Viser innlegg med etiketten konkurransar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten konkurransar. Vis alle innlegg

tirsdag 26. juni 2012

vinn ønskelista di frå kremmerhuset!!


Kremmerhusbloggen fylte 1 år igår, og i den anledning arrangerar kremmerhuset ein konkurranse der ein kan vinne ønskelista si fra nettbutikken til ein verdi av maks 2500 kr. 
For å vere med i trekningen må du lage ein collage med ønskelista. 
Så masse fint som er på kremmerhuset, så berre måtte eg vere med på dette, så her er mi liste:




Bli med du òg, du finn linken her!

lørdag 9. juni 2012

ha det på badet-utfordring

Idag tenkte eg å bli med på "ha det på badet- utfordringen" til maskinistfrua. Ho lurer på om me vil vise ho bada våre, og ja, det vil eg:) Badet var ikkje akkurat direkte nyvaska (!) idag, så eg brukar bildene eg tok til dette innlegget om badet vårt. (I det innlegget kan du òg sjå kor lekkert dette badet var før...)

Badet sett fra døra

Dusjnisjen, som tidligare var eit separat do-rom
 med inngang fra gangen.


 litt detaljar...




Inni dusjen er det akkurat plass til badekaret, og i badekaret er det akkurat (!) plass til ei jente på 4 1/2 og ei jente på 1/2 :)

Badet er ikkje så stort, men me har alt me trenger der, og er igrunn veldig fornøyde med det! 
Eg gledar meg til å sjå dei andre bidraga i utfordringen, dei kan du finne her.

onsdag 18. april 2012

vis meg din kommode

Myke minutter har utfordringen "vis meg din kommode". 

Her ser du jentene sitt "kommodelignande møbel", som fungerar som kjøkken i leikestova. Kommoden er kjøpt på bruktbutikken, og da var den brun med ein trist knott på. 
Rosa har den blitt, og ny knott har den fått, og så vil tiden vise om eg nokon gang får somla meg til å malt på nokre kokeplater.


Sjå dei andre bidraga her



Sjå dei andre bidraga her
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...