tirsdag 27. desember 2011

god jul!

Det er jo fremdeles litt jul igjen, så det er ikkje for seint å ønske god jul!Me håpar at du som er innom bloggen har hatt ei fin jul så langt, og at den fortsatt er og blir god dei neste dagane!

fra eine stovevinduet vårt
Ei god jul kan jo vere så mangt. For ein del mennesker rundt om kring, så oppleves ikkje denne jula som ei særleg god jul. Det kan vere på grunn av sjukdom, sorg, konfliktar eller andre ting, men det eg håpar er at alle kan oppleve iallefall små øyeblikk av god jul! Ein følelse, ein kommentar, ein situasjon eller noko anna som kan gi eit øyeblikks glede, eit minne om noko godt! 

Eg høyrde på ein julesang for nokre dagar sidan, som eg har høyrt mange ganger før, uten å egentlig høyre teksten. Men plutselig høyrde eg strofa
 "....and years they come and years they go, and we still forget somehow, that the child once born in Bethlehem, is still among us now". 
Og den gjorde litt inntrykk. Eg er kristen, og trur at Jesus fremdeles er blant oss, men i jula har eg lett for å fokusere på alt som gir den rette julestemningen, inkludert juleevageliet og julekrybba, mens det personlige forholdet til Jesus blir litt gløymt oppi jakten på den "perfekte jula". Eg vil fremdeles strebe mot å få fram den gode julestemningen og å skape gode juletradisjonar og juleminner, for det er viktige ting for meg, men eg håpar eg kan fokusere på at Jesusbarnet fremdeles er blant oss. 
Og når eg tenker på det, så er det nettopp dette som vil vere den beste trøysta for meg i ei jul som ikkje berre er god, at Jesusbarnet som me feirar, fremdeles er blant oss.

fra google.com

3 kommentarer:

  1. Så fint eit innlegg frå deg kjære BK. Sanne og vakre ord. Fortsatt god jul til deg og familien din :) Klem

    SvarSlett
  2. fint innlegg
    med viktige ord...det er så lett at "alt rundt" blir det viktigaste med jula. godt å ta seg tid til å fokusere på det me feirar

    ønsker dykk gode dagar ♥

    -klem

    SvarSlett
  3. Hei! Så koselig at du droppa innom bloggen min:) Nå kommer jeg til å følge med din blogg framover. Liker det jeg ser og leser :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...