Viser innlegg med etiketten hagen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hagen. Vis alle innlegg

torsdag 23. august 2012

prinsessefest og gratis print

I dag har me hatt 2 prinsessefestar. 
Fyrst ein for tre kule damer på rundt 70 og oss tre jentene:), deretter THE prinsessefest for 4 rosa prinsesser på snart 5 år! 


Det vart pynta og dekka utanfor leikestova, og pølser og prinsessemuffins vart servert. Tilslutt var det fisking fra verandaen. Utifra lydnivået virka trivselsfaktoren til å vere høg:)

På festen fekk eg gjort nytte av to tips eg har fått fra andre og som eg vil dele vidare:


Tips 1: Fest papptallerken til bordet med ein bit dobbel tape, så blåser den ikkje vekk i vinden.

Tips 2: Muffintoppers er lette å lage. Klipp/stans ut to like rundingar (eller andre former) med ønska print, lim dei sammen med eit 1/3 langt grillspyd imellom. 

På www.printablepartykits.com finn du gratis print til ulike anledningar. Her kan du òg finne gratis print til m.a. invitasjonar. 
Dagens toppers er fra denne nettsida. Til dåpen laga eg toppers med bilde av ansiktet til veslesnupp. Dei kan du sjå her.



Det tar på med prinsessefestar, så no må mor legge seg:)

onsdag 22. august 2012

positivt fokus, ja takk!

På begynnelsen av sommaren så lagar me alltid ei ute-to-do liste som helst skal strekast ut på alle punkt før hausten er her. Når hausten kjem, er ikkje alle punkta streka ut, og eg tenker på alt me ikkje har fått gjort. Tippar det er fleire som kjenner seg igjen?!  

Men så såg eg bildet fra hagen tatt midt på sommaren ifjor, og da ser eg at me har jo faktisk fått gjort ein del da. 




Og så tenker eg at det er jo typisk, at eg tenker på alt ein skulle ha gjort og ikkje har fått gjort, og gløymer å sjå alt ein faktisk har fått gjort. Ikkje berre når det gjeld denne sommar-to-do-lista, men òg med dei daglige gjeremåla.
Eg er ganske sikker på at det ikkje berre er meg som er sånn:) 
Og kva gjer denne stadige følelsen av til-kort-kommenheiten med oss? Fordi me stiller urealistiske krav til oss sjølve og tiden?

Nei, no vil eg trene på å fokusere på alt som er gjort, og alt som er bra! Det ein ikkje har fått gjort blir uansett ikkje noko meir gjort om ein berre går og tenker på det:) 

tirsdag 21. august 2012

hagen gjennom sommaren del 3

Ikkje den heilt store variasjonen på bilda fra måned til måned, men eg ser iallefall med glede at dei grøne dekk-plantene veks og veks, akkurat som dei skal:) Mur-bedet har også hatt nokre forandringar med litt planter som har flytta, slik at det er litt blomster spredt der til ei kvar tid. Neste visningsrunde blir til hausten når alt blir gult&brunt...Det har sin sjarm det óg syns eg, årstider er fasinerande!

søndag 19. august 2012

Regn har sin sjarm det òg

...iallefall når sola bryt igjennom på morgonen etter ein dag med regn. Alt ser så friskt ut da, og lufta er så god. 
I dag tidlig var det sånn, og eg knipsa nokre bilder på verandaen. 

Verandaen er eit prosjekt som har blitt ferdig i sommar. Flinke C har snekra alt sjølv! Eg har stått for beisinga, i 3 omgangar, nettopp på grunn av -ja regnet...:) Etterkvart skal rekkverket også få eit møte med malekosten, men er usikker på om eg skal male eller beise det, og om det skal bli kvitt eller få husfargen. 
Kva syns du?
Litt meir stæsjing blir det nok til neste år, og kanskje ein liten krukkekjøkkenhage? 
Har egentlig veldig lyst på ei sånn kvit sittegruppe i tre med benk og 2 stolar, men har litt vegring mot å skaffe oss enda meir som må vedlikeholdast med maling:)
På bildet ser du faktisk rett gjennom stova vår, og ut i hagen på framsida, taket du ser er leikestova. 
Eg elskar lavendel, til og med når den har sett sine beste dagar! I bakgrunnen her ser du musikkstudio.

Her har me ei lita frøken som akkurat har fått si fyrste tann, i ein alder av 9,5 mnd:) Herlig syns eg, at minstemann har hatt sånne  tannlause babysmil så lenge! 

No skal eg og den (nesten) tannlause ut å trille tur!
Ønsker deg ein fin søndag!
klem

onsdag 25. juli 2012

hagen gjennom sommaren, del 2

gartnaren (les: meg...) er ganske treg til å luke i sommar, så no ga eg opp å vente til det vart luka, og fekk tatt del 2 av hagebildene. Dvs dei er tekne for 2 veker sidan, like etter pionen og den store kvite rosebuska me har fått med fra Sogn, var avblomstra.

onsdag 6. juni 2012

hagen gjennom sommaren, del 1

eg er igrunn ikkje så veldig blomster-interessert, og har absolutt ikkje grøne fingrar, men eg likar å ha det grønt og frodig rundt meg ute, med nokre innslag av blomstrar, helst i rosa, kvitt og lilla.
For kvart år som går så syns eg faktisk det blir meir og meir morro å følge med på utviklingen i hagen, og har stadig tenkt at eg vil dokumentere dette på bilder. Både fordi utviklingen som skjer "av seg sjølv" er fasinerande, og fordi det kan hjelpe meg med vidare hageplanlegging når eg ser kor det blomstrar når. Dokumenterar det like godt her på bloggen eg:)

Så til ein heilt anna ting; eg syns det er så utruleg koselig med alle kommentarane fra dykk, dei gjer meg veldig glad, og gjer det ekstra morro å blogge! Ofte har eg lyst til å svare på dei, men tenker at sikkert ingen går inn igjen på innlegget etter å ha kommentert og får med seg svaret, så derfor har eg ikkje brukt den svarfunksjonen. MEN no tenkte eg å begynne å bruke den alikevel, spesielt på kommentarar fra dikka uten blogg, og for å svare på spørsmål, så fra give-away-innlegget og utover, kan det vere svar å få, hehe:)

Og apropos give-away, siste frist til å delta er i morgon kl 12, etter det blir det høgtideleg trekning av storesnuppa og meg:)

søndag 6. mai 2012

favorittstemor

Eg har funne min favorittstemorsblomstfarge, og det er den på bildet. Lyseblå og fin, og har havna på trappa vår:)

Idag har Christian spelt i ein dåp, mens Ingrid var medhjelpar (!), og Synøve og eg sov ut etter ei natt med sikkert fleire kilometer tilbakelagt på stovegolvet.
Etterpå har me kosa oss i badeparken. Og så ser eg at eg har fått ein award til, og det var jo veldig koselig!! Eg kjem tilbake til den i neste innlegg.



Nyt søndagskvelden, og ha ei fin veke!
klem

torsdag 3. mai 2012

kjære søskenbarnet mitt!

Så fin sandkasse du har fått deg, eg gledar meg til å leike med deg i den snart!
"se hva jeg har fått meg da Dadda! (jeg tenkte det var litt koselig viss jeg kalte deg Dadda tilbake)" :)

klem fra ingrid-dadda:)

lørdag 31. desember 2011

Godt nytt år!

Me ønsker deg som er innom eit godt nytt år, fylt av glede og meiningsfulle øyeblikk! 
Ta godt vare på deg sjølv og kvarandre!

Bilder fra trammen til storehuset og veslehuset:)


Klem fra Ingrid, Synøve, Britt Kirsti og Christian

fredag 30. september 2011

sommer&sol&haust


 Såååå deilig med varm og fin sol idag! Fine haustdagar som dette syns eg igrunn er mykje finare enn ein ordentlig sommardag! Fargane, lyset, lufta er så bra. Og så er det kanskje litt med at ein set ekstra pris på sånne dagar når ein har komme til ei årstid der ein ikkje forventar så fine dagar. Iallefall følte eg veldig for å ta ein tur med fotoapparatet på tomta vår her i Nøkkeldalen. 









Til og med ein kontainer blir litt sjarmerande i haustsola! :)

Ha ei fin helg!

søndag 28. august 2011

Dørkrans

Eg syns det er koselig med dørkransar som passar til årstidene.  Hugsar ikkje kor, men ein eller anna plass på det store nettet fant eg inspirasjon til å lage denne lettvinne røsslyngkransen. Røsslyng har ein nydelig lillafarge syns eg, og sidan me bur i skogen, er me heldig å ha masse røsslyng rundt omkring på tomten!


Ha ein fin søndag!

fredag 19. august 2011

Endelig fredag!



Fyrste veka etter 4 veker med ferie er over, og me har, i den grad det går an, igjen blitt komfortable med å stå opp kl 06... I har begynnt på giraffen, den eldste avdelingen i barnehagen, og det har gått fint! 


Men no er fredagen her, og det er jo bærre lækkert! 


God helg!!!

lørdag 30. juli 2011

for 15 minutt sidan...

...vart dette bildet tatt. Så kom ein liten (og egentlig deilig) regnskyll, og me har tatt turen inn. 
Å kose seg heime er for oss ein viktig del av ferien. Nokre dagar med ingen avtalar, uten klokke og null stress er deilig. Da kan det til og med vere kos med litt jobbing på diverse prosjekt. Dei siste dagane har eg pusla med utejobbing fra "to do-lista", mens I har kosa seg i hagen, med vennebesøk, og ikkje minst bading! Og C, han jobbar iherdig på det største prosjektet i hagen, nemlig musikkstudioet. Han snekrar og snekrar, og det blir så fint og flott!:)
Ha ei god helg!

onsdag 22. juni 2011

uti vår hage.....



...der veks det no blomstrar som me kan ta inn i vase, og det er så koselig! I har jo starta sesongen for lenge sidan med div løvetann og andre sjarmerande vekster som har fått plass i vasar, men dette er årets fyrste hageblomst som har fått komme inn:)
Ha ein fin kveld!

tirsdag 15. mars 2011

lengtar etter sommaren

...eller iallefall litt meir vår enn det er no... Me har vore i Sogn i helga, og når me køyrde over Hemsedal vil eg påstå at det var mindre snø der enn me har her i Nøkkeldalen. Det er vel ikkje slik det skal vere?!?


Ja ja, det er håp! Det renner fra takrennene!!

fredag 4. mars 2011

winter wonderland


Neida, eg er veldig veldig klar for vår no, MEN når det fyrst er som det er, med snø som iallefall ikkje forsvinner i løpet av neste veke, så gledar eg meg over den nydelige morgonen som var i går. Eg er glad me bur i eit land med tydelige årstider (sjølv om enkelte av dei gjerne kunne vore LITT kortare....), kvar årstid har sin sjarm.  Ekstra fint var det at gårsdagen var snuppa og min sin vekentlige fridag, for da kunne skjønnheiten nytast ekstra, og til og med bli foreviga :) 

Huset vårt, midt inni skogen:) bak til høgre viser det som skal bli husbondens musikkstudio, fjorårets nybygg nr 1
Fra hagen på baksida av huset. Denne er for øyeblikket desidert finast MED snø...
Fjorårets nybygg nr 2: leikestova. Det blir koselig når døra står åpen og snuppa springer rundt på plenen og serverar kaffi. Akkurat no virkar det veldig fjernt, med all den snøen, men SNART SNART!!!!
Garasjen og innkøyrsla rett bak bilen. Bildet er tatt fra inngangsdøra vår.



 Ha ei god helg!! 
klem Britt Kirsti
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...