lørdag 5. mars 2011

ENDELIG!!!


Endelig har eitt  av dei 1000 hobbyprosjekta eg har i hovudet blitt utført!! Denne kjolen har eg planlagt og handla inn til for alt for lenge sidan, men så har det vore kaos i sysakene alt for lenge.-heilt til me i februar pussa opp og omorganiserte vaskerommet til eit vaskerom med ein adskilt, deilige sykrok. Så no er stoff og alle andre godsaker lina opp i hyller, og inspirasjonen er større enn nokon gang, nesten til det usunne der eg går på jobb med konsentrasjonsvanskar fordi eg tenker på alle syprosjekta som eg vil gjennomføre på kortast mulig
tid....



 I tillegg har eg sydd nokre sanse-/sutteklutar til eit par bebisar. Denne har eg henta inspirasjonen til fra denne superinspirerande bloggen: putitinabox.blogspot.com.
Det er babyboom blant venner og familie i år, og det kunne ikkje vore tima bedre i forhold til min nyervera sykrok!! :)



Og da må det jo også scrappast nokre babykort:


Og ein bonus ved det heile: Å lage ting gir meg meir energi enn eg hadde før eg satte igang! Hurra :)

2 kommentarer:

  1. Så flink du er! Klem Kristin

    SvarSlett
  2. Hei Kristin, er det deg?? Skjønnte det ikkje før eg såg bilder av Skjønningane dine! Så koselig!! Gledar meg til å sjå meir på bloggen din, men no er det tid for barnehagehenting:)
    klem Britt Kirsti

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...