søndag 13. november 2011

rosa og lilla

Ein dag eg rydda og vaska storesøster sitt rom, fekk eg lyst å forevige det sånn. Både fordi dette rommet har ein tendens til å ikkje holde seg så ryddig som akkurat da, OG fordi eg tenker barnerom stadig er i forandring mtp kva møblar/leiker/fargar/interesser eit barn har i dei ulike aldrane. Feks. kommoden som her er avbilda (og som egentlig er ein stellekommode), forsvant like etterpå ut av rommet og inn på babyrommet, for å fortsette livet sitt der nokre år, mens neste møbel inn på dette rommet sannsynligvis blir ein skrivepult. For litt over eit år sidan var det sprinkelseng her, no er det "voksenseng" som I så stolt kalla det. Altså; barnet er stadig i utvikling = barnerommet er stadig i utvikling, og nostalgikar som eg er, måtte eg feks no forevige korleis I sitt rom såg ut når ho var 3&4 år, for å ha det til eit minne når ho blir større:)



Gyngestolen hadde eg når eg var liten, og da var den mørkegrønn beisa:) Sengeteppet laga bestemor til meg når eg var liten, og det er eg veldig glad i! Og bamsen i gyngestolen, -den har husbonden hatt når han var liten. Koselig å kunne bruke sånne ting om igjen. 
Strikkejakka I hadde når ho var nyfødt. Den (og veldig mykje anna fint) har farmora hennar strikka!
Og utsikten fra rommet.... Den er foreløpig ein barkhaug som etterkvart (forhåpentlegvis) blir grønare og grønare.  For øyeblikket er den full av elgspor og rådyrspor, som du ser nede i venstre hjørne. Det er sjarmen med å bu i skogen:)

    

 
Ha ei fin veke! 

2 kommentarer:

  1. Såå koseleg jenterom! Tenker ho har det kjekt her inne :) Ja det er sant det at barnerommet er i stadig utvikling. Kjekt å tenke tilbake på korleis det var eingong med å kikke på bilder. Lurt :)

    Håper alt står bra til med den vesle godjenta dåkas ♥ Klem

    SvarSlett
  2. Så hyggelig jenterom. Kan tenke meg hun koser seg her! Håper alt står bra til med dere alle fire.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...