lørdag 17. september 2011

Niagara falls

 For 6 år sidan var C og eg og 2 kameratar på tur i USA. 4 veker, med bil fra New York til Los Angeles. Det vart mange timar i bil, mange opplevelsar, og ein HAUG med bilder. Utruleg masse fint og spennande å ta bilder av, og eg elskar å sitte å bla i bildene og mimre i etterkant (og for ikkje å snakke om å lage album!!).  
Såg på desse bildene fra Niagara falls no, og blir fremdeles glad av å sjå på dei. Dette trur eg var favorittreisemålet mitt; fossen er fantastisk, været var fantastisk, og me var akkurat igang med turen me gleda oss så til, så humøret var fantastisk:) 
Det er rart korleis følelsar kan lagrast i bilder, slik at ein nesten kan føle at ein er tilbake i ein opplevelse eller stemning!




Me tok båt inn ved fossen, og det var ein våt, men flott opplevelse!
...og til slutt vart det så vått for linsa at den ikkje ville åpne seg ordentlig:)


Ha ein fin laurdag!

1 kommentar:

  1. Så herlige bilder:) Du er så pen! Ha en flott helg- klem K

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...