lørdag 20. august 2011

muffins og pannekaker

Det var ei veldig stolt jente på snart 4 som var i 6-års bursdag til nabojenta idag; "tenk at ei lita barnehagejente skal i bursdag til ei skolejente!!!!" I tillegg var det hennar fyrste bursdagsselskap uten mamma eller pappa; "du gå hjem med en gang vi har kommet til døra der, mamma!" :) 
Med seg hadde ho heimelaga presang og kort. Kortet hadde ho scrappa sjølv, mens mamsen hennar stod bak presangen, som var ein kakeboks med sydde muffins og pannekaker. Det er så koselig å sitte å lage sånne ting, syns eg. Og produksjonslysten er jo ikkje akkurat mindre, etter at eg denne veka BÅDE har fått pakke fra kreativhobby OG handla på stoff&stil. Helst vil eg bruke alle dei nye "leikene" mine med ein gang! Så i kveld blir det produksjon av sanseputer til babyar; raske å lage, og eg får brukt opptil fleire av dei nye stoffa + stæsjet fra stoff og stil:) Ha ein fin kveld!





2 kommentarer:

  1. wow! for ei heldig bursdagsjente som fekk heimelaga gåve. du er flink! håpar me får sjå det andre du skal leike deg med ;)

    koseleg bilde under her.

    -klem til deg

    SvarSlett
  2. Kjempeflott bursdagsgåve - du er flink :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...