Viser innlegg med etiketten strikka. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten strikka. Vis alle innlegg

søndag 8. april 2012

god påske!

Håpar du har hatt ein fin påske! 
I dag er dagen for gode nyheiter i påskebodskapen!


Me starta påsken med dåp og koselig familiebesøk fra Sogn, deretter har me tatt det ganske så med ro. Heldige har me vore og fått ein del gode venner innom som har hjelpt oss med å bli kvitt dåpskakene:)


To strikka eggevarmarar står på kjøkkenhylla og ønsker god påske! Kanskje blir dei fleire til neste år, og kan dekke eit heilt frukostbord?
Idag pakka me sekken med pølser, kvikk-lunsj, appelsiner og sitteunderlag, og hadde planar om ein god gåtur opp i skogen, men sola forsvant, og formen forsvant (har, som hjå så mange andre i påsken, vore litt sjukdom her i huset òg), så da vart det hyttetur istadenfor; i leikestova 10 meter fra huset:) Faktisk veldig koselig, og varmt og godt etter at sola hadde varma den tidligare på dagen! Det enkle er ofte det beste!

Og frøken snupp (storesnupp) fartar på, og er no på sitt andre overnattingsbesøk i ferien. Stor stas å pakke sekken og dra avgårde (sjølv om det i kveld berre var ca 300 meter avgårde, til "mor").
Onsdag hadde ho sitt fyrste overnattingsbesøk hjå ei venninne. Ho gjennomførte, og me var veldig stolte! Skjønningen ville ha med eit bilde av mamsen og papsen sin, og det hadde ho ligge og holdt på til ho sovna:)


Når ho kom heim fra overnatting, hadde påskeharen vore her. Han kjem litt ekstra tidlig her i Nøkkeldalen, har me bestemt:) 
Desse skjønne egga, som påskeharen hadde kjøpt på Rema 1000, hadde han med, i tillegg til ein dvd om påskehare-sønnen som heller ville bli rockestjerne enn å overta imperiet (men det gikk bra til slutt)!

Ønsker deg ein fin kveld! Her skal eg ta ein ordentlig bloggrunde, for det er lenge sidan sist no, og så skal eg og husbond sjå nokas-filmen etterpå. Sjølv om ein er i permisjon og er heime kvar dag, så er det jammen deilig og forskjell med ferie alikevel!! 


onsdag 5. oktober 2011

babyteppe og jobb-bytte

Igår hadde eg min siste dag som fysioterapeut, før eg går over i eit års fulltidsstilling som mamma og husmor. Litt rart, og veldig deilig igrunn. I fyrste omgang må eg tilbringe ein del tid med føttene høgt, sidan føttene har blitt gigantiske. Da passar det veldig fint med eit strikketøy i fanget, og eg fekk plutseleg veldig lyst til å strikke eit deilig babyteppe. Snuppa hadde eit par sånne mjuke og gode strikka tepper som ho fekk som barselpresangar, og ho er igrunn fremdeles glad i dei, så eg syns det var litt koselig å "frede" desse fra gjenbruksbunken! Så no er eg godt igang med å strikke eit skjønnt teppe til veslesøster, og det er så koselig å tenke på at ho skal ligge inni dette når ho kjem ut (eller "når me har tatt ho ut", som snuppa seier). Oppskrifta er fra garnstudio, som eg også tidligare har funne fine oppskrifter på. 


lørdag 11. juni 2011

tilbake til livet og klar for å strikke:)

For mor i huset sin del har denne våren vore litt i overkant kvalmande. Men det har sin positive grunn i at me ventar ei jente til i begynnelsen av november! Forrige helg forsvant siste rest av den uggne formen, og tilbake var litt meir energi og lysten til å sy, scrappe og fra i kveld; strikke

Eg har akkurat vore inne på www.garnstudio.no, og funne ei hettejakke + ei lue&skjerf som eg berre MÅ strikke. Og helst i kveld, men så var det ingen garnbutikk open på pinsedag kl 2308.... rart.

Garnstudio må eg reklamere litt for, her er det nemlig eit lass med gratisoppskrifter, og muligheiter for å bestille garn på nettet. Har veldig sansen for stilen på det meste der. Eg strikka ei hettejakke til I derifrå for eit par år sidan, og den vart eg veldig fornøyd med.


Men no er det kvelden, på tide å fortsette "hytteturen" eg egentleg er på med ei sovande snuppe og ein sovande pappa i leikestova:) God natt!






















Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...