søndag 30. desember 2012

Godt 2013!

Vil berre ønske deg som er innom eit godt nytt år! Håpar 2013 blir eit bra år for deg! Ein kan vel aldri forvente eit år som kun er ein dans på roser, for livet består av både ups and downs, men håpar du får eit år med overvekt av dei gode øyeblikka!



Fant eit fint trykk på pinterest.com som eg ville dele. Syns dette var litt søte og avslappa nyttårsforsett. Nyttårsforsett kan vere bra det, men ikkje ver for streng med deg sjølv. Det er så lett å skape forventningar til seg sjølv som er så høge at ein ikkje klarar innfri, og dermed bli skuffa over seg sjølv. Hugs på at "give yourself a break, you're doing great"! :)




onsdag 26. desember 2012

aking, snølykt og ein liten venn

Håpar de har og har hatt fine juledagar! Idag har det vore fint vintervær, og mens veslemor tok seg ein ettermiddagslur, var Ingrid og eg ute og leika i snøen. Den fine sola hadde gått ned, men ikkje så gale at det ikkje var godt for noko, for da fekk me nemleg prøvd ut snølykta me lagde med ein gang. Ein liten søt snømannvenn vart òg til, og me gjorde rompeakebrettbakken vår enda glattare:) Ha ei fortsatt fin jul!


søndag 23. desember 2012

#23 God jul!

Ønsker deg som er innom ei god jul med mange gode øyeblikk!


klem fra oss i Nøkkeldalen:)

tirsdag 18. desember 2012

#18 julekort

Det var denne siste veka da, den som eg alltid tenker at eg skal ha gjort alt unna til, slik at det berre er å kose seg, men som fyller seg opp med alt som ein ikkje har gjort da ein egentlig skulle gjere det fordi eg heller koste meg:) 
Ja,ja, julestria har sin sjarm den òg:) 
Og at det er ein del å gjere er jo òg på grunn av at ein er så heldig at ein har gode mennesker rundt seg som ein vil sende julekort til, og gi gaver til, og som ein vil bake og stelle i stand for og til! 

I kveld MÅ eg få skrive ferdig julekorta! Rart å sjå tilbake på julekortet fra i fjor. Føles som eg satt og skreiv dei i går, men eg ser jo at ein del har skjedd med dei to yngste i huset sidan da:


Fin kveld til deg!:)

lørdag 15. desember 2012

#15 konsert i heimen

Her kjem eit lite innlegg like før 15.des blir til 16.des.
Idag har me fått eit par timar med gratis trim og frisk luft, i form av snømåking, og etter ei veke m sjukdom og innesitting var det rett og slett litt deilig. Etterpå har me vore på familiejulebord med jobben til Christian, og det var ein vellykka julebordvariant. To små show, julebuffet, og tilgang til m.a. hoppeslott og tegnefilm. Det slo iallefall an hjå våre to små!

Ville berre vise nokre bilder eg tok for eit par dagar sidan. Som veslesøster må ein visst finne seg i så mangt, og her har veslesnupp blitt plassert oppi ei dokkevogn, MED høyrselsvern og gitar, for å akkompagnere storesnupp på ein liten konsert. Begge to storkosa seg, og det er slike øyeblikk som eg føler ein berre må stoppe opp og nyte øyeblikket, uansett kor travel dagen er. Eg har nemnt eit uttrykk før, som eg er så glad i; "every day may not be good, but there's something good in every day." Det her vart eit sånnt øyeblikk for meg den dagen:)





fredag 14. desember 2012

#14 engleproduksjon

Så var det helg igjen!
Ville berre vise fram storesnupp og min sin engleproduksjon som har blitt til litt sånn innimellom denne veka:)
Ønsker deg som er innom ei god helg!


onsdag 12. desember 2012

#12 ingen er bare det du ser

På julemarkedet på laurdag hadde Kirkens Bymisjon stand ved sidan av oss. Dei hadde eit stort skilt med desse orda, som vart ein tankevekkar: 

ingen er bare det du ser.

(bildet er fra pinterest.com)

"Don`t judge a book by its cover" er òg eit uttrykk. Det er så lett å meine ting om andre, og å gå ut ifra at ein "kjenner heile bildet". Forutinntatte meiningar, fyrsteinntrykk, det ein har høyrt andre meinar... 
Men ingen er berre det ein ser
Nokre få ord, men som seier veldig masse. La oss hugse på dei. 

tirsdag 11. desember 2012

#11 hildas inspirasjon

Deler litt inspirasjon fra nettet idag. Bildene er fra "hildas inspirasjon", eit gratis nettmagasin som du finner på Hildas fine blogg Hildashem.se. Anbefallar å ta turen innom å bli inspirert! I mens skal eg ligge på sofaen (i dag var min tur å få den koselige sjuka som går på omgang...) og sjå på Christian som lærer seg zumba på nitendo wii. Bra underholdnng, he he:)
Fin tirsdagskveld til deg!





mandag 10. desember 2012

søndag 9. desember 2012

#9 frå kjøkenglaset

Idag er eg igrunn glad for å vere på innsida av kjøkenglaset, snøen lavar vannrett ned. Me har sett 11 episodar (oi, det var litt masse det...) skomakergata og hatt ein liten juleverkstad der me har klippt ut snøkrystallar til å ha på vinduet.


Egentlig skulle me ha vore på ein julekonsert med Garness og eit lokalt kor her, men dessverre er Veslesnupp sjuk, så me måtte holde oss heime. Christian spelar på eit par av sangane, så han er der da.

Ønsker deg ein fortsatt fin 2.søndag i advent!

lørdag 8. desember 2012

#8 julemarked

Idag har eg og ei venninne stått på Bondens Marked sitt julemarked. Været var strålande, om enn litt kaldt, og med julemusikken i bakgrunnen gav det årets fyrste snev av julestemning for min del. Salget gjekk så som så, men koselig er det lell:)

   

Christian er ute og spelar bass ikveld, og er eg godt i gang med del 1 av laurdagskvelden, som er teppe, te, stearinlys og ipad. Del 2 er å ta eit røsk med forsømt husarbeid. Kanskje ikkje så koselig, men følelsen av å ta tak i ein del av det som henger over ein er god. Burde ha bytta rekkefølget på del 1 og del 2, men så disiplinert var eg visst ikkje idag (heller...).

Ønsker deg ei fortsatt fin helg!


#7 gårsdagen

I går rakk eg ikkje lage innlegg før den 7. var over. På ein ærendsrunde rakk me derimot å kjøpe med oss ei julestjerne frå Europris! Endelig ei julestjerne i dette huset óg, og at den kosta 39 kr var jo litt morro, for eg syns faktisk den var kjempefin! :)


torsdag 6. desember 2012

#6 pannebandproduksjon

Ikveld skal eg til ei venninne på sykveld, 
det blir koselig det!
Planen er å sy litt fleire panneband som det på bildet, i forskjellige fargar. 


Ha ein fin kveld!:)

onsdag 5. desember 2012

#5 et annet eventyr

Sove lenge, våkne våken
drikke teen ganske sakte
spise langsom lunsj med alt som hører til
Bare være, bare hvile og ta dagen som den kommer
Bare gjøre ingenting, i den takten jeg vil

Det er et annet eventyr
som leves nå og her
og nå en stund er tiden min din
Men jeg har tid nok til å drømme
litt en våke-natt
Mens jeg bærer på en våken skatt

Nyte hengehengekøya doven, 
lese boka uten opphold
prate lenge uten avbrudd med en venn
se på skyene som seiler
sende skaperen en tanke
bare nyte tida, samle krefter igjen

Det er et annet eventyr
som leves nå og her
og nå en stund er tiden min din
Men jeg har tid nok til å drømme
litt en våke-natt
Mens jeg bærer på en våken skatt

Så uendelig er natta
Men så kort er denne tiden
Snart skal lille du få se og sanse selv
Et mysterium er gjemt i at det lille er det store
I det nære bor en fryd
som er vår nå i kveld. 

Det er et hverdags eventyr
som leves nå og her
og nå en stund er tiden min din
Men jeg har tid nok til å drømme
litt en våke-natt
Mens jeg bærer på en våken skatt


Dette er nok ein sang som har gjort inntrykk, fra ein av CDane me har i forbindelse storesnupps babysang, småbarnssang og no torsdagsklubb.  
Sangen heiter våkenattsdrøm, og er fra CDen Diridam. Her finn ein òg hverdag og til trøst, som eg tidligare har skrive innlegg om.

tirsdag 4. desember 2012

#4 julestemning i bladstativet




Det er ikkje så veldig julepynta her i huset enda, men bladstativet er klart!

Eg tar vare på favorittblad fra kvar av årstidene og jul, og tar dei fram igjen år etter år for å "pynte" bladstativet + få litt sesongbasert inspirasjon. Eg syns det gjer masse stemning ut av seg.
Bladet over er fra 2004, men fremdeles ein av favorittane som gir meg julestemning.
                       

Ha ein fine kveld! :)

mandag 3. desember 2012

#3 nytt forsøk

I helga gjorde me eit nytt forsøk på julekortfotografering, denne gang utandørs. Sjølv om seansen enda som sist (dagens bilde), så fekk me faktisk óg nokre fine bilder denne gangen:)

Kveldens jobb blir å sende julekortet + ein del andre bilder til framkalling. På tide at den tomme bildelista over sofaen får seg nokre bilder, og på tide at det fins fleire papirbilder i huset av veslesnupp enn berre takkekortbildet..... :)


Julegrantenninga i går gjekk kjempefint, og storesnupp og venninna sang av full hals! tøffe:)


søndag 2. desember 2012

#2 julelys (man tager hva man haver...)

Eg hadde ikkje tenkt på å sjekke lysbeholdningen til advent, så da var desse sommerlige lyselilla i stova, og adventsstaken har foreløpig berre eitt lys:)


Idag skal storesnupp (og mora...) synge på julegrantenninga i byen, sammen med gjengen ho går på torsdagsklubben på frelsesarmeen med.
Viss ho fremdeles tør når me er i gang, skal ho og ei venninne av ho synge "nå tennes tusen julelys" heilt aleine! :)

God 1.søndag i advent til deg og dine! 

lørdag 1. desember 2012

#1 velkommen


Velkommen til oss og velkommen kjære adventstid! 
Håpar den blir fin! :)


ps. tusen takk for alle dei koselige kommentarane på forrige innlegg, dei gjorde med glad! :)

tirsdag 27. november 2012

me PRØVER å lage julekort...

Klart til fotoshoot og innstilt på at det perfekte julekortbildet er par knips unna (dårlig hukommelse fra tidligare år...)
Forløpet i kortversjon:



...Eg trur me prøver oss på å lage julekort i morgon òg eg:)


Lite fart på bloggen, men full fart i heimen. Forrige helg hadde me koselig besøk av mine foreldre, bror min og kona, og guten deira.  Denne helga har eg vore på husmor-perm på ei hytte på Sjusjøen ilag med 5 venninner, og det var topp! 


No tenkte eg faktisk å få litt fart i bloggingen igjen, med å ha daglige innlegg i adventstida. (Sånn, no skreiv eg det, så er det litt lettare for meg å følge opp den planen:))

So long!

søndag 11. november 2012

lørdag 10. november 2012

eiffeltårnet og prinsesseslott, ein ekskursjon:)

Dei siste 3 dagane har me vore ein tur til Paris. 
Målet var Disneyland, da storesnupp sannsynligvis er i sin "verste" prinsessefase. Disneyland slo an, og me vart egentlig beordra om å snu når me begynnte bilturen heim fra flyplassen:)


Fyrste dagen landa me tidlig i Paris, og tenkte å oppleve byen litt, men på grunn av kombinasjonen bære-på-bagasje-og-ikkje-finne-oppbevaringsboksar, hotell-ved-Disneyland, barnevogn, metrostasjonar-med-trapper-opp-og-trapper-ned-og-opp-osv, og 4-trøytte-mennesker-som-starta-turen-kl-0230, så nøyde me oss med å opp i- og rundt Eiffeltårnet, før me drog til hotellet.

Hotellet,  og som sagt Disneyland, var derimot ein suksess. Christian har akkurat redigert + sett saman nokre bilder, og eg låner:)



Me fekk audiens på slottet og fekk møte ei prinsesse (etter 1 time i kø...). Styrmann Smisk og Pluto fekk me òg helse på:)

Paraden var eit høgdepunkt, til og med for veslesnupp, som ropa hei!!! se!!! hei!!! se!!! osv under heile paraden, og tok ny fartsrekord i vinking:) Når vart babyen vår så stor??

Det vart ein del "for fyrste gang" på turen: Veslesnupp tok sine fyrste karusellar, og syns det var stas. I tillegg var det fyrste flytur for begge jentene, fyrste storbytur og dermed også -undergrunnstur for begge jentene, veslesnupp bestilte sitt fyrste restaurantmåltid, ...og så såg me årets fyrste pynta juletre da:


Fin tur, men godt å komme heim igjen til rolig helg òg:) 
Ønsker deg ei fortsatt fin helg! 

tirsdag 30. oktober 2012

hurra for søta på eitt år!

Kjære skjønne Synøve, gratulerar med din fyrste bursdag!!

Tøysejenta, kosejenta og sjarmøren vår:)





smask <3

klart til 1-års feiring

Tenk idag fyller minstesnuppa sitt fyrste år! Skulle vore novemberbarn, men ho ville vere oktoberbarn ho óg, så da er ho oktoberbarn nr 4:)
Bordet er dekka, for ein sånn koselig jobb kan ein ikkje spare til dei (alltid...) kaotiske minutta det blir like før gjestene kjem.
Storesnupp har site og pakka inn nokre leiker ho har vokst ifra, for ho ville gi noko ho hadde ordna sjølv i tillegg til den gava me hadde ordna fra ho:)

Bilde av jubilanten kjem seinare idag, no er det formiddagslur-tid, og eg må hive meg rundt og lage mat og kake!

lørdag 27. oktober 2012

bestilling ferdig

På bondens marked kom det ei søt og hyggelig mamma som handla fleire knyttebukser til sin skjønne baby! I tillegg bestillte ho dette:




Buksa har óg eit hjerte bak på rompa, for det er jo så søtt når dei krabbar rundt:)




                   Siklesmekker hadde eg aldri sydd før, så det var eg litt spent på korleis skulle gå. Det endte iallefall med eg fått dilla på å sy sånne smekker, så snart vil eg lage eit lite lass til julemarkedet og eplabutikken.



Ønsker deg ei god helg!



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...