hehe, eg ventar ikkje verken to eller ein:) men eg har laga nokre nye nyfødtkort, og deriblant eit tvillingkort!
No er det ut på ærendsrunde så snart snupp har vakna, og deretter eit koselig formiddagsbesøk som me gledar oss masse til!
Håpar du får ein fin dag!
Viser innlegg med etiketten kvardag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kvardag. Vis alle innlegg
tirsdag 21. august 2012
søndag 19. august 2012
Regn har sin sjarm det òg
...iallefall når sola bryt igjennom på morgonen etter ein dag med regn. Alt ser så friskt ut da, og lufta er så god.
I dag tidlig var det sånn, og eg knipsa nokre bilder på verandaen.
Verandaen er eit prosjekt som har blitt ferdig i sommar. Flinke C har snekra alt sjølv! Eg har stått for beisinga, i 3 omgangar, nettopp på grunn av -ja regnet...:) Etterkvart skal rekkverket også få eit møte med malekosten, men er usikker på om eg skal male eller beise det, og om det skal bli kvitt eller få husfargen.
Kva syns du?
Litt meir stæsjing blir det nok til neste år, og kanskje ein liten krukkekjøkkenhage?
Har egentlig veldig lyst på ei sånn kvit sittegruppe i tre med benk og 2 stolar, men har litt vegring mot å skaffe oss enda meir som må vedlikeholdast med maling:)
På bildet ser du faktisk rett gjennom stova vår, og ut i hagen på framsida, taket du ser er leikestova.
Eg elskar lavendel, til og med når den har sett sine beste dagar! I bakgrunnen her ser du musikkstudio.
Her har me ei lita frøken som akkurat har fått si fyrste tann, i ein alder av 9,5 mnd:) Herlig syns eg, at minstemann har hatt sånne tannlause babysmil så lenge!
No skal eg og den (nesten) tannlause ut å trille tur!
Ønsker deg ein fin søndag!
klem
onsdag 15. august 2012
desperat symodus
Permisjonen nærmar seg slutten ( dvs 1,5 mnd igjen), og eg har komme i eit desperat symodus. Ein plan for permisjonen var å sy ein del når snupp hadde lurane sine, men så er det stadig andre ting på programmet óg, når ein fyrst har eit slikt år der ein "skal rekke alt" (!), så syingen har blitt litt nedprioritert.
No, derimot, er syingen opp-prioritert! Det er alltid noko anna ein skulle ha gjort, men no VELGER eg å bruke tid på syinga, og har faktisk fått sydd litt. Er igang med nokre små kjolar til epla-butikken, skal vise når eg har fått oppdatert sida. Og siste dag før me reiste på ein liten Danmarkstur, fekk eg fullført settet på bildet, til jentene. Tenkte det var greit å få sommarantrekket ferdig før det vart august og siste ferieturen var over, sidan det sannsynligvis ikkje passar til neste år:)
Idag er fyrste dagen etter ferien som veslesnupp og eg er aleine heime mens dei andre er på jobb og barnehage. No er det soooool, og det må nytast, så no tek me oss ein tur ut til huska i hagen, for det elskar veslesnupp:)
ha ein fin dag der du er!

lørdag 11. august 2012
kva gjer ein...
...når ein har ein morgonfrisk bebis som kryper ivrig rundt og utforskar stova, og ein sjølv kveld etter kveld går på samme smellen og legger seg aaalt for seint, slik at ein nesten ikkje ser ut av hovudet når den morgonfriske babyen er klar for ny runde i stova?
Eg henger over ipaden og surfar rundt uten mål og meining, tar inn ein masse info, men er for trøytt til å tenke konstruktivt eller produsere ord i form av kommentarar eller blogginnlegg. Uansett: idag såg eg eit bilde av ein baby (Jessica Alba sin, faktisk...), med ein skjønn hårpynt, og da hadde eg tydeligvis sitte så lenge på nettet at eg var begynt å vakne, så eg vart inspirert, og fann fram heklekorga, og laga det hårbandet du ser på bildet. Kjekt til små søte damer med lite hår og som stadig blir omtala som "han". :)
Kva gjer du viss du har nokon som dreg deg opp før du er vaken? :)

mandag 6. august 2012
på hyttetur
Ikveld er Christian og storesnupp på hyttetur, i leikestova. Eg høyrde kviskring og fnising om å ta med godteri, så eg trur dei kosar seg:)
Ipaden er med. Visstnok til pippi- og prinsessefilmar på youtube:)
Minstesnupp fekk konstantert kikhoste idag, og har nok hatt det dei siste 14 dagane (og ikkje minst nettene...), så me held hus og prøver å samle sammen litt søvn her.
Idag trur eg me har slått alle rydderekordar, storesnupp og eg (og veslesnupp....) har rydda storesnupp-rommet fra frukost og til legging, og er enda ikkje ferdige. Da snakkar me lite effektivitet, og masse rot og at ALT ein ser kan jo vere ein skatt eller kjekt å ha. Føler iallefall at for kvart sånnt røsk ein tar, så kjem ein litt nærmare eit system som kan fungere. Samtidig så har eg erfart at FOR masse system på eit barnerom funkar dårlig.
Nokon som kjenner seg igjen? Gode råd til oppbevaring og orden på barnerommet mottas alltid med takk!:)
God natt!
søndag 5. august 2012
det er sommer, det er sol og det er søndag!
Når sommaren er litt så som så værmessig, så syns eg det blir ekstra viktig å gjere mest mulig sommar ut av det som er. Idag var det både fint sommar-vær OG søndag, så da tok me med oss dei to små damene våre, innbakte pølser og badetøy, og tilbrakte nokre timar på stranda.
Denne dama til venstre sov faktisk (for ein gangs skuld) eit par timar i vogna, og rakk akkurat eit lite bad før me pakka saman. Kan ikkje akkurat sei ho elska det, men:) Når me kom heim kosa me oss med sjokoladepudding på verandaen. Å ete på verandaen har nesten blitt ei krampeaktig greie for meg, for å få mest mulig sommar ut av sommaren. Men så er det veldig koselig å vere der da, spesielt i år når den er heilt ny.
No er det på tide å få lagt ei overtrøytt jente som har fått sett Ole Aleksander filibom-bom-bom på god gammaldags VHS:) Trur me kan trenge denne veka på å snu litt på døgnrytmen til denne frøkna. Wish us good luck:)
Og lykke til med dine planar for veka!
fredag 3. august 2012
tornerose og tvillingsøstra
I dag tidlig fekk me storfint besøk av Tornerose og tvillingsøstra:)
Me kom tilbake fra Danmark i går kveld, og sjølv borte er bra, så er heime alikevel som regel best. Jentene leikar og kosar seg og slappar av i sitt eige tempo og program, og eg vaskar klær og skal ut å jobbe i hagen, og syns faktisk det er deilig.
Det har vore ganske så stille på bloggen i desse ferietider, og enda meir stille fra meg på kommenteringsfronten hjå andre, men no skal me ha siste 10 feriedagane heime, og da vil eg kose meg med litt bloggings! :)
Ha ein fin dag!
søndag 8. juli 2012
etter regn kjem det sol:)
...og etter nokre kjipe dagar med sjukdom i heimen, der me måtte takke nei til/ avlyse fleire kjempekoselige planar, kunne me idag kose oss ute igjen alle 4!
Ikkje verst at det til og med var sol, og inspirert av invitasjonen me dessverre måtte takke nei til på fredag, drog me på picnik idag.
Innbakte pølser og godis i korga, årets fyrste bad på Ingrid, lang middagslur på Synøve og frisbee-kasting og fotballsparking på oss våkne:)
No slappar me av på verandaen, og heldigvis er det søndag, viss ikkje hadde eg nok ikkje hatt roen til å sitte å sjå rett på husveggen som er 30/70 beige/raud på tredje året... Satsar på malevêr i morgon, og nyter solstrålene idag:)
Synøve har ein heil verden å oppdage,
...og Ingrid jobbar med sin nyaste fugleskremseloppfinnelse (som før eg rakk å publisere dette har fått på seg finkjolen og konvertert fra fugleskremsel til prinsesse...)
Håpar du óg har hatt ein fin søndag!
mandag 25. juni 2012
igår
Igår har hadde Wilberg studio sitt fyrste bandbesøk!! Det kan du lese meir om på Wilberg Studio si facebookside:)
Og eg og jentene kosa oss inne i regnvéret. Eg fekk endeleg somla meg til å montere og vaske leikegrinda til Synøve, og ho (og Ingrid) storkosa seg oppi der!
Ingrid og eg sette igang med eit album som me har som fellesprosjekt: "boka om Ingrid og far". Far er altså farfar, som me mista i mars. Han og Ingrid hadde eit veldig godt forhold, og derfor vil me samle minner i form av bilder, tekstar og tegningar slik at Ingrid kan ha dette albumet å mimre i. Dessuten tenker eg at å lage det sammen blir ein del av sorgprosessen. Det er fint å ha gode minner å sjå tilbake på når ting er trist! :)
Men idag er det på tide å vere litt seriøst husmor nokre timar mens Synøve-mor søv, DET kan trengast!
Ønsker deg ein fin dag! klem

lørdag 23. juni 2012
sankthans i Nøkkeldalen
i år vart det inne-sankthans,eller jonsokafta som eg egentleg kallar det, her i Nøkkeldalen. Regnet har stort sett fossa ned, og eg må innrømme at idag tykte eg det var litt deilig med ein innedag med baking og pynting med god tid og god samvittigheit.
Me har ingen fast tradisjon, men idag stelte me istand fest! :) Gjestene var mor og tante, og Ingrid stod for underholdningen med musikk, skuespel, dans og skattejakt! På menyen sto heimelaga hamburgarar med paprikasalsa og båtpoteter, og til dessert hadde Ingrid og eg baka makroner og bananmuffins. No er festen over, og arrangørane har tatt kvelden:)
Har du hatt ein festlig sankthans?

Etiketter:
borddekking,
fest,
kvardag
mandag 18. juni 2012
unna vei...
her kommer jeg!!
...og det plutselig i ein heftig fart, så her må det settast inn straks-tiltak (før fleire dukar og lysestakar går i golvet...)!
...og det plutselig i ein heftig fart, så her må det settast inn straks-tiltak (før fleire dukar og lysestakar går i golvet...)!
fredag 15. juni 2012
No er det ikkje lenge...
...til me kan ha slike pionar i vinduet igjen:
...til det er ferietid
...til me får opptil fleire koselige besøk!!
...til det blir masse sol og bading (evig optimist..)
...til verandaen er ferdig (beisingen fekk ein brå slutt halvvegs pga regn, og etter det har regnet fortsatt litt kvar dag...), og me kan installere oss der med møblar og planter og masse kos:)
...og så vidare...
Det er viktig å nyte nuet, men eg syns det er godt å glede seg til litt ting samtidig!:)
Kva gledar du deg til?
God helg!
søndag 3. juni 2012
gipskunst:)
Som nevnt, har husbond akkurat bygd eit musikkstudio.
Under gipsplate-prosessen hadde snuppa vår, som da var tre-og-et-haaalt, eit kunstprosjekt på gang. Alle gipsplate-kapp som var til overs vart utsmykka med blyanttegningar, og planen var at ho skulle ha ein kunstutstilling der besøkande (dvs mor og tante) kunne kjøpe kunsten. For å spare dei for ein noko upraktisk kunst, kan dei no heller kjøpe foto av kunsten
(mens den originale kunsten ligger i containeren...)
Måtte berre vise dykk eit utvalg; :)
Er ho ikkje flink, den vesle kunstnaren vår? :)
Og har du ikkje blitt med på give-awayen, kan du fremdeles vere med her. Trekning 07.06.
Håpar du får ein fin søndag!
mandag 28. mai 2012
summer feeling
Mandagstema hjå Alt som er vakkert er denne gangen "sommerfølelse", og da fekk eg lyst å poste eit mobilbilde eg tok tidligare idag, når me var ute og gjekk ein liten tur. Vår vesle søndagstur i nyyydelig vær gav sommarfølelse på godt og vondt, og når turen var over etter 20 minutt var det ei som var tørst, varm og sliten:), og me hadde sett 3 ormar langs vegen...
Da var det godt å komme heim til vårt oppblåsbare badebasseng som endelig var klart til bruk:)
ps. Neste innlegg blir ein give-away!
ps2. I mellomtiden kan du delta i give-awayen til Hjertespor, og ikkje minst rett og slett berre lese bloggen hennar. Ho skriver så utruleg fint og sterkt om ting som setter spor i hjertet!
No er det natta her, om 4-5 timar (viss eg er heldig) vaknar ein liten bebis:)

tirsdag 8. mai 2012
award!
Bloggen vår har vore så heldig å få ein award fra Kristin med bloggen Familiegleder. Veldig koselig Kristin, tusen takk!
Kristins Familiegleder er ein kjempefin blogg som eg anbefalar deg å ta turen innom.
Idag har Synøve og eg m.a vore på besøk til ei venninne og hennar skjønne bebis, og fått både kvalitetstid og deilige kaker (tusen takk!):)
På bordet hadde ho nyyydelige pionar,
og inspirert av det blir det eit pionbilde her idag.
Dette er fra weheartit.com
søndag 6. mai 2012
favorittstemor
Eg har funne min favorittstemorsblomstfarge, og det er den på bildet. Lyseblå og fin, og har havna på trappa vår:)
Idag har Christian spelt i ein dåp, mens Ingrid var medhjelpar (!), og Synøve og eg sov ut etter ei natt med sikkert fleire kilometer tilbakelagt på stovegolvet.
Etterpå har me kosa oss i badeparken. Og så ser eg at eg har fått ein award til, og det var jo veldig koselig!! Eg kjem tilbake til den i neste innlegg.

Nyt søndagskvelden, og ha ei fin veke!
klem
torsdag 3. mai 2012
kjære søskenbarnet mitt!
Så fin sandkasse du har fått deg, eg gledar meg til å leike med deg i den snart!
"se hva jeg har fått meg da Dadda! (jeg tenkte det var litt koselig viss jeg kalte deg Dadda tilbake)" :)
klem fra ingrid-dadda:)
"se hva jeg har fått meg da Dadda! (jeg tenkte det var litt koselig viss jeg kalte deg Dadda tilbake)" :)
klem fra ingrid-dadda:)
fredag 27. april 2012
god morgen!
fin start på dagen idag, med God morgen Norge og gavelapp-laging! No skal eg rydde opp sofaen som flyter over av kreativt kaos (for å sei det mildt), og så tar Synøve og eg oss ein bytur i regnet for å m.a levere gavelappane til barnebutikken.
Beklagar hus, den etterlengta helgevasken er nedprioritert... :)
Ha ein fin fredag!
Beklagar hus, den etterlengta helgevasken er nedprioritert... :)
Ha ein fin fredag!
tirsdag 24. april 2012
epla.no
God kveld!
Fyrst av alt; tusen takk for alle dei koselige kommentarane på dei to siste innlegga!! Vart kjempeglad!
Idag har vore ein stor dag for storesnupp, som har hatt gruppa i barnehagen på saft&bolle-besøk i hagen i fleire timar. Og eg og veslesnupp var etterpå så heldige å ha koselig besøk av god venninne og hennar baby! :)
Dei siste kveldane har eg site litt på epla.no, og tar no med meg litt knyttebukser ++ dit og startar ein liten filial:)
Her er litt av utvalget:
Det er veldig masse fint å finne på epla, og viss du vil inn å sjå, er adressa rett og slett epla.no
Og her finn du sida mi:)
mandag 23. april 2012
i farta!
Eg har akkurat begynt å følge ein ny blogg, alt som er vakkert, og her er det kvar mandag ein ny fotoutfordring som heiter mandagstema. Denne mandagens tema er "i farta".
Her ser du frøken storesnupp i farta:
Bildet er litt uskarpt, men eg syns det stolte og målbevisste uttrykket er så herlig. Ho har akkurat fyllt eitt år og lært å gå, og er ute på ein av sine fyrste spaserturar i snøen. Her er det best å holde farten oppe, for å holde seg på beina:)
Her kan du sjå dei andre bidraga, delta sjølv, eller rett og slett berre ta ein tur innom den skjønne og inspirerande bloggen om m.a foto og hage.
Eg kjenner forresten at eg er veldig glad det er vår og sommar me går mot no, når eg ser dette vinterbildet:)
Eg kjenner forresten at eg er veldig glad det er vår og sommar me går mot no, når eg ser dette vinterbildet:)
Abonner på:
Innlegg (Atom)