lørdag 10. november 2012

eiffeltårnet og prinsesseslott, ein ekskursjon:)

Dei siste 3 dagane har me vore ein tur til Paris. 
Målet var Disneyland, da storesnupp sannsynligvis er i sin "verste" prinsessefase. Disneyland slo an, og me vart egentlig beordra om å snu når me begynnte bilturen heim fra flyplassen:)


Fyrste dagen landa me tidlig i Paris, og tenkte å oppleve byen litt, men på grunn av kombinasjonen bære-på-bagasje-og-ikkje-finne-oppbevaringsboksar, hotell-ved-Disneyland, barnevogn, metrostasjonar-med-trapper-opp-og-trapper-ned-og-opp-osv, og 4-trøytte-mennesker-som-starta-turen-kl-0230, så nøyde me oss med å opp i- og rundt Eiffeltårnet, før me drog til hotellet.

Hotellet,  og som sagt Disneyland, var derimot ein suksess. Christian har akkurat redigert + sett saman nokre bilder, og eg låner:)



Me fekk audiens på slottet og fekk møte ei prinsesse (etter 1 time i kø...). Styrmann Smisk og Pluto fekk me òg helse på:)

Paraden var eit høgdepunkt, til og med for veslesnupp, som ropa hei!!! se!!! hei!!! se!!! osv under heile paraden, og tok ny fartsrekord i vinking:) Når vart babyen vår så stor??

Det vart ein del "for fyrste gang" på turen: Veslesnupp tok sine fyrste karusellar, og syns det var stas. I tillegg var det fyrste flytur for begge jentene, fyrste storbytur og dermed også -undergrunnstur for begge jentene, veslesnupp bestilte sitt fyrste restaurantmåltid, ...og så såg me årets fyrste pynta juletre da:


Fin tur, men godt å komme heim igjen til rolig helg òg:) 
Ønsker deg ei fortsatt fin helg! 

1 kommentar:

  1. Å, så fantastiske bilder - av en flott familie i Disneyland :) Jeg har også vært der, og det er en opplevelse ! Så fine dere er! Og du, så herlig med en paris-tur da <3 Elsker Paris! Må dere ha en fin søndag :) klem

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...