Ein dag eg rydda og vaska storesøster sitt rom, fekk eg lyst å forevige det sånn. Både fordi dette rommet har ein tendens til å ikkje holde seg så ryddig som akkurat da, OG fordi eg tenker barnerom stadig er i forandring mtp kva møblar/leiker/fargar/interesser eit barn har i dei ulike aldrane. Feks. kommoden som her er avbilda (og som egentlig er ein stellekommode), forsvant like etterpå ut av rommet og inn på babyrommet, for å fortsette livet sitt der nokre år, mens neste møbel inn på dette rommet sannsynligvis blir ein skrivepult. For litt over eit år sidan var det sprinkelseng her, no er det "voksenseng" som I så stolt kalla det. Altså; barnet er stadig i utvikling = barnerommet er stadig i utvikling, og nostalgikar som eg er, måtte eg feks no forevige korleis I sitt rom såg ut når ho var 3&4 år, for å ha det til eit minne når ho blir større:)
Ha ei fin veke!








