Viser innlegg med etiketten utkledning. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten utkledning. Vis alle innlegg

fredag 3. august 2012

tornerose og tvillingsøstra



I dag tidlig fekk me storfint besøk av Tornerose og tvillingsøstra:)

Me kom tilbake fra Danmark i går kveld, og sjølv borte er bra, så er heime alikevel som regel best. Jentene leikar og kosar seg og slappar av i sitt eige tempo og program, og eg vaskar klær og skal ut å jobbe i hagen, og syns faktisk det er deilig.

Det har vore ganske så stille på bloggen i desse ferietider, og enda meir stille fra meg på kommenteringsfronten hjå andre, men no skal me ha siste 10 feriedagane heime, og da vil eg kose meg med litt bloggings! :)

Ha ein fin dag!

søndag 8. juli 2012

etter regn kjem det sol:)

...og etter nokre kjipe dagar med sjukdom i heimen, der me måtte takke nei til/ avlyse fleire kjempekoselige planar, kunne me idag kose oss ute igjen alle 4! 

Ikkje verst at det til og med var sol, og inspirert av invitasjonen me dessverre måtte takke nei til på fredag, drog me på picnik idag.


Innbakte pølser og godis i korga, årets fyrste bad på Ingrid, lang middagslur på Synøve og frisbee-kasting og fotballsparking på oss våkne:)


No slappar me av på verandaen, og heldigvis er det søndag, viss ikkje hadde eg nok ikkje hatt roen til å sitte å sjå rett på husveggen som er 30/70 beige/raud på tredje året... Satsar på malevêr i morgon, og nyter solstrålene idag:)


Synøve har ein heil verden å oppdage,


 ...og Ingrid jobbar med sin nyaste fugleskremseloppfinnelse (som før eg rakk å publisere dette har fått på seg finkjolen og konvertert fra fugleskremsel til prinsesse...)


Håpar du óg har hatt ein fin søndag!

tirsdag 28. februar 2012

"er jeg ikke fin Tingeling, Synøve?" :)

Eg gjentar meg sjølv fra eit anna innlegg; 
"every day may not be good, but there`s something good in every day". 
I dag er ein sånn dag, og det som er bra i denne dagen, er å sjå desse to jentene, som allerede diggar kvarandre, sammen. Å sjå gleden over å gå i barnehagen som Tingeling, blir ein òg glad av!:)

Ønsker deg ein god dag, 
-eller ein dag med noko godt i! :)

søndag 29. januar 2012

ingenting tingeling (kostyme DIY-tips)

Storesøster elskar å kle seg ut, og ganske ofte er det Tingeling me får besøk av! Denne kostymen laga eg i haust, etter denne DIYen. Den var ganske lett å lage, og eg anbefalar eventuelle syinteresserte å ta turen innom den inspirerande og lærerike bloggen makeit-loveit. Her er mange tips og instruksjonar, på både div kostymar og andre ting. 
Det stiligaste var vingene syns eg, som er raskt å lage av 2 metall-kleshengarar, ei strømpebukse og litt buksestrikk, og dei slo veldig an hjå frøkna:) 



Februar er vel karnevalstid, og det spørs om det ikkje er Tingeling som tar ein tur i barnehagen på årets karneval! 

 Håpar du får ei god veke, med eller uten vinger:)

torsdag 8. september 2011

sying, scrapping og gifting

Ein bra ting med haustværet er at ein kan sitte inne med god samvittigheit og sy og scrappe litt, og det er nettopp det eg har gjort dei siste dagane. I går kveld var eg til og med så heldig at eg fekk veldig koselig scrappeselskap av ei venninne!
Ein liten Johannes skal få denne i "velkommen til verden-presang"
Har akkurat handla masse fine stempel med koselige tekstar fra Kreativ Hobby

Litt babykort som skal leverast på ein lokal barnetøysbutikk som er så snill og lar meg få selge korta mine der 
Litt muffinsproduksjon
Og i skrivande stund(kl 0930)er det plutselig arrangert bryllup i stova. Brudgom til venstre, brud til høgre, og brudepike på toppen av bildet. Ingsepingsen vår er underholdning fra morgon til kveld:)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...