fredag 29. juni 2012

litt av stova

Eg fortsetter på mitt prosjekt om å vise ferdige prosjekt. 
Stova er egentlig ikkje eit ferdig prosjekt, men meir eit ikkje-påbegynnt-prosjekt, for her er det ein langtidsplan om oppussing. Sidan det kan drøye, har me gjort ei lita oppgradering, og det er den som er ferdig no.


I november, når veslesnupp var ei veke gammal, var det nokre luftige dagar i stova, da heile veggen ut mot verandaen vart bytta ut. Før hadde me 3 meter brei skyveglassdør her, noko som egentlig gjorde den krinkelkrokete stova vår enda vanskeligare å møblere (sidan åpningen var i den enden som sofaen er no).
Når denne likevel måtte byttast ut pga aldersplager, forandra me til to vindu og ei enkel verandadør m vindu og sprosser. 
Veldig fornøyd med resultatet, spesielt etter eg fekk malt lister og sånn kvitt forrige veke.


I vår kjøpe me óg ny sofa, sidan sofagruppa me hadde fra før (heldigvis.....) hadde fått nye oppdrag. Ein u-sofa passa mykje bedre inn i den som sagt krinkelkrokete stova, og har endeleg gitt stova den romfølelsen og heilheiten eg har sakna her. 
Det som òg er veldig bra er at no er heile familien til stadigheit samla i sofaen, til forskjell fra før, da me nesten berre brukte sofagruppa når me hadde gjester:)


Vogga laga pappan min og broren min til storesnupp når ho skulle bli født! Veldig koselig å ha (og vanskelig å pakke vekk...), og fint å tenke på at den kanskje kjem til å bli brukt i generasjonar framover! 

Ein anna ting med affeksjonsverdi er bladstativet bak vogga, som me har arva etter søstra til Christian. Ho var så kreativ, og fann dette kasserte avisstativet, malte det med svart bengalakk, og hadde det i stova si. No minnar det oss om når me var på besøk til ho, og er i tillegg ei praktisk oppbevaring av blad. Eg pleier å ta vare på blad med fine framsider, og pynte med dei fremst alt etter årstid og jul og sånn. 

Og dette er alt du får sjå av stova vår på sikkert fleire år, he he:)



3 kommentarer:

  1. Du, så herlig vogge! Måtte bare kommentere den først, for den fanget min oppmerksomhet veldig :) Og dere har det jo så fint! Gøy med litt oppgraderinger - og gøy at vi får se! :)
    Håper du har finfine dager min venn - jeg er nettopp landet fra ferie og vært helt borte fra nett og blogg i snart to uker og det har gjport godt. Nå er jeg innom og sier hei til dere vennene mine :) Håper du får en fin helg, søte du. mange klemmer til deg fra meg

    SvarSlett
  2. Har tatt meg ein liten runde i blogginnlegg eg ikkje har fått med meg, eller ein stor runde sidan det er leeenge sidan eg har lagt inn noko nytt på min eigen blogg og det er når eg gjer dette eg ser på andre sine :-) Masse flott bilete, og fiiin stove - og hage! Det har ikkje sett så mykje av før. De har det fint der nede :-) Håpar de har ein strålande fin sommar!

    SvarSlett
  3. Så utrolig fin stue!
    Sarte og fine farger.. Nydelig!
    Vogga var også kjempe flott!
    Koselig at du ville vise oss litt
    av hjemmet deres :)
    Håper du har gode dager!
    Klemmer til deg fra ei solbrent
    Toril som nyter ferielivet...;)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...