fredag 7. oktober 2011

Heimelaga

Foreldremanualen har ein konkurranse på gang i oktober, der ein kan vise fram heimelaga ting, og eg slenger meg på, med følgande 3 bidrag: 
Denne julesokken laga eg til frøkna vår i fjor. Laga i chenille og retrostoff (som for tiden er min favorittkombinasjon), samt litt blonder og eit påsydd strykebilde av snuppa.
      
Desse muffinsane har vore veldig populære i leikestova til frøkna.  Dei er fort gjort å lage, og egentlig ein kjekk måte å få brukt opp litt tøyrestar på. Alt ein treng er:
-ein rund bit av det stoffet ein vil bruke til "muffinsform"        
-ein rund bit av f.eks chenille, til sjølve muffinsen                           
-litt fyllvatt   
-litt sytråd       
-ein liten rund pappbit som limes fast i botnen på "muffinsforma"
 Har også tidligare pynta nokre med litt "filt-kakepynt" på toppen.


Og voksduk-smekka er rett og slett laga av små voksdukrestar som selges kjempebillig på stoff&stil fordi dei er for små til å brukast til duk. Klipp ut smekke i ønska form + eit dobbelbretta lommestykke som er ca 0,5 cm breiare enn smekka, og kant alt sammen med kantbånd, og vips så har ein ei superpraktisk smekke som er rein igjen på 1-2-3 (og forhåpentlegvis har lomma tatt av litt av matmengden som ellers havnar rundt om kring)!  


Håpar du har ein fin fredag!

2 kommentarer:

  1. Å lage julesokk med bilde synes jeg var en kjempegod ide - og så artig å ta frem hvert år (og se hvor mye barnet har vokst...) ;-)

    SvarSlett
  2. Kjempefine ting du har laga! Dette inspirerer.

    Tusen takk for veldig koseleg kommentar på bloggen min, det set eg stor pris på. Kan seie det same tilbake til deg. Du har ein blogg med masse inspirasjon og dei gode verdiane du har kjem godt tilsyne gjennom det du formidler. Me like ♥

    Håper alt er bra med deg og veslejenta i magen. Spanande tider for dåke. Eit fantastisk under er undervegs ♥ Lukka til :) Klem

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...