torsdag 10. januar 2013

overlevde jula


Tre marsipansnømenn som overlevde jula! I godt selskap med alt for mange kakemenn og pepperkakemenn og andre søtsaker som òg overlevde jula. Eg blir litt uvel av tanken på kor masse me hamstrar til jul i frykt for å ikkje ha nok å kose seg med, når ein veit at andre kanskje ikkje ein gang blir mette i jula... etterpåklokskap. -i år òg... Løysninga i år blir innkjøpsstopp på alle godsaker i januar og februar.



Det nye året er godt igang. Her i huset byr det på nye rutiner, med Christian tilbake i jobb etter 3mnd pappaperm, og eit lite puslespel som er igang for veslesnupp. Eit puslespel me er veldig fornøyde med; Veslesnupp har ein liten kamerat som like gammal, og dei tilbringer 4 dagar i veka sammen. To dagar med hans mamma, to dagar med meg. Det er så koselig, og dei er så skjønne sammen:) Den femte dagen i veka er dei heime med kvar sin pappa. Veldig fornøyd med kontantstøtten, må eg sei!

Denne veka er det derimot feberen som rådar, så no er veslesnupp og eg aleine heime og ho tek seg ein liten lur. Sola skin, og eg prøver meg på ein kjapp helgevask. Ha ein fin dag!


4 kommentarer:

  1. Så koseleg å høyre litt om korleis det går med dåke. Den ordninga de har fått til i forhold til barnepass høyrtes jo heilt super ut. Godt for dei små (og dei store) med ein litt mjuk start på livet. Dei er jo små når dei er 1 år. Å få vere heime i ein heim med få og gode omsorgspersonar å forholde seg til tenker eg må vere det beste. Og ein liten leikekamerat i tillegg er jo endå betre :) Håpar litlajento di snart blir frisk igjen. Stor klem og eit forsinka "godt nytt år" frå meg

    SvarSlett
  2. Det ble noen overlevende etter julefeiringen her også ;) Men ikke fullt så ille som i fjor..
    Så koselig den løsningen med barnepass høres ut! Heldige dere er som får ordnet til så mye tid sammen med minste snuppa :) Det tror jeg ikke dere kommer til å angre på..
    Takk for koselig kommentar hos meg!
    Klem fra meg

    SvarSlett
  3. Så herlige snø menn! og du er foRresten ikke alene om å kjenne på etterpåklokskap etteR hver eneste jul. dessverre.
    håper dereS år har begynt bra.høres flott ut med slik ordning for jenta di og ja,kontantstøtten den likeR vi :)god helg videre.klem

    SvarSlett
  4. De tre marsipansnømennene, førte til et veldig fint bilde ihvertfall ;D
    Flott barnepassordning dere har ! Smart opplegg..
    Ha en fortsatt fin søndag!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...