Viser innlegg med etiketten tiden. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tiden. Vis alle innlegg

onsdag 22. august 2012

positivt fokus, ja takk!

På begynnelsen av sommaren så lagar me alltid ei ute-to-do liste som helst skal strekast ut på alle punkt før hausten er her. Når hausten kjem, er ikkje alle punkta streka ut, og eg tenker på alt me ikkje har fått gjort. Tippar det er fleire som kjenner seg igjen?!  

Men så såg eg bildet fra hagen tatt midt på sommaren ifjor, og da ser eg at me har jo faktisk fått gjort ein del da. 




Og så tenker eg at det er jo typisk, at eg tenker på alt ein skulle ha gjort og ikkje har fått gjort, og gløymer å sjå alt ein faktisk har fått gjort. Ikkje berre når det gjeld denne sommar-to-do-lista, men òg med dei daglige gjeremåla.
Eg er ganske sikker på at det ikkje berre er meg som er sånn:) 
Og kva gjer denne stadige følelsen av til-kort-kommenheiten med oss? Fordi me stiller urealistiske krav til oss sjølve og tiden?

Nei, no vil eg trene på å fokusere på alt som er gjort, og alt som er bra! Det ein ikkje har fått gjort blir uansett ikkje noko meir gjort om ein berre går og tenker på det:) 

onsdag 15. august 2012

desperat symodus

Permisjonen nærmar seg slutten ( dvs 1,5 mnd igjen), og eg har komme i eit desperat symodus. Ein plan for permisjonen var å sy ein del når snupp hadde lurane sine, men så er det stadig andre ting på programmet óg, når ein fyrst har eit slikt år der ein "skal rekke alt" (!), så syingen har blitt litt nedprioritert.

No, derimot, er syingen opp-prioritert! Det er alltid noko anna ein skulle ha gjort, men no VELGER eg å bruke tid på syinga, og har faktisk fått sydd litt. Er igang med nokre små kjolar til epla-butikken, skal vise når eg har fått oppdatert sida. Og siste dag før me reiste på ein liten Danmarkstur, fekk eg fullført settet på bildet, til jentene. Tenkte det var greit å få sommarantrekket ferdig før det vart august og siste ferieturen var over, sidan det sannsynligvis ikkje passar til neste år:)

Idag er fyrste dagen etter ferien som veslesnupp og eg er aleine heime mens dei andre er på jobb og barnehage. No er det soooool, og det må nytast, så no tek me oss ein tur ut til huska i hagen, for det elskar veslesnupp:)

ha ein fin dag der du er!

lørdag 11. august 2012

kva gjer ein...

...når ein har ein morgonfrisk bebis som kryper ivrig rundt og utforskar stova, og ein sjølv kveld etter kveld går på samme smellen og legger seg aaalt for seint, slik at ein nesten ikkje ser ut av hovudet når den morgonfriske babyen er klar for ny runde i stova?

Eg henger over ipaden og surfar rundt uten mål og meining, tar inn ein masse info, men er for trøytt til å tenke konstruktivt eller produsere ord i form av kommentarar eller blogginnlegg. Uansett: idag såg eg eit bilde av ein baby (Jessica Alba sin, faktisk...), med ein skjønn hårpynt, og da hadde eg tydeligvis sitte så lenge på nettet at eg var begynt å vakne, så eg vart inspirert, og fann fram heklekorga, og laga det hårbandet du ser på bildet. Kjekt til små søte damer med lite hår og som stadig blir omtala som "han". :)

Kva gjer du viss du har nokon som dreg deg opp før du er vaken? :)

torsdag 10. mai 2012

sånn!

da har eg bestemt meg for å rett og slett ta ein pause fra internettet til over
17.mai. Ein liten avvenning, rett og slett, sidan det er litt masse på to- do lista no, og tydeligvis veldig vanskelig for meg å begrense tiden eg brukar på nettet. skal berre, skal berre....bloggar, facebook, div, div div. 15 minutt her og 10 minutt der mange ganger om dagen, tar meir av dagane mine enn eg har lyst til. Hadde bestemt meg for å ikkje vere på nettet når eg er sammen med snuppene og sånn óg, men jammen sit eg her og surfar med jentene rundt meg til dei blir utålmodige. Så når eg ikkje klarar å følge restriksjonane mine, får eg kutte tvert nokre dagar:)

Ønsker dikka fine maidagar, og så "snakkast" me:)

bildet er fra pinterest.com

fredag 4. mai 2012

tiden

Fyrst telde me dagar. Så telde me veker. Så telde me månadar. -og no er me jammen igang med å telle halvår! Vesle koseklumpen fylte eit halvt år på mandag.

Eg syns eg merkar enda bedre at tiden går fort når me har ein slik mini-mini, som stadig er i forandring. Og eg tar meg sjølv i å kvar måned bli nesten lei meg over at " ånei, no har det gått enda ein måned, no er du enda litt nærmare å vere ferdig med babystadiet, og enda kortare tid igjen av permisjonen".
MEN egentleg så vil eg tenke "så bra at me har det så godt at tiden går fort! Så heldig eg er som er heime med skjønn baby og enda skal vere heime i fleire månadar!!! og så bra at at ho er frisk og veks og utviklar seg!" Dette trenar eg på. Og eg trenar på å fokusere på å nyte nuet, og ikkje bruke energi på alt som er forbi og alt som skal bli. Eg treng masse meir trening, men eg er igang:)

"Dagen idag er morgendagen du drømte om igår" kinesisk ordtak
Ønsker deg ei god helg med masse "nu"! :) klem

tirsdag 17. april 2012

å hei hvor det går...

Javel, da har eg fått sydd kjolen som eg planla +handla inn til i fjor vår... 
Dette skal vere ein barnehagekjole for storesnuppa. 
Stoff: Stoff&stil, mønster: Stoff&stil, 
knapp og bånd: sybutikken i Sogndal.

Om det er så veldig familievennlig at jentene her i huset får heimesydde klær, er eg av og til litt usikker på. Når eg fyrst set i gang, blir eg superfokusert på å bli ferdig, og jentene masar, og eg blir utålmodig mamma, -og endar opp med dårlig samvittigheit når eg er ferdig... 

Derfor har eg bestemt meg for at tirsdag skal bli min faste sy-dag. Mens Ingrid er i barnehagen og Synøve har lurane sine (som for øyeblikket er inne i ein lang god stim), skal symaskina gå varmt! Sjølv om det er tusen ting eg kanskje heller burde gjort, skal eg rett og slett ta meg tid til dette resten av permisjonen, fordi å sy gjer meg glad (egentlig)! :)


Håpar du har hatt ei fin helg! 

Og scrappar du, anbefalar eg deg å ta turen innom kines klode,
 og delta i konkurransen ho har der!

God vekesstart til deg!

fredag 30. september 2011

sommer&sol&haust


 Såååå deilig med varm og fin sol idag! Fine haustdagar som dette syns eg igrunn er mykje finare enn ein ordentlig sommardag! Fargane, lyset, lufta er så bra. Og så er det kanskje litt med at ein set ekstra pris på sånne dagar når ein har komme til ei årstid der ein ikkje forventar så fine dagar. Iallefall følte eg veldig for å ta ein tur med fotoapparatet på tomta vår her i Nøkkeldalen. 









Til og med ein kontainer blir litt sjarmerande i haustsola! :)

Ha ei fin helg!

lørdag 30. juli 2011

for 15 minutt sidan...

...vart dette bildet tatt. Så kom ein liten (og egentlig deilig) regnskyll, og me har tatt turen inn. 
Å kose seg heime er for oss ein viktig del av ferien. Nokre dagar med ingen avtalar, uten klokke og null stress er deilig. Da kan det til og med vere kos med litt jobbing på diverse prosjekt. Dei siste dagane har eg pusla med utejobbing fra "to do-lista", mens I har kosa seg i hagen, med vennebesøk, og ikkje minst bading! Og C, han jobbar iherdig på det største prosjektet i hagen, nemlig musikkstudioet. Han snekrar og snekrar, og det blir så fint og flott!:)
Ha ei god helg!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...