søndag 3. februar 2013

hurra for onkel

kjære onkel, bror og svoger, gratulerar så masse med 30 årsdagen!!
Gla i deg, klem fra oss fire:-)



onsdag 23. januar 2013

kvardag


Hei og hå! Her flyr dagane avgårde i kvardagslige syslar som jobb, dagmammatilvenning, barnehage, matlaging, nasedråpar, matbutikkutflukter, klesvask, fest etter fest på storesnupprommet, reknskap og enda eit forsøk på å få gode system på det meste, rydding, rydding, litt vasking og rydding, leiking, barnetv, oppdragelse og små kvardagskonfliktar, bleieskift, rydding og juicing, og eg nyter det!



"berre ein vanlig kvardag, for ei gåve" 
Denne "tavla" fekk me fekk til bryllupet fra ei god venninne. Eg syns den teksten er like fin no som da. Ferie, høgtider og fest er morro og godt det, men når kvardagen er tilbake, er det alltid godt det óg, syns eg! -Så hurra for kvardagen, den er ei gåve! :-)  



torsdag 10. januar 2013

overlevde jula


Tre marsipansnømenn som overlevde jula! I godt selskap med alt for mange kakemenn og pepperkakemenn og andre søtsaker som òg overlevde jula. Eg blir litt uvel av tanken på kor masse me hamstrar til jul i frykt for å ikkje ha nok å kose seg med, når ein veit at andre kanskje ikkje ein gang blir mette i jula... etterpåklokskap. -i år òg... Løysninga i år blir innkjøpsstopp på alle godsaker i januar og februar.



Det nye året er godt igang. Her i huset byr det på nye rutiner, med Christian tilbake i jobb etter 3mnd pappaperm, og eit lite puslespel som er igang for veslesnupp. Eit puslespel me er veldig fornøyde med; Veslesnupp har ein liten kamerat som like gammal, og dei tilbringer 4 dagar i veka sammen. To dagar med hans mamma, to dagar med meg. Det er så koselig, og dei er så skjønne sammen:) Den femte dagen i veka er dei heime med kvar sin pappa. Veldig fornøyd med kontantstøtten, må eg sei!

Denne veka er det derimot feberen som rådar, så no er veslesnupp og eg aleine heime og ho tek seg ein liten lur. Sola skin, og eg prøver meg på ein kjapp helgevask. Ha ein fin dag!


søndag 30. desember 2012

Godt 2013!

Vil berre ønske deg som er innom eit godt nytt år! Håpar 2013 blir eit bra år for deg! Ein kan vel aldri forvente eit år som kun er ein dans på roser, for livet består av både ups and downs, men håpar du får eit år med overvekt av dei gode øyeblikka!



Fant eit fint trykk på pinterest.com som eg ville dele. Syns dette var litt søte og avslappa nyttårsforsett. Nyttårsforsett kan vere bra det, men ikkje ver for streng med deg sjølv. Det er så lett å skape forventningar til seg sjølv som er så høge at ein ikkje klarar innfri, og dermed bli skuffa over seg sjølv. Hugs på at "give yourself a break, you're doing great"! :)




onsdag 26. desember 2012

aking, snølykt og ein liten venn

Håpar de har og har hatt fine juledagar! Idag har det vore fint vintervær, og mens veslemor tok seg ein ettermiddagslur, var Ingrid og eg ute og leika i snøen. Den fine sola hadde gått ned, men ikkje så gale at det ikkje var godt for noko, for da fekk me nemleg prøvd ut snølykta me lagde med ein gang. Ein liten søt snømannvenn vart òg til, og me gjorde rompeakebrettbakken vår enda glattare:) Ha ei fortsatt fin jul!


søndag 23. desember 2012

#23 God jul!

Ønsker deg som er innom ei god jul med mange gode øyeblikk!


klem fra oss i Nøkkeldalen:)

tirsdag 18. desember 2012

#18 julekort

Det var denne siste veka da, den som eg alltid tenker at eg skal ha gjort alt unna til, slik at det berre er å kose seg, men som fyller seg opp med alt som ein ikkje har gjort da ein egentlig skulle gjere det fordi eg heller koste meg:) 
Ja,ja, julestria har sin sjarm den òg:) 
Og at det er ein del å gjere er jo òg på grunn av at ein er så heldig at ein har gode mennesker rundt seg som ein vil sende julekort til, og gi gaver til, og som ein vil bake og stelle i stand for og til! 

I kveld MÅ eg få skrive ferdig julekorta! Rart å sjå tilbake på julekortet fra i fjor. Føles som eg satt og skreiv dei i går, men eg ser jo at ein del har skjedd med dei to yngste i huset sidan da:


Fin kveld til deg!:)

lørdag 15. desember 2012

#15 konsert i heimen

Her kjem eit lite innlegg like før 15.des blir til 16.des.
Idag har me fått eit par timar med gratis trim og frisk luft, i form av snømåking, og etter ei veke m sjukdom og innesitting var det rett og slett litt deilig. Etterpå har me vore på familiejulebord med jobben til Christian, og det var ein vellykka julebordvariant. To små show, julebuffet, og tilgang til m.a. hoppeslott og tegnefilm. Det slo iallefall an hjå våre to små!

Ville berre vise nokre bilder eg tok for eit par dagar sidan. Som veslesøster må ein visst finne seg i så mangt, og her har veslesnupp blitt plassert oppi ei dokkevogn, MED høyrselsvern og gitar, for å akkompagnere storesnupp på ein liten konsert. Begge to storkosa seg, og det er slike øyeblikk som eg føler ein berre må stoppe opp og nyte øyeblikket, uansett kor travel dagen er. Eg har nemnt eit uttrykk før, som eg er så glad i; "every day may not be good, but there's something good in every day." Det her vart eit sånnt øyeblikk for meg den dagen:)





fredag 14. desember 2012

#14 engleproduksjon

Så var det helg igjen!
Ville berre vise fram storesnupp og min sin engleproduksjon som har blitt til litt sånn innimellom denne veka:)
Ønsker deg som er innom ei god helg!


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...