tirsdag 30. august 2011

minialbum/peikebøker

Scrappbooking er ein morro hobby, syns mor i huset, og no også datter i huset! Siste dag i ferien, satte me 2 scrappedamene oss ned for å oppsummere sommaren til den yngste scrappedama, og lage eit lite "sommaralbum" til ho. Me valgte bilder, skreiv ut, limte inn, skreiv litt tekstar, og laminerte, og plutselig (vel, ting tar jo alltid tid, men...), så hadde snuppa fått sitt eige album som ho kan vise fram, mimre i, og henge til pynt på veggen. 
Her ser du eit lite utdrag: 

Når ho var ca 1/2 år, laga eg eit liknande album/peikebok til ho, med tema familie. Der var dei ei side om kvar av familiemedlemmane hennar, avbilda saman med ho. Den fallt veldig i smak (også bokstavelig talt), fra da og egentlig heilt fram til no! Til å begynne med var det mest gjenkjennelsen av sine nærmaste, etterkvart å kunne tittelere dei, deretter å ha med i barnehagen og sjå på/vise fram, og dessuten er det no veldig stas å kunne sjå på/vise fram seg sjølv som baby! Koselig å sitte å sjå i sammen! Og sidan ein del av den nærmaste familien bur på vestlandet, var det også fint å kunne sjå litt regelmessig på dei, spesielt når ho var heilt lita og ikkje hugsa ansikt like lenge som no. 
Eit lite utdrag fra denne også:

Ellers har det blitt ein del sånne småalbum til bestemødre, bestefedre osv, og dei er kjekke som små venninnegaver med tema fra ein felles opplevelse eller noko. Og med sånn hurtig-scrapping, tar det faktisk ikkje lang tid heller! 
-men ein fotoprinter står på ønskelista, for litt bedre kvalitet :)

søndag 28. august 2011

Dørkrans

Eg syns det er koselig med dørkransar som passar til årstidene.  Hugsar ikkje kor, men ein eller anna plass på det store nettet fant eg inspirasjon til å lage denne lettvinne røsslyngkransen. Røsslyng har ein nydelig lillafarge syns eg, og sidan me bur i skogen, er me heldig å ha masse røsslyng rundt omkring på tomten!


Ha ein fin søndag!

onsdag 24. august 2011

Badet vårt

I går kveld fekk badet endelig ein etterlengta vask, og da nytta eg anledningen til å få tatt "etter-bildene" etter at me pussa opp badet for 2,5 år sidan (!)
Dei fyrste åra me budde her, var badet noko ein viste fram fordi det var så stygt at det måtte sjåast. Brungrønne falma marmorplater og brunt, flekkete golvbelegg. Men me vente oss til det, og det hadde på ein måte sin sjarm. Doen var eit eige rom, med dør til yttergangen. Yttergangen er på ca 1,5 x 1,5 m, og før me pussa opp badet&gangen, hadde den 1 dør på kvar vegg, derfor ikkje særleg med plass til verker jakker eller sko. Det var altså fleire gode grunnar til ei oppgradering.
Me slo ut veggen mellom do og bad,  slik at mesteparten av det som før var do-rom, vart ein dusjnisje. Dei siste 40 cm av do-rommet vart eit innebygd skap ut mot gangen. Døra mellom gang og do vart kledd inn. Dermed fekk me både eit lite skap i gangen, og nesten ein heil vegg til jakker og sko (hurra!).
Romløsningen på badet tegna me og vurderte i mange ulike variantar, men vart til slutt veldig fornøyde med resultatet!  Fremdeles ikkje verdens største bad, men praktisk, koselig, og akkurat det me treng av plass! Me heisa vasken litt opp i forhold til standard høgde, og fekk plass til I sitt badekar + skittentøysbalje under vasken.  Fornøyde med det òg:)


....og til slutt eit lite inntrykk av slik det var før:
Ha det (på) badet! :)

lørdag 20. august 2011

muffins og pannekaker

Det var ei veldig stolt jente på snart 4 som var i 6-års bursdag til nabojenta idag; "tenk at ei lita barnehagejente skal i bursdag til ei skolejente!!!!" I tillegg var det hennar fyrste bursdagsselskap uten mamma eller pappa; "du gå hjem med en gang vi har kommet til døra der, mamma!" :) 
Med seg hadde ho heimelaga presang og kort. Kortet hadde ho scrappa sjølv, mens mamsen hennar stod bak presangen, som var ein kakeboks med sydde muffins og pannekaker. Det er så koselig å sitte å lage sånne ting, syns eg. Og produksjonslysten er jo ikkje akkurat mindre, etter at eg denne veka BÅDE har fått pakke fra kreativhobby OG handla på stoff&stil. Helst vil eg bruke alle dei nye "leikene" mine med ein gang! Så i kveld blir det produksjon av sanseputer til babyar; raske å lage, og eg får brukt opptil fleire av dei nye stoffa + stæsjet fra stoff og stil:) Ha ein fin kveld!





fredag 19. august 2011

Endelig fredag!



Fyrste veka etter 4 veker med ferie er over, og me har, i den grad det går an, igjen blitt komfortable med å stå opp kl 06... I har begynnt på giraffen, den eldste avdelingen i barnehagen, og det har gått fint! 


Men no er fredagen her, og det er jo bærre lækkert! 


God helg!!!

søndag 14. august 2011

playmoland

Ferien går mot slutten, og etter at ein ganske stor prosent av ferien har gått til div jobbing utvendig og med studio, unna me oss i går ein ordentlig feriedag der me kosa oss sammen heime og i byen.  Høgdepunktet var nok besøket til playmoland, som er ein heilt ny attraksjon i byen. 


Landet fallt i smak for alle 3, og I opplevde det virkelig som eit land, for når me skulle sette oss i bilen igjen spurte ho "skal vi kjøre tilbake til Norge nå?" :)

mandag 8. august 2011

fin søndag!



-Alle 3 sov til kl 1030!!


-Me har hatt 2 koselige kaffibesøk med store og små


-I har perla og leikt skule


-C har miksa musikk


-eg har sydd mi fyrste knyttebukse


...og alle var enige om at det hadde vore ein fin dag :)
                                                                            

mandag 1. august 2011

kvelds-jam

Ein fin ting med sommaren er at ein kan spele gitar sammen med pappa ute på plenen, til og med etter at tennene er pussa og pysjen er på:)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...