I går hadde I fridagen sin fra barnehagen, og da kosar me oss ofte med litt baking. I går var det gjærbakst, og da blir det som regel dobbel oppskrift og fleire variantar. I går ville eg lage prinsessekake med vaniljekrem og bringebærsyltetøy, bollar med samme ingrediensar, og solskinnsbollar, mens I ville lage små bollar i mini-muffinsformer, og kakemannfigurar pynta med rosa kakepynt-restar fra bursdagen. Ja, så da vart det 5 variantar da, og smakte godt gjorde det òg! :)
prinsessekake |
Oppskrifta me brukte på gjærdeigen var fra Leila Lindholms "a piece of cake", som har blitt mi nye favorittkokebok. Oppskriftene er gode, og dei har ofte ei koselig innleiing. Dessuten er det veldig masse inspirerande bilder i den, akkurat etter min smak, og litt sånn stil som eg ønsker å ha på kjøkkenet når me ein gang pussar det opp:)
I tillegg har eg akkurat fått 2 kjekke gjærbakst-tips fra ei venninne, som eg trur har gjort susen;
-elte deigen i kjøkkenmaskin til den ikkje klebar (ca 10 min?)
-heve ferdiglaga gjærbakst 10 minutt i ovnen på 100 grader.
Håpet er å ein gang kunne lage grove rundstykker som fremdeles er saftige dagen etter (dette har eg ikkje prøvd etter eg fekk desse 2 tipsa, så det går jo an å håpe)!
Fleire tips mottas med takk:)
Tusen takk for dei koselige gratulasjonane på "blessed and gratefull"! Bebis har det fint, og om ikkje lenge kjem det eit lite blogginnlegg fra ho:)
Tusen takk for dei koselige gratulasjonane på "blessed and gratefull"! Bebis har det fint, og om ikkje lenge kjem det eit lite blogginnlegg fra ho:)
Håparhelgadiblirfin!klem
Skal si dere er produktive! Ser kjempedeilig ut med gjærbakst. Skal prøve ut baketriksene her en dag jeg også. God helg til dere!
SvarSlett