men endte opp med ei spekefjøl når han var ferdig med all høvling og saging? 
Litt sånn vart det når me kjøpte eit oppussingsobjekt av eit klesskap til babyrommet. Det viste seg etterkvart at skapet var i sånn stand at me bestemmte oss å heller berre ta brukbare deler av det, og kassere resten.
Me endte opp med 3 skuffer med nydelig lilla knottar, som på cm passa perfekt under senga til storesøster som sårt trengt oppbevaringsplass. Eit malingsstrøk, og å skru på små hjul bak på skuffene (sistnemnde står fremdeles på to-do-lista) var alt som skulle til. Og skapet var så billig, at skuffene var absolutt verdt prisen uansett:)

søndag 29. januar 2012

ingenting tingeling (kostyme DIY-tips)

Storesøster elskar å kle seg ut, og ganske ofte er det Tingeling me får besøk av! Denne kostymen laga eg i haust, etter denne DIYen. Den var ganske lett å lage, og eg anbefalar eventuelle syinteresserte å ta turen innom den inspirerande og lærerike bloggen makeit-loveit. Her er mange tips og instruksjonar, på både div kostymar og andre ting. 
Det stiligaste var vingene syns eg, som er raskt å lage av 2 metall-kleshengarar, ei strømpebukse og litt buksestrikk, og dei slo veldig an hjå frøkna:) 



Februar er vel karnevalstid, og det spørs om det ikkje er Tingeling som tar ein tur i barnehagen på årets karneval! 

 Håpar du får ei god veke, med eller uten vinger:)

søndag 28. august 2011

Dørkrans

Eg syns det er koselig med dørkransar som passar til årstidene.  Hugsar ikkje kor, men ein eller anna plass på det store nettet fant eg inspirasjon til å lage denne lettvinne røsslyngkransen. Røsslyng har ein nydelig lillafarge syns eg, og sidan me bur i skogen, er me heldig å ha masse røsslyng rundt omkring på tomten!


Ha ein fin søndag!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...