lørdag 15. desember 2012

#15 konsert i heimen

Her kjem eit lite innlegg like før 15.des blir til 16.des.
Idag har me fått eit par timar med gratis trim og frisk luft, i form av snømåking, og etter ei veke m sjukdom og innesitting var det rett og slett litt deilig. Etterpå har me vore på familiejulebord med jobben til Christian, og det var ein vellykka julebordvariant. To små show, julebuffet, og tilgang til m.a. hoppeslott og tegnefilm. Det slo iallefall an hjå våre to små!

Ville berre vise nokre bilder eg tok for eit par dagar sidan. Som veslesøster må ein visst finne seg i så mangt, og her har veslesnupp blitt plassert oppi ei dokkevogn, MED høyrselsvern og gitar, for å akkompagnere storesnupp på ein liten konsert. Begge to storkosa seg, og det er slike øyeblikk som eg føler ein berre må stoppe opp og nyte øyeblikket, uansett kor travel dagen er. Eg har nemnt eit uttrykk før, som eg er så glad i; "every day may not be good, but there's something good in every day." Det her vart eit sånnt øyeblikk for meg den dagen:)





3 kommentarer:

  1. Så herligt,kjempekos når dei koser seg sammen slik:)
    Ein fine adventsøndag til deg!
    Klem

    SvarSlett
  2. Ha ha, herlig med "musikk" i heimen;) Her går det mye i blokkfløyte og trommer...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...