onsdag 7. desember 2011

ventetid


Me ventar på jul (og det er koselig å vente på), og me ventar på tider der ein får gjort alt ein har tenkt å få gjort (treng nok ein veeeeeldig lang adventskalendar før den ventetida er over) :) Eg har stadige blogginnlegg i hovudet, men dei har blitt verande i hovudet. Eg har visst ikkje blitt så god enda på å organisere tiden min etter at den nye tilværelsen som 2-barnsforeldre starta..men eg prøver å kose meg og ikkje stresse, og sånn vil eg at adventstida skal vere óg, kose seg m forberedelsane, og ikkje stresse. Det eg tenkte eg ville vise fram idag, er årets adventskalendarar i Nøkkeldalshuset. Eg sit akkurat no og nyter dagens i min "adventskalendar". Fra mi gode venninne som bur i Berlin,fekk eg nemlig ein adventskalendar-te, med 24 nummererte og forskjellige teposar i! Genialt spør du meg! :) Dei to siste åra har eg laga kalendar til frøkna vår, med opplevelsar/aktivitetar me kan gjere ilag, pluss nokre dagar innimellom med småpakkar. Og sånn type kalendar blir nok det eg lagar dei neste åra óg! Men i år har det blitt playmokalendar, sidan papsen i huset var så heldig å vinne ein sånn på ein playmoland-konkurranse:) Prinsessa vår valgte, ikkje overraskande, ein prinsessekalendar! I tillegg har ho verdens søtaste sjokoladekalendar i år! Når familien min var på besøk forrige helg, fekk ho presang fra søskenbarnet sitt på 9 mnd, og det var denne sjokoladekalendaren med bilde av dei to på! For to år sidan laga I og eg oss ein tradisjon. Jul i svingen gikk på barne-tv, og denne slo så an blant både liten og stor, at me kjøpte Dvd'en, og ser ein episode kvar dag, sammen. "En annerledes julekalender om de små, viktige tingene i livet" står det på coveret, og det er akkurat det eg likar med den! Og så er den ganske morsom óg da:) Håpar du har ei koselig ventetid!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...