onsdag 23. januar 2013

kvardag


Hei og hå! Her flyr dagane avgårde i kvardagslige syslar som jobb, dagmammatilvenning, barnehage, matlaging, nasedråpar, matbutikkutflukter, klesvask, fest etter fest på storesnupprommet, reknskap og enda eit forsøk på å få gode system på det meste, rydding, rydding, litt vasking og rydding, leiking, barnetv, oppdragelse og små kvardagskonfliktar, bleieskift, rydding og juicing, og eg nyter det!



"berre ein vanlig kvardag, for ei gåve" 
Denne "tavla" fekk me fekk til bryllupet fra ei god venninne. Eg syns den teksten er like fin no som da. Ferie, høgtider og fest er morro og godt det, men når kvardagen er tilbake, er det alltid godt det óg, syns eg! -Så hurra for kvardagen, den er ei gåve! :-)  



torsdag 10. januar 2013

overlevde jula


Tre marsipansnømenn som overlevde jula! I godt selskap med alt for mange kakemenn og pepperkakemenn og andre søtsaker som òg overlevde jula. Eg blir litt uvel av tanken på kor masse me hamstrar til jul i frykt for å ikkje ha nok å kose seg med, når ein veit at andre kanskje ikkje ein gang blir mette i jula... etterpåklokskap. -i år òg... Løysninga i år blir innkjøpsstopp på alle godsaker i januar og februar.



Det nye året er godt igang. Her i huset byr det på nye rutiner, med Christian tilbake i jobb etter 3mnd pappaperm, og eit lite puslespel som er igang for veslesnupp. Eit puslespel me er veldig fornøyde med; Veslesnupp har ein liten kamerat som like gammal, og dei tilbringer 4 dagar i veka sammen. To dagar med hans mamma, to dagar med meg. Det er så koselig, og dei er så skjønne sammen:) Den femte dagen i veka er dei heime med kvar sin pappa. Veldig fornøyd med kontantstøtten, må eg sei!

Denne veka er det derimot feberen som rådar, så no er veslesnupp og eg aleine heime og ho tek seg ein liten lur. Sola skin, og eg prøver meg på ein kjapp helgevask. Ha ein fin dag!


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...