fredag 27. april 2012

god morgen!

fin start på dagen idag, med God morgen Norge og gavelapp-laging! No skal eg rydde opp sofaen som flyter over av kreativt kaos (for å sei det mildt), og så tar Synøve og eg oss ein bytur i regnet for å m.a levere gavelappane til barnebutikken.

Beklagar hus, den etterlengta helgevasken er nedprioritert... :)

Ha ein fin fredag!

torsdag 26. april 2012

heimelaga bokstavkjeks


Storesnupp har blitt så opptatt av bokstavar, og har nokre bokstavkort fra Go'boken som ho leikar litt med. Bak på det eine kortet stod det oppskrift på bokstavkjeks, så idag måtte me prøve oss på desse. Det vart nokre forbokstavar til dei som begynnar på "lettskjærte" bokstavar, men tålmodigheiten til mor i huset tok (litt for fort) slutt, så da fortsette me med dei minst julete kakemenn-formene me hadde:) Kveitemjøl var me så og sei tomme for, så det vart sammalt fin, men det funka greit det, og kjeksa fallt i smak.

tirsdag 24. april 2012

epla.no

God kveld! 
Fyrst av alt; tusen takk for alle dei koselige kommentarane på dei to siste innlegga!! Vart kjempeglad!

Idag har vore ein stor dag for storesnupp, som har hatt gruppa i barnehagen på saft&bolle-besøk i hagen i fleire timar. Og eg og veslesnupp var etterpå så heldige å ha koselig besøk av god venninne og hennar baby! :) 

Dei siste kveldane har eg site litt på epla.no, og tar no med meg litt knyttebukser ++ dit og startar ein liten filial:) 
Her er litt av utvalget:














Det er veldig masse fint å finne på epla, og viss du vil inn å sjå, er adressa rett og slett epla.no
Og her finn du sida mi:)

mandag 23. april 2012

i farta!

Eg har akkurat begynt å følge ein ny blogg, alt som er vakkert, og her er det kvar mandag ein ny fotoutfordring som heiter mandagstema.  Denne mandagens tema er "i farta". 
Her ser du frøken storesnupp i farta:


Bildet er litt uskarpt, men eg syns det stolte og målbevisste uttrykket er så herlig. Ho har akkurat fyllt eitt år og lært å gå, og er ute på ein av sine fyrste spaserturar i snøen. Her er det best å holde farten oppe, for å holde seg på beina:)

Her kan du sjå dei andre bidraga, delta sjølv,  eller rett og slett berre ta ein tur innom den skjønne og inspirerande bloggen om m.a foto og hage.

Eg kjenner forresten at eg er veldig glad det er vår og sommar me går mot no, når eg ser dette vinterbildet:)

søndag 22. april 2012

ferdig!!!!!

Etter 1,5 år med skyting, planering, snekring, kobling og maling, er Wilberg studio ferdig!
Christian har vore kjempeflink og gjort alt innvendig sjølv, med doble veggar og rare vinklar på romma (visstnok viktig for lyden), til tross for at han aldri har bygd noko før. Så da har me 70 kvm med musikkstudio i hagen da, og det er morro:)

Eit lite bilderas:

fredag 20. april 2012

god helg!

Ville berre ønske deg som er innom ei god helg! 
Håpar du kan gjere noko som gjer deg glad i løpet av helga! 

Eg tok ein halvtime, som eg egentlig ikkje hadde, til å gjere meg litt glad idag, i form av å sy:) 
Da sydde eg hjertet på bildet. Det er til eit vennepar, og skulle egentlig vere ei lita "gratulerar med 10-års bryllupsdag"-helsing til dei. (No er det ikkje mange månadane til dei kan feire 11 års bryllupsdag, så det var jo bra at dei kunne få presangen før det, iallefall...)


Eg tenker alltid at eg skal skrive det, men ammetåka er godt etablert så eg gløymer det kvar gang; 
Tusen takk for dei koselige kommentarane eg får, det set eg veldig veldig pris på!! :)

Gooood helg!

onsdag 18. april 2012

vis meg din kommode

Myke minutter har utfordringen "vis meg din kommode". 

Her ser du jentene sitt "kommodelignande møbel", som fungerar som kjøkken i leikestova. Kommoden er kjøpt på bruktbutikken, og da var den brun med ein trist knott på. 
Rosa har den blitt, og ny knott har den fått, og så vil tiden vise om eg nokon gang får somla meg til å malt på nokre kokeplater.


Sjå dei andre bidraga her



Sjå dei andre bidraga her

tirsdag 17. april 2012

grått og rosa

Etter at me fekk oss grå sofa i stova, har eg fått litt dilla på kombinasjonen av grått og rosa. Syns dei to fargane gir ein kombinasjon av tøft og søtt, og det er akkurat den kombinasjonen eg likar!




Den rosa puta sydde eg forrige helg, og ellers har eg vore så heldig at det andre rosa har ligge i skapet sidan sist eg var i det rosa hjørnet. Og rosa kirsebærgreiner har eg funne rett utanfor døra. Altså (utanom ny sofa) ei svært billig stove-fornying:)


Litt sink blir eg visst ikkje lei av med det fyrste.



Når eg får sansen for ein farge, eller som no ein kombinasjon, har eg litt tendens til å ta av med nettopp dette. Men heldigvis har eg begrensa det til berre eitt rom. Trudde eg... for plutseleg såg eg jo at dressen som snuppidupp har på seg idag, er også nettopp 
rosa og grå...Så da måtte ho få bli med i dette innlegget ho òg.


Ha ein fin dag! :)

å hei hvor det går...

Javel, da har eg fått sydd kjolen som eg planla +handla inn til i fjor vår... 
Dette skal vere ein barnehagekjole for storesnuppa. 
Stoff: Stoff&stil, mønster: Stoff&stil, 
knapp og bånd: sybutikken i Sogndal.

Om det er så veldig familievennlig at jentene her i huset får heimesydde klær, er eg av og til litt usikker på. Når eg fyrst set i gang, blir eg superfokusert på å bli ferdig, og jentene masar, og eg blir utålmodig mamma, -og endar opp med dårlig samvittigheit når eg er ferdig... 

Derfor har eg bestemt meg for at tirsdag skal bli min faste sy-dag. Mens Ingrid er i barnehagen og Synøve har lurane sine (som for øyeblikket er inne i ein lang god stim), skal symaskina gå varmt! Sjølv om det er tusen ting eg kanskje heller burde gjort, skal eg rett og slett ta meg tid til dette resten av permisjonen, fordi å sy gjer meg glad (egentlig)! :)


Håpar du har hatt ei fin helg! 

Og scrappar du, anbefalar eg deg å ta turen innom kines klode,
 og delta i konkurransen ho har der!

God vekesstart til deg!

fredag 13. april 2012

pute, moreller og ipad

Gjer eit lite forsøk på å blogge fra ipaden idag, uten å gå via data for opplasting og redigering av bilder og sånn.

Endelig har pute nr 1 i mi planlagte puterekke blitt laga, og den vart god og mjuk i chenille. Oppskrifta fann eg på den inspirerande bloggen bente-detkreativehjornet.blogspot.com (he he, har ikkje funne ut korleis eg skal lage koblingar på ipaden enda...)

Og så måtte eg berre vise dikka dei nydelige morellgreinene som eg fekk av ei venninne forrige helg!

Ønsker deg som er innom ei god helg!
klem fra meg

torsdag 12. april 2012

søstrene sisters

Søstrene sisters poserar litt i sine heimelaga klær:)




                                                                 


Storesnupp har fridagen sin, og me har rydda i klesskapet hennar og tatt fram sommartøyet. 
No er ho litt lei av å prøve om ting fremdeles passar, så me drar på butikken og hentar hennar nye sykkel:) 

Ha ein fin torsdag!

tirsdag 10. april 2012

dåpsbordet

Tenkte eg ville vise litt fleire bilder fra dåpen, denne gangen fra bordpynting og kakebord. 

Her er det dekka til snittar. Me gjorde det enkelt og greit, og bestilte snittar. Deilig å heller kunne bruke den ledige tiden, som ein ellers måtte stått på kjøkkenet, til kvalitetstid med besøket og resten av familien.
På bordkortet står det 2 vers av "fyllt av glede".  Navnet/tittelen på dei forskjellige er stempla nederst.
Serviettane syns eg var så søte, fra Tine K. 
Blomsterpynt fra Nille.

Kakebordet vart dekka med rosa serviettar med relieff. 
Kakebordet slapp eg òg billig unna, me bestilte marsipankake og gjærbakst fra den lokale bakaren der Christian har hatt sommarjobb i sin ungdom, og svigermor laga eplekake. Eg laga ostekake, og storesnupp og eg laga muffins sammen:)



Muffinsane vart pynta med dåpsbarn-"toppers":)


...og pikekyss og kirsebærblomster fra hagen, gjorde ikkje bordet mindre rosa:)




søndag 8. april 2012

god påske!

Håpar du har hatt ein fin påske! 
I dag er dagen for gode nyheiter i påskebodskapen!


Me starta påsken med dåp og koselig familiebesøk fra Sogn, deretter har me tatt det ganske så med ro. Heldige har me vore og fått ein del gode venner innom som har hjelpt oss med å bli kvitt dåpskakene:)


To strikka eggevarmarar står på kjøkkenhylla og ønsker god påske! Kanskje blir dei fleire til neste år, og kan dekke eit heilt frukostbord?
Idag pakka me sekken med pølser, kvikk-lunsj, appelsiner og sitteunderlag, og hadde planar om ein god gåtur opp i skogen, men sola forsvant, og formen forsvant (har, som hjå så mange andre i påsken, vore litt sjukdom her i huset òg), så da vart det hyttetur istadenfor; i leikestova 10 meter fra huset:) Faktisk veldig koselig, og varmt og godt etter at sola hadde varma den tidligare på dagen! Det enkle er ofte det beste!

Og frøken snupp (storesnupp) fartar på, og er no på sitt andre overnattingsbesøk i ferien. Stor stas å pakke sekken og dra avgårde (sjølv om det i kveld berre var ca 300 meter avgårde, til "mor").
Onsdag hadde ho sitt fyrste overnattingsbesøk hjå ei venninne. Ho gjennomførte, og me var veldig stolte! Skjønningen ville ha med eit bilde av mamsen og papsen sin, og det hadde ho ligge og holdt på til ho sovna:)


Når ho kom heim fra overnatting, hadde påskeharen vore her. Han kjem litt ekstra tidlig her i Nøkkeldalen, har me bestemt:) 
Desse skjønne egga, som påskeharen hadde kjøpt på Rema 1000, hadde han med, i tillegg til ein dvd om påskehare-sønnen som heller ville bli rockestjerne enn å overta imperiet (men det gikk bra til slutt)!

Ønsker deg ein fin kveld! Her skal eg ta ein ordentlig bloggrunde, for det er lenge sidan sist no, og så skal eg og husbond sjå nokas-filmen etterpå. Sjølv om ein er i permisjon og er heime kvar dag, så er det jammen deilig og forskjell med ferie alikevel!! 


dåpen

Nokre bilder fra dåpen, og dåpssalmen eg er så glad i: 

Fylt av glede over livets under, 
med et nyfødt barn i våre hender, 
kommer vi til deg som gav oss livet. 

Fylt av beven foran ukjent fremtid
legger vi vårt barn i dine hender. 
Det som skjer i dåpen, gir oss trygghet.

Fylt av undring er vi i din nærhet!
Du  som bærer verdensrommets dybder, 
venter på de små og tar i mot oss. 

Ved ditt verk, ved Kjærlighetens vilje
er vi født på ny til liv i Kristus, 
til et åpent liv i tro og tillit. 

Og ved tidens grense lever fortsatt
dine løftes-ord ved døpefonten, 
dåpens lys forblir når livet slukner.

Større rikdom enn hva ord kan romme, 
har du gitt  oss gjennom dåpens gave. 
Herre, la vår tro bli fylt av glede!

Laid-back dåpsbarn, i dåpskjolen bestemora mi vart døypt i i 1910:)





tirsdag 3. april 2012

hei igjen!

3 veker uten bloggelyst er over, og eg føler så smått for å blogge litt igjen.

Me har dessverre mista ein me er veldig gla i; kjære pappan til Christian, jentene sin kjære farfar, eller "far", som storesnupp kalla han, og min kjære svigerfar. Han var ein fantastisk skjønn og omsorgsfull mann, og han er og blir veldig sakna. Samtidig har det vore mange tøffe månadar for han, med mykje sjukdom, og me tenker at no har han det endelig bra igjen.

Det har vore veker fyllte av kontrastar, der me i løpet 1 1/2 veke har site 2 ganger på fremste benk i samme kyrkje, og høyrt på samme prest. Fyrst begravelse, så dåp. Me lurte på å utsette dåpen, men bestemte oss for å gjere som planlagt. Livets gang har på ein måte komme veldig tydelig fram. I dåpen sang me "fyllt av glede, over livets under". Svigerfar var fyllt av glede over livets under. Dei fyrste gangene han fekk veslesnupp på fanget, snakka han veldig om livets under, og at han plutseleg virkelig hadde forstått det no, mykje meir enn før. Gode minner, og sterke minner. Eg er så glad for at han rakk å bli litt kjendt med veslesnupp óg!

Ønsker dikka ein god påskestart!
Ta godt vare på kvarandre!
klem
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...