Dette er jo ikkje akkurat ein interiørblogg, for eg har ikkje så mykje å bidra med på det området, men no viser eg alikevel fram nokre rom her frå Nøkkeldalen på løpande band.
Me er i skikkeleg organiserings- og opprydningsmodus her om dagen, for no er me leie av at alt er halvvegs og halvferdig og rot og kaos heile tida. Typisk meg er at når eg er nesten ferdig med eitt rom, så går eg vidare til neste, MEN no har eg som motivasjon å blogge (nesten) kvart rom etterkvart som det er heilt ferdig, og det trur eg er ein motivasjon som funkar på meg:)
Syns alltid det er morro å sjå korleis andre har det heime, og litt morro å vise fram.
Idag viser eg deg babyrommet;
Dette var kontoret vårt til i haust, og etter det har det gradvis teke form som babyrom. Me pussa det opp for 5 år sidan, så me trengte ikkje å gjere noko med overflatene no.
Etterkvart skal jo sprinkelsenga inn her (i hjørnet der leikekassen står no), og ein koloss av ein recliner-stol skal ut herfra. No står den berre her og ventar på at det skal bli plass til den i stova igjen (og det blir det ikkje før vogga er pakka ned igjen, og det syns eg er litt vemodig, så det skjer nok ikkje enda sjølv om vogga ikkje er så masse i bruk lenger...)
Me har ikkje plass til stellebord på badet, så da vart det stellekrok på rommet. Den skjønne handduken har svigermor laga.
Storesøster som nabo, ser for med at etterkvart blir det ein sti av leiker mellom desse to romma:)
Tallerkenhylla har eg malt kvit, etter at den var brun og blå når eg kjøpte den på bruktbutikken. Hadde egentlig lyst å fjerne bogane i nederste hylle, men det vart litt for omfattande for meg:)
Så om gi-borten:
Skjønne Maria med den kjempekoselige bloggen Schytt's hverdag, har ein gi-bort der du kan vinne boka "din kompetente familie" av Jesper Juul! Bloggen hennar er veldig inspirerande på små og store prosjekt, og på familielivet og mammatankar, og eg er veldig glad for å ha blitt litt kjent med ho og bloggen hennar. Du burde ta ein tur innom ho, både for å oppleve bloggen, og for å bli med på trekningen om denne boka!
Ønsker deg ein fiiiiiiiin fin dag!
Ønsker deg ein fiiiiiiiin fin dag!













