Igår har hadde Wilberg studio sitt fyrste bandbesøk!! Det kan du lese meir om på Wilberg Studio si facebookside:)
Og eg og jentene kosa oss inne i regnvéret. Eg fekk endeleg somla meg til å montere og vaske leikegrinda til Synøve, og ho (og Ingrid) storkosa seg oppi der!
Ingrid og eg sette igang med eit album som me har som fellesprosjekt: "boka om Ingrid og far". Far er altså farfar, som me mista i mars. Han og Ingrid hadde eit veldig godt forhold, og derfor vil me samle minner i form av bilder, tekstar og tegningar slik at Ingrid kan ha dette albumet å mimre i. Dessuten tenker eg at å lage det sammen blir ein del av sorgprosessen. Det er fint å ha gode minner å sjå tilbake på når ting er trist! :)
Men idag er det på tide å vere litt seriøst husmor nokre timar mens Synøve-mor søv, DET kan trengast!
Ønsker deg ein fin dag! klem
Viser innlegg med etiketten Wilberg Studio. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Wilberg Studio. Vis alle innlegg
mandag 25. juni 2012
søndag 3. juni 2012
gipskunst:)
Som nevnt, har husbond akkurat bygd eit musikkstudio.
Under gipsplate-prosessen hadde snuppa vår, som da var tre-og-et-haaalt, eit kunstprosjekt på gang. Alle gipsplate-kapp som var til overs vart utsmykka med blyanttegningar, og planen var at ho skulle ha ein kunstutstilling der besøkande (dvs mor og tante) kunne kjøpe kunsten. For å spare dei for ein noko upraktisk kunst, kan dei no heller kjøpe foto av kunsten
(mens den originale kunsten ligger i containeren...)
Måtte berre vise dykk eit utvalg; :)
Er ho ikkje flink, den vesle kunstnaren vår? :)
Og har du ikkje blitt med på give-awayen, kan du fremdeles vere med her. Trekning 07.06.
Håpar du får ein fin søndag!
søndag 22. april 2012
ferdig!!!!!
Etter 1,5 år med skyting, planering, snekring, kobling og maling, er Wilberg studio ferdig!
Christian har vore kjempeflink og gjort alt innvendig sjølv, med doble veggar og rare vinklar på romma (visstnok viktig for lyden), til tross for at han aldri har bygd noko før. Så da har me 70 kvm med musikkstudio i hagen da, og det er morro:)
Eit lite bilderas:
Christian har vore kjempeflink og gjort alt innvendig sjølv, med doble veggar og rare vinklar på romma (visstnok viktig for lyden), til tross for at han aldri har bygd noko før. Så da har me 70 kvm med musikkstudio i hagen da, og det er morro:)
Eit lite bilderas:
onsdag 22. februar 2012
snart...
Snart kan du bli invitert innafor denne døra:
Husbond er over middels interessert i musikk, og held rett og slett på å bygge eit eige musikkstudio.
Wilberg Studio er navnet, og har holdt på i kjellaren nokre år, men no blir det altså eit eige hus;
5 rom,
70 kvadratmeter,
og snart er det ferdig..... :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)









