Viser innlegg med etiketten fest. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fest. Vis alle innlegg

torsdag 23. august 2012

prinsessefest og gratis print

I dag har me hatt 2 prinsessefestar. 
Fyrst ein for tre kule damer på rundt 70 og oss tre jentene:), deretter THE prinsessefest for 4 rosa prinsesser på snart 5 år! 


Det vart pynta og dekka utanfor leikestova, og pølser og prinsessemuffins vart servert. Tilslutt var det fisking fra verandaen. Utifra lydnivået virka trivselsfaktoren til å vere høg:)

På festen fekk eg gjort nytte av to tips eg har fått fra andre og som eg vil dele vidare:


Tips 1: Fest papptallerken til bordet med ein bit dobbel tape, så blåser den ikkje vekk i vinden.

Tips 2: Muffintoppers er lette å lage. Klipp/stans ut to like rundingar (eller andre former) med ønska print, lim dei sammen med eit 1/3 langt grillspyd imellom. 

www.printablepartykits.com finn du gratis print til ulike anledningar. Her kan du òg finne gratis print til m.a. invitasjonar. 
Dagens toppers er fra denne nettsida. Til dåpen laga eg toppers med bilde av ansiktet til veslesnupp. Dei kan du sjå her.



Det tar på med prinsessefestar, så no må mor legge seg:)

lørdag 23. juni 2012

sankthans i Nøkkeldalen

i år vart det inne-sankthans,eller jonsokafta som eg egentleg kallar det, her i Nøkkeldalen. Regnet har stort sett fossa ned, og eg må innrømme at idag tykte eg det var litt deilig med ein innedag med baking og pynting med god tid og god samvittigheit.

Me har ingen fast tradisjon, men idag stelte me istand fest! :) Gjestene var mor og tante, og Ingrid stod for underholdningen med musikk, skuespel, dans og skattejakt! På menyen sto heimelaga hamburgarar med paprikasalsa og båtpoteter, og til dessert hadde Ingrid og eg baka makroner og bananmuffins. No er festen over, og arrangørane har tatt kvelden:)

Har du hatt ein festlig sankthans?

fredag 25. mai 2012

déja vu

Dette kan me vel kalle gjenbruk:


17.mai 2008 og 17.mai 2012:)

Ønsker deg ei fin pinsehelg, og håpar du kan nyte det fine været!

tirsdag 22. mai 2012

...og sånn...

-tilbake på bloggen og tilbake i Nøkkeldalen etter fin 17.mai-langhelg i Sogn!
Me starta 17.mai feiringen kl0330, med ein 8 timers køyretur. Toget hadde akkurat gått forbi når me kom fram, men det gikk bra, sidan me tilfeldigvis fekk med oss eit tidlig 17.mai tog på den eine do-pausen vår:) Resten av dagen vart feira med familien.

















Resten av helga kosa me oss på heimplassen min, med kvalitetstid med familie og venner. Ein ordentlig søndagstur i nydelig vær vart det óg, da heile familien reiste på stølstur.

Naturen er rett og slett nydelig der (heilt objektivt sett:)), og bilder vart det masse av. Denne gangen var det Christian som sprang mest rundt med kameraet og fanga "fjords and fjells" og andre ting:)

tirsdag 10. april 2012

dåpsbordet

Tenkte eg ville vise litt fleire bilder fra dåpen, denne gangen fra bordpynting og kakebord. 

Her er det dekka til snittar. Me gjorde det enkelt og greit, og bestilte snittar. Deilig å heller kunne bruke den ledige tiden, som ein ellers måtte stått på kjøkkenet, til kvalitetstid med besøket og resten av familien.
På bordkortet står det 2 vers av "fyllt av glede".  Navnet/tittelen på dei forskjellige er stempla nederst.
Serviettane syns eg var så søte, fra Tine K. 
Blomsterpynt fra Nille.

Kakebordet vart dekka med rosa serviettar med relieff. 
Kakebordet slapp eg òg billig unna, me bestilte marsipankake og gjærbakst fra den lokale bakaren der Christian har hatt sommarjobb i sin ungdom, og svigermor laga eplekake. Eg laga ostekake, og storesnupp og eg laga muffins sammen:)



Muffinsane vart pynta med dåpsbarn-"toppers":)


...og pikekyss og kirsebærblomster fra hagen, gjorde ikkje bordet mindre rosa:)




søndag 8. april 2012

dåpen

Nokre bilder fra dåpen, og dåpssalmen eg er så glad i: 

Fylt av glede over livets under, 
med et nyfødt barn i våre hender, 
kommer vi til deg som gav oss livet. 

Fylt av beven foran ukjent fremtid
legger vi vårt barn i dine hender. 
Det som skjer i dåpen, gir oss trygghet.

Fylt av undring er vi i din nærhet!
Du  som bærer verdensrommets dybder, 
venter på de små og tar i mot oss. 

Ved ditt verk, ved Kjærlighetens vilje
er vi født på ny til liv i Kristus, 
til et åpent liv i tro og tillit. 

Og ved tidens grense lever fortsatt
dine løftes-ord ved døpefonten, 
dåpens lys forblir når livet slukner.

Større rikdom enn hva ord kan romme, 
har du gitt  oss gjennom dåpens gave. 
Herre, la vår tro bli fylt av glede!

Laid-back dåpsbarn, i dåpskjolen bestemora mi vart døypt i i 1910:)





fredag 4. november 2011

blessed and gratefull!




Mini-snuppa vår kom natt til søndag, og me føler oss veldig veldig heldige, som har fått desse to fantastiske!

mandag 17. oktober 2011

stille før stormen

Ei, for andledningen, nyommøblert stove ventar på storinnrykk av 12 små feststemte...
 ...og ho var ikkje akkurat mindre feststemt ho som venta på gjestene heller... :)
Og festen vart vellykka den, 4-åringen vår var iallefall fornøyd! :)

fredag 14. oktober 2011

hurra for jenta vår!

 I dag er ingsepingsa vår 4 år, og me er veldig stolte av den store fine jenta vår! Dagen starta med pakkeåpning i senga, deretter mange timar med leiking og baking og Pippi Langstrømpe på DVD, og til slutt ein bursdagsfest med familien! Og jenta var veldig fornøyd! No gjenstår barneselskap på søndag, med kanskje 14 søte små...
Hurra for deg som fyller ditt år, ja deg vil vi gratulere!

fredag 30. september 2011

stolt mamma vil fotografere fine jenta si som har pynta seg...

...men fine jenta syns det er kjedelig å stå på utstilling....

...og vil mykje 
heller danse rundt og vere fin!


 ...og det kan eg godt forstå... :)

lørdag 20. august 2011

muffins og pannekaker

Det var ei veldig stolt jente på snart 4 som var i 6-års bursdag til nabojenta idag; "tenk at ei lita barnehagejente skal i bursdag til ei skolejente!!!!" I tillegg var det hennar fyrste bursdagsselskap uten mamma eller pappa; "du gå hjem med en gang vi har kommet til døra der, mamma!" :) 
Med seg hadde ho heimelaga presang og kort. Kortet hadde ho scrappa sjølv, mens mamsen hennar stod bak presangen, som var ein kakeboks med sydde muffins og pannekaker. Det er så koselig å sitte å lage sånne ting, syns eg. Og produksjonslysten er jo ikkje akkurat mindre, etter at eg denne veka BÅDE har fått pakke fra kreativhobby OG handla på stoff&stil. Helst vil eg bruke alle dei nye "leikene" mine med ein gang! Så i kveld blir det produksjon av sanseputer til babyar; raske å lage, og eg får brukt opptil fleire av dei nye stoffa + stæsjet fra stoff og stil:) Ha ein fin kveld!





onsdag 18. mai 2011

hipp hipp hipp

..hurra!!!


I går var ein fin dag, og for I som for fyrste gang hugsa forrige 17.mai og visste at det var grunn til å glede seg, var dagen etterlengta. :)


Bunaden, flagget, fløyta, gå i tog med venninnene, sjokoladekake, godtepose, alle leikane, daaaamestrømpebuksa hennar, heliumballongen som aldri rømte, gjennsyn med ein gammal flamme fra i fjor, ALT var så stas, at me gløymte til og med å ete is!! 


Det er herlig å dei små som gledar seg så over dei "små" tinga i livet!
Og me er heldige som har havna i eit land der me har det så bra!







tirsdag 1. juni 2010

testing testing....

Dette er 1.forsøk på eit blogginnlegg. Bloggen skal i fyrste omgang vere for å oppdatere bestemor, bestefar, onkel og tante i Sogn (og evt andre interesserte) på kva som skjer i vår vesle familie i Nøkkeldalen, med litt bilder og slikt. -og så er det jo litt koselig å ha ein eigen blogg. trur eg! 17.maibilder har blitt etterlyst, så her kjem dei:














Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...