søndag 19. august 2012

Regn har sin sjarm det òg

...iallefall når sola bryt igjennom på morgonen etter ein dag med regn. Alt ser så friskt ut da, og lufta er så god. 
I dag tidlig var det sånn, og eg knipsa nokre bilder på verandaen. 

Verandaen er eit prosjekt som har blitt ferdig i sommar. Flinke C har snekra alt sjølv! Eg har stått for beisinga, i 3 omgangar, nettopp på grunn av -ja regnet...:) Etterkvart skal rekkverket også få eit møte med malekosten, men er usikker på om eg skal male eller beise det, og om det skal bli kvitt eller få husfargen. 
Kva syns du?
Litt meir stæsjing blir det nok til neste år, og kanskje ein liten krukkekjøkkenhage? 
Har egentlig veldig lyst på ei sånn kvit sittegruppe i tre med benk og 2 stolar, men har litt vegring mot å skaffe oss enda meir som må vedlikeholdast med maling:)
På bildet ser du faktisk rett gjennom stova vår, og ut i hagen på framsida, taket du ser er leikestova. 
Eg elskar lavendel, til og med når den har sett sine beste dagar! I bakgrunnen her ser du musikkstudio.

Her har me ei lita frøken som akkurat har fått si fyrste tann, i ein alder av 9,5 mnd:) Herlig syns eg, at minstemann har hatt sånne  tannlause babysmil så lenge! 

No skal eg og den (nesten) tannlause ut å trille tur!
Ønsker deg ein fin søndag!
klem

onsdag 15. august 2012

desperat symodus

Permisjonen nærmar seg slutten ( dvs 1,5 mnd igjen), og eg har komme i eit desperat symodus. Ein plan for permisjonen var å sy ein del når snupp hadde lurane sine, men så er det stadig andre ting på programmet óg, når ein fyrst har eit slikt år der ein "skal rekke alt" (!), så syingen har blitt litt nedprioritert.

No, derimot, er syingen opp-prioritert! Det er alltid noko anna ein skulle ha gjort, men no VELGER eg å bruke tid på syinga, og har faktisk fått sydd litt. Er igang med nokre små kjolar til epla-butikken, skal vise når eg har fått oppdatert sida. Og siste dag før me reiste på ein liten Danmarkstur, fekk eg fullført settet på bildet, til jentene. Tenkte det var greit å få sommarantrekket ferdig før det vart august og siste ferieturen var over, sidan det sannsynligvis ikkje passar til neste år:)

Idag er fyrste dagen etter ferien som veslesnupp og eg er aleine heime mens dei andre er på jobb og barnehage. No er det soooool, og det må nytast, så no tek me oss ein tur ut til huska i hagen, for det elskar veslesnupp:)

ha ein fin dag der du er!

lørdag 11. august 2012

kva gjer ein...

...når ein har ein morgonfrisk bebis som kryper ivrig rundt og utforskar stova, og ein sjølv kveld etter kveld går på samme smellen og legger seg aaalt for seint, slik at ein nesten ikkje ser ut av hovudet når den morgonfriske babyen er klar for ny runde i stova?

Eg henger over ipaden og surfar rundt uten mål og meining, tar inn ein masse info, men er for trøytt til å tenke konstruktivt eller produsere ord i form av kommentarar eller blogginnlegg. Uansett: idag såg eg eit bilde av ein baby (Jessica Alba sin, faktisk...), med ein skjønn hårpynt, og da hadde eg tydeligvis sitte så lenge på nettet at eg var begynt å vakne, så eg vart inspirert, og fann fram heklekorga, og laga det hårbandet du ser på bildet. Kjekt til små søte damer med lite hår og som stadig blir omtala som "han". :)

Kva gjer du viss du har nokon som dreg deg opp før du er vaken? :)

torsdag 9. august 2012

månedens monochrome



Ein dag eg scrolla nedover gamle bilder i photoshop, fann eg ei samling bilder fra den fyrste veka me hadde speilreflekskamera. Det var mykje blomster og natur, for å sei det slik (det var før me hadde fått våre to favorittmotiv...), hugsar eg syns det var kjempemorro å eksperimentere med dybdeskarphet og sånn. Eit av bildene var dette, tatt ein søndags formiddag når foreldrene mine sat ute og høyrde Gudstjeneste på ein gammal kurèr. Syns det er så sommarstemning over det. 


Flinke Helene med bloggen alt som er vakkert, har i tillegg ein blogg som heiter fotoringen, med ein utfordring som heiter månedens monochrome. Bildene skal vere i svart-kvitt i denne utfordringen, og eg deltar med dette bildet. Klikk her for å sjå fleire bidrag. 

mandag 6. august 2012

på hyttetur

Ikveld er Christian og storesnupp på hyttetur, i leikestova. Eg høyrde kviskring og fnising om å ta med godteri, så eg trur dei kosar seg:) 


Ipaden er med. Visstnok til pippi- og prinsessefilmar på youtube:) 

Minstesnupp fekk konstantert kikhoste idag, og har nok hatt det dei siste 14 dagane (og ikkje minst nettene...), så me held hus og prøver å samle sammen litt søvn her.


Idag trur eg me har slått alle rydderekordar, storesnupp og eg (og veslesnupp....) har rydda storesnupp-rommet fra frukost og til legging, og er enda ikkje ferdige. Da snakkar me lite effektivitet, og masse rot og at ALT ein ser kan jo vere ein skatt eller kjekt å ha.  Føler iallefall at for kvart sånnt røsk ein tar, så kjem ein litt nærmare eit system som kan fungere. Samtidig så har eg erfart at FOR masse system på eit barnerom funkar dårlig.  
Nokon som kjenner seg igjen? Gode råd til oppbevaring og orden på barnerommet mottas alltid med takk!:)

God natt! 

søndag 5. august 2012

det er sommer, det er sol og det er søndag!


Når sommaren er litt så som så værmessig, så syns eg det blir ekstra viktig å gjere mest mulig sommar ut av det som er. Idag var det både fint sommar-vær OG søndag, så da tok me med oss dei to små damene våre, innbakte pølser og badetøy, og tilbrakte nokre timar på stranda. 


Denne dama til venstre sov faktisk (for ein gangs skuld) eit par timar i vogna, og rakk akkurat eit lite bad før me pakka saman. Kan ikkje akkurat sei ho elska det, men:)                              
Når me kom heim kosa me oss med sjokoladepudding på verandaen. Å ete på verandaen har nesten blitt ei krampeaktig greie for meg, for å få mest mulig sommar ut av sommaren. Men så er det veldig koselig å vere der da, spesielt i år når den er heilt ny.

No er det på tide å få lagt ei overtrøytt jente som har fått sett Ole Aleksander filibom-bom-bom på god gammaldags VHS:) Trur me kan trenge denne veka på å snu litt på døgnrytmen til denne frøkna. Wish us good luck:)

Og lykke til med dine planar for veka!



fredag 3. august 2012

tornerose og tvillingsøstra



I dag tidlig fekk me storfint besøk av Tornerose og tvillingsøstra:)

Me kom tilbake fra Danmark i går kveld, og sjølv borte er bra, så er heime alikevel som regel best. Jentene leikar og kosar seg og slappar av i sitt eige tempo og program, og eg vaskar klær og skal ut å jobbe i hagen, og syns faktisk det er deilig.

Det har vore ganske så stille på bloggen i desse ferietider, og enda meir stille fra meg på kommenteringsfronten hjå andre, men no skal me ha siste 10 feriedagane heime, og da vil eg kose meg med litt bloggings! :)

Ha ein fin dag!

lørdag 28. juli 2012

til trøst


Til trøst

om vi mister det vi ikke makter miste
om vi må gi slipp på det vi holder fast
om det fineste vi visste ikke varte
om drøm og hverdag står i skarp kontrast

slike dager er det at vi starter lengte
på en måte som vi aldri lengtet før
og vi kommer trygt med sårbarhet og sinne
til en som tåler mer enn andre gjør

om vi ikke orker bære blir vi båret
om vi ikke orker gå så blir vi møtt
om vi ikke orker gjøre får vi være
om det skumrer blir den nye dagen født

slike dager får vi gripe selve håpet
en trassig tro tar bolig og blir vår
det blir morgen det blir kveld en dag om gangen
til vi får beina under oss og står

Kom du som er
gi oss krefter til å være
vekk oss opp til godt, som venter på å bli!



Denne sangen fann eg på ein cd for nokre dagar sidan da eg køyrde heim fra Sogn, og den gjorde så inntrykk på meg at eg spelte den om igjen og om igjen. Eg skulle gjerne ha høyrt denne når me akkurat hadde mista nokon som sto oss veldig nær, og dessverre er det jo daglig nokon som mistar nokon på ein eller anna måte, derfor ville eg dele denne sangen med deg som skulle trenge den. 

Kanskje finner du óg trøst i denne?

onsdag 25. juli 2012

hagen gjennom sommaren, del 2

gartnaren (les: meg...) er ganske treg til å luke i sommar, så no ga eg opp å vente til det vart luka, og fekk tatt del 2 av hagebildene. Dvs dei er tekne for 2 veker sidan, like etter pionen og den store kvite rosebuska me har fått med fra Sogn, var avblomstra.

søndag 8. juli 2012

etter regn kjem det sol:)

...og etter nokre kjipe dagar med sjukdom i heimen, der me måtte takke nei til/ avlyse fleire kjempekoselige planar, kunne me idag kose oss ute igjen alle 4! 

Ikkje verst at det til og med var sol, og inspirert av invitasjonen me dessverre måtte takke nei til på fredag, drog me på picnik idag.


Innbakte pølser og godis i korga, årets fyrste bad på Ingrid, lang middagslur på Synøve og frisbee-kasting og fotballsparking på oss våkne:)


No slappar me av på verandaen, og heldigvis er det søndag, viss ikkje hadde eg nok ikkje hatt roen til å sitte å sjå rett på husveggen som er 30/70 beige/raud på tredje året... Satsar på malevêr i morgon, og nyter solstrålene idag:)


Synøve har ein heil verden å oppdage,


 ...og Ingrid jobbar med sin nyaste fugleskremseloppfinnelse (som før eg rakk å publisere dette har fått på seg finkjolen og konvertert fra fugleskremsel til prinsesse...)


Håpar du óg har hatt ein fin søndag!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...