fredag 27. april 2012

god morgen!

fin start på dagen idag, med God morgen Norge og gavelapp-laging! No skal eg rydde opp sofaen som flyter over av kreativt kaos (for å sei det mildt), og så tar Synøve og eg oss ein bytur i regnet for å m.a levere gavelappane til barnebutikken.

Beklagar hus, den etterlengta helgevasken er nedprioritert... :)

Ha ein fin fredag!

torsdag 26. april 2012

heimelaga bokstavkjeks


Storesnupp har blitt så opptatt av bokstavar, og har nokre bokstavkort fra Go'boken som ho leikar litt med. Bak på det eine kortet stod det oppskrift på bokstavkjeks, så idag måtte me prøve oss på desse. Det vart nokre forbokstavar til dei som begynnar på "lettskjærte" bokstavar, men tålmodigheiten til mor i huset tok (litt for fort) slutt, så da fortsette me med dei minst julete kakemenn-formene me hadde:) Kveitemjøl var me så og sei tomme for, så det vart sammalt fin, men det funka greit det, og kjeksa fallt i smak.

tirsdag 24. april 2012

epla.no

God kveld! 
Fyrst av alt; tusen takk for alle dei koselige kommentarane på dei to siste innlegga!! Vart kjempeglad!

Idag har vore ein stor dag for storesnupp, som har hatt gruppa i barnehagen på saft&bolle-besøk i hagen i fleire timar. Og eg og veslesnupp var etterpå så heldige å ha koselig besøk av god venninne og hennar baby! :) 

Dei siste kveldane har eg site litt på epla.no, og tar no med meg litt knyttebukser ++ dit og startar ein liten filial:) 
Her er litt av utvalget:














Det er veldig masse fint å finne på epla, og viss du vil inn å sjå, er adressa rett og slett epla.no
Og her finn du sida mi:)

mandag 23. april 2012

i farta!

Eg har akkurat begynt å følge ein ny blogg, alt som er vakkert, og her er det kvar mandag ein ny fotoutfordring som heiter mandagstema.  Denne mandagens tema er "i farta". 
Her ser du frøken storesnupp i farta:


Bildet er litt uskarpt, men eg syns det stolte og målbevisste uttrykket er så herlig. Ho har akkurat fyllt eitt år og lært å gå, og er ute på ein av sine fyrste spaserturar i snøen. Her er det best å holde farten oppe, for å holde seg på beina:)

Her kan du sjå dei andre bidraga, delta sjølv,  eller rett og slett berre ta ein tur innom den skjønne og inspirerande bloggen om m.a foto og hage.

Eg kjenner forresten at eg er veldig glad det er vår og sommar me går mot no, når eg ser dette vinterbildet:)

søndag 22. april 2012

ferdig!!!!!

Etter 1,5 år med skyting, planering, snekring, kobling og maling, er Wilberg studio ferdig!
Christian har vore kjempeflink og gjort alt innvendig sjølv, med doble veggar og rare vinklar på romma (visstnok viktig for lyden), til tross for at han aldri har bygd noko før. Så da har me 70 kvm med musikkstudio i hagen da, og det er morro:)

Eit lite bilderas:

fredag 20. april 2012

god helg!

Ville berre ønske deg som er innom ei god helg! 
Håpar du kan gjere noko som gjer deg glad i løpet av helga! 

Eg tok ein halvtime, som eg egentlig ikkje hadde, til å gjere meg litt glad idag, i form av å sy:) 
Da sydde eg hjertet på bildet. Det er til eit vennepar, og skulle egentlig vere ei lita "gratulerar med 10-års bryllupsdag"-helsing til dei. (No er det ikkje mange månadane til dei kan feire 11 års bryllupsdag, så det var jo bra at dei kunne få presangen før det, iallefall...)


Eg tenker alltid at eg skal skrive det, men ammetåka er godt etablert så eg gløymer det kvar gang; 
Tusen takk for dei koselige kommentarane eg får, det set eg veldig veldig pris på!! :)

Gooood helg!

onsdag 18. april 2012

vis meg din kommode

Myke minutter har utfordringen "vis meg din kommode". 

Her ser du jentene sitt "kommodelignande møbel", som fungerar som kjøkken i leikestova. Kommoden er kjøpt på bruktbutikken, og da var den brun med ein trist knott på. 
Rosa har den blitt, og ny knott har den fått, og så vil tiden vise om eg nokon gang får somla meg til å malt på nokre kokeplater.


Sjå dei andre bidraga her



Sjå dei andre bidraga her

tirsdag 17. april 2012

grått og rosa

Etter at me fekk oss grå sofa i stova, har eg fått litt dilla på kombinasjonen av grått og rosa. Syns dei to fargane gir ein kombinasjon av tøft og søtt, og det er akkurat den kombinasjonen eg likar!




Den rosa puta sydde eg forrige helg, og ellers har eg vore så heldig at det andre rosa har ligge i skapet sidan sist eg var i det rosa hjørnet. Og rosa kirsebærgreiner har eg funne rett utanfor døra. Altså (utanom ny sofa) ei svært billig stove-fornying:)


Litt sink blir eg visst ikkje lei av med det fyrste.



Når eg får sansen for ein farge, eller som no ein kombinasjon, har eg litt tendens til å ta av med nettopp dette. Men heldigvis har eg begrensa det til berre eitt rom. Trudde eg... for plutseleg såg eg jo at dressen som snuppidupp har på seg idag, er også nettopp 
rosa og grå...Så da måtte ho få bli med i dette innlegget ho òg.


Ha ein fin dag! :)

å hei hvor det går...

Javel, da har eg fått sydd kjolen som eg planla +handla inn til i fjor vår... 
Dette skal vere ein barnehagekjole for storesnuppa. 
Stoff: Stoff&stil, mønster: Stoff&stil, 
knapp og bånd: sybutikken i Sogndal.

Om det er så veldig familievennlig at jentene her i huset får heimesydde klær, er eg av og til litt usikker på. Når eg fyrst set i gang, blir eg superfokusert på å bli ferdig, og jentene masar, og eg blir utålmodig mamma, -og endar opp med dårlig samvittigheit når eg er ferdig... 

Derfor har eg bestemt meg for at tirsdag skal bli min faste sy-dag. Mens Ingrid er i barnehagen og Synøve har lurane sine (som for øyeblikket er inne i ein lang god stim), skal symaskina gå varmt! Sjølv om det er tusen ting eg kanskje heller burde gjort, skal eg rett og slett ta meg tid til dette resten av permisjonen, fordi å sy gjer meg glad (egentlig)! :)


Håpar du har hatt ei fin helg! 

Og scrappar du, anbefalar eg deg å ta turen innom kines klode,
 og delta i konkurransen ho har der!

God vekesstart til deg!

fredag 13. april 2012

pute, moreller og ipad

Gjer eit lite forsøk på å blogge fra ipaden idag, uten å gå via data for opplasting og redigering av bilder og sånn.

Endelig har pute nr 1 i mi planlagte puterekke blitt laga, og den vart god og mjuk i chenille. Oppskrifta fann eg på den inspirerande bloggen bente-detkreativehjornet.blogspot.com (he he, har ikkje funne ut korleis eg skal lage koblingar på ipaden enda...)

Og så måtte eg berre vise dikka dei nydelige morellgreinene som eg fekk av ei venninne forrige helg!

Ønsker deg som er innom ei god helg!
klem fra meg
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...