Viser innlegg med etiketten hekling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hekling. Vis alle innlegg

lørdag 11. august 2012

kva gjer ein...

...når ein har ein morgonfrisk bebis som kryper ivrig rundt og utforskar stova, og ein sjølv kveld etter kveld går på samme smellen og legger seg aaalt for seint, slik at ein nesten ikkje ser ut av hovudet når den morgonfriske babyen er klar for ny runde i stova?

Eg henger over ipaden og surfar rundt uten mål og meining, tar inn ein masse info, men er for trøytt til å tenke konstruktivt eller produsere ord i form av kommentarar eller blogginnlegg. Uansett: idag såg eg eit bilde av ein baby (Jessica Alba sin, faktisk...), med ein skjønn hårpynt, og da hadde eg tydeligvis sitte så lenge på nettet at eg var begynt å vakne, så eg vart inspirert, og fann fram heklekorga, og laga det hårbandet du ser på bildet. Kjekt til små søte damer med lite hår og som stadig blir omtala som "han". :)

Kva gjer du viss du har nokon som dreg deg opp før du er vaken? :)

onsdag 2. mai 2012

hekleteppe og award


Inspirert av denne og denne bloggen, og denne boka, er eg no igang med å hekle teppe. 
Det er kjempemorro, og vanskelig å 
legge fra seg, men etter 117 lappar skal eg nok bli forsynt:)
På søndag fekk eg ein hyggelig melding fra Sol med den koselige bloggen Sol og Glede, om at eg hadde fått ein award på sida hennar! Awarden fungerar slik:

1. Du skal linke tilbake til den du mottok awarden frå.
2. Du skal sende den vidare til 5 andre bloggar som har mindre enn 100 følgarar.
3. Du skal svare på 5 spørsmål.

Hvorfor begynte du å blogge?
To grunnar; for å oppdatere familien på vestlandet litt om kva som skjedde her med bilder. Og fordi eg begynnte å bli hekta på å lese bloggar og hadde lyst til å prøve litt sjølv for morro. No er bloggen ein blanding av familieoppdatering, framvisning av fullførte hobbyprosjekt, litt tankar, bittelitt interiør, og litt diverse:)

Hvilke blogger følger du?
Til å begynne med følgde eg kun interiørbloggar, men no er eg og veldig glad i bloggar til ettertanke, sy- og scrappebloggar, og bloggar om familielivet. Best likar eg bloggar som inneheld både inspirasjon og tankar på ein gang, ja takk begge deler:)

Hva er favoritt fargen din?
Støva aqua og andre duse turkisfargar er for øyeblikket favoritten. I tillegg er eg alltid glad i lillafargar i ulike nyansar. 


Hva er favoritt filmen din?
Den sjette sansen

Hvilke land drømmer du om å besøke?
Hellas, Irland, Caribien, og ny roadtrip i USA

Eg sender awarden vidare til desse bloggane, som eg likar veldig godt:
(og det er sjølvsagt frivillig å svare)



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...