søndag 3. juli 2011

god natt min venn...

God natt min venn, 
gå til din seng, 
og legg deg ned, i ro og fred.
Guds engler små, skal passe på, 
og du kan sove trygt og godt, 
god natt, god natt


**********


Gud som har oss småbarn kjær
-se til meg som liten er.
Hvor jeg meg i verden vender, 
er jeg trygg i dine hender!
Gråt og glede skifter her,
du min far er alltid nær!



Snuppa syns det var vanskelig å få sove ikveld, og løysningen vart til slutt cd`en SNORK fra blafre. Ho sovna til sang nr 2, og sidan me er aleine heime ikveld, vart eg sittande og nyte stillheiten og resten av cd`en. Musikken er så utruleg behagelig, og tekstane er flotte og gjer akkurat det godnattsangar skal, dei gir ro og tryggheit. 


Eg har vokst opp med at mamma sang godnattsangar kvar kveld, og når me fekk vår eigen snuppe, kom igjen interessen for godnatt-sangar. Til å begynne med hugsa eg berre "kjære Gud eg har det godt" og ein sang som bestemor sang for oss; "god natt min venn". Etterkvart har me utvida repertoaret med nye sangar me har lært i bøker og på cd`ar, og googla teksten til sangar fra barndommen som etterkvart har dukka opp som nostalgiske bruddstykker. Og undervegs har eg blitt meir og meir "svak for" dette med å synge sammen på kvelden; både fordi eg ser kor "salig" I blir når ho blir sungen for, fordi det gir meg gode trygge minner fra min eigen barndom, og fordi det er akkurat som om verden stoppar litt opp og ein får ein ro som ein ikkje alltid får ellers i kvardagen. Og dei gangene I synger med, og me synger sammen på vår 1-2 stemte sang (!), -det er lykke! :)

torsdag 30. juni 2011

nybakte bollar skal ut i regnet


...for å besøke barnehagen. I og eg har nemleg vår faste fridag idag, og sidan me bur midt i turområdet til barnehagen ( ca 300 meter fra barnehagen), inviterte me gruppa til I på saft&bollar og leik i hagen. Men idag bøttar det virkelig ned, ikkje noko ideelt turvær rett og slett, så da tar me med oss bollane ned i barnehagen og kosar oss der:)
Ha ein fin dag!

tirsdag 28. juni 2011

det er deilig å vere norsk i Sogn òg:)

Her er vårt andre feriemål i sommar. Aldri ein sommar uten Ornestur. Her har eg vokst opp, og her bur mamma, pappa og bror med familien sin. Har googla litt bilder derifra, og dette er ein av dei som virkelig gir meg sommarstemning:) Ornes farm by Dominika Aniola

lørdag 25. juni 2011

Det er deilig å være norsk -i Danmark

Idag har me bestillt årets familietur til Skagen, og me gledar oss til nok eit gjensyn med m.a. koselige gater, sjarmerande gule hus, lange sandstrender, rullesteinar, og eit fantastisk foto-lys:) 


fredag 24. juni 2011

datter til far sin

C spelar bass, og når han spelar inntil musikk på kontoret, finner ofte I fram leikegitaren fra rommet sitt, og rockar med med stor innlevelse. Ein kveld etter ein slik seanse, og etter at ho har sovna søtt, oppdagar C at ho har funne ein ny (og logisk) plass å sette gitaren sin, og me smelta begge to:


onsdag 22. juni 2011

uti vår hage.....



...der veks det no blomstrar som me kan ta inn i vase, og det er så koselig! I har jo starta sesongen for lenge sidan med div løvetann og andre sjarmerande vekster som har fått plass i vasar, men dette er årets fyrste hageblomst som har fått komme inn:)
Ha ein fin kveld!

mandag 20. juni 2011

"Når man blir seks og seksti, da gjør man som man vil:)"

Gratulerar med dagen, bestefar!!!


Håpar du har hatt ei fin feiring i kveld!
Glad i deg! 
klem fra I (og Chr og BK)

onsdag 15. juni 2011

leikestova


På tide å få vist fram leikestova, spesielt til dei som bygde den og kun har sett den umalt og umøblert. Me hadde eit koselig langhelgsbesøk frå Ornes i fjor sommar, og mens mamsen og papsen var på jobb, bygde I sin bestefar og onkel hus, og bestemora og tante R var barnevakter. Veldig bra! 







Etterkvart har me fått malt den, innreda, og min mann elektrikaren har til og med lagt inn straum, så her skal ingen fryse eller bli mørkredd:)



Her blir det diska opp med mange deilige rettar og dekka og servert. Det fyrste som skjer kvar gang I har besøk her, er at gardinene blir trekt for og døra lukka. Ikkje veit eg om det er oppskriftene som er hemmelige, eller kva det er!:)

Dette er også feriehuset vårt, og på laurdag-søndag hadde me årets fyrste ferietur her. Veldig koselig, men null sovekomfort. Her må det settast inn tiltak viss huset skal bli brukt som gjestehus ein gang. Me kjøpte nemlig ekstra stor leikestove for at det skulle evt. vere plass til overnattingsgjester her.

 Dei kvite stolane og bordet er fra Skeidar, resten på bildet er bruktfunn. Blomstrane er frå ein koselig spasertur I og eg hadde på søndag. 





Kjøkkenet og hylla er bruktfunn som eg har malt, bytta knott og skrudd i litt krokar på. Kjøkkenet skal det òg malast kokeplater på etterkvart.. 
Tinga er eit sammensurium av bruktfunn, søstrene Grene, div leiker I hadde fra før, håndlaga krum-kakeform fra pappan min, og muffinsane har eg sydd. 
























Og dette bildet henger over senga/sofaen (som faktisk er ein god gammaldags divan frå Sogn). 
Bildet hadde eg over senga mi på barnerommet heime, og eg syns det er så fint, både å sjå på, men òg budskapet i det. Me treng stadig litt englevakt, og spesielt dei søte små som stadig er ute på eventyr:)

lørdag 11. juni 2011

tilbake til livet og klar for å strikke:)

For mor i huset sin del har denne våren vore litt i overkant kvalmande. Men det har sin positive grunn i at me ventar ei jente til i begynnelsen av november! Forrige helg forsvant siste rest av den uggne formen, og tilbake var litt meir energi og lysten til å sy, scrappe og fra i kveld; strikke

Eg har akkurat vore inne på www.garnstudio.no, og funne ei hettejakke + ei lue&skjerf som eg berre MÅ strikke. Og helst i kveld, men så var det ingen garnbutikk open på pinsedag kl 2308.... rart.

Garnstudio må eg reklamere litt for, her er det nemlig eit lass med gratisoppskrifter, og muligheiter for å bestille garn på nettet. Har veldig sansen for stilen på det meste der. Eg strikka ei hettejakke til I derifrå for eit par år sidan, og den vart eg veldig fornøyd med.


Men no er det kvelden, på tide å fortsette "hytteturen" eg egentleg er på med ei sovande snuppe og ein sovande pappa i leikestova:) God natt!






















onsdag 18. mai 2011

hipp hipp hipp

..hurra!!!


I går var ein fin dag, og for I som for fyrste gang hugsa forrige 17.mai og visste at det var grunn til å glede seg, var dagen etterlengta. :)


Bunaden, flagget, fløyta, gå i tog med venninnene, sjokoladekake, godtepose, alle leikane, daaaamestrømpebuksa hennar, heliumballongen som aldri rømte, gjennsyn med ein gammal flamme fra i fjor, ALT var så stas, at me gløymte til og med å ete is!! 


Det er herlig å dei små som gledar seg så over dei "små" tinga i livet!
Og me er heldige som har havna i eit land der me har det så bra!







Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...