lørdag 8. oktober 2011

muffinsplassen

I og eg er glade i muffins. Me likar å bake muffins, og me likar å ete muffins:) Me har til og med vår eigen muffinsplass under eit tre på ein fjellknaus ved hagen. I ettermiddag fyllte me hello-kitty matboksen med kvar vår sjokolademuffins, og gikk til muffinsplassen vår. Og me kosa oss. Det skal altså ikkje så kompliserte utflukter til før me kosar oss. Det er det eg vil kalle ein av dei små gledene i livet, som egentlig gir dei store gledene! Etterpå plukka me haustløv i ein pose, tok turen innom tante og besteforeldre, som bur i to av nabohusa på andre sida av fjellknausen, og gikk til slutt heim og lagde haustbilder av løvet.    

Fin fin ettermiddag! :)

3 kommentarer:

  1. Kjekt med ein muffinsplass :-) Eit års permisjon vert bra, det må vel bety at det nærmar seg aldri så lite? Lykke til framover :-)

    SvarSlett
  2. Høres ut som dere har hatt en skikkelig koselig dag! Herlig med eget muffinssted! Nyt noen rolige fridager nå, sitt høyt med beina og ta det med ro siste del av svangerskapet.
    God klem

    SvarSlett
  3. aldeles nydeleg! høyres ut som ein draumedag for ei lita jente, og for mammen :)

    -klem

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...