tirsdag 17. april 2012

grått og rosa

Etter at me fekk oss grå sofa i stova, har eg fått litt dilla på kombinasjonen av grått og rosa. Syns dei to fargane gir ein kombinasjon av tøft og søtt, og det er akkurat den kombinasjonen eg likar!




Den rosa puta sydde eg forrige helg, og ellers har eg vore så heldig at det andre rosa har ligge i skapet sidan sist eg var i det rosa hjørnet. Og rosa kirsebærgreiner har eg funne rett utanfor døra. Altså (utanom ny sofa) ei svært billig stove-fornying:)


Litt sink blir eg visst ikkje lei av med det fyrste.



Når eg får sansen for ein farge, eller som no ein kombinasjon, har eg litt tendens til å ta av med nettopp dette. Men heldigvis har eg begrensa det til berre eitt rom. Trudde eg... for plutseleg såg eg jo at dressen som snuppidupp har på seg idag, er også nettopp 
rosa og grå...Så da måtte ho få bli med i dette innlegget ho òg.


Ha ein fin dag! :)

1 kommentar:

  1. Nydelige bilder!
    Synes også grått og rosa er nydelig sammen, men jeg må bare gjøre det beste ut av det med min beige sofa! ;)
    Men rosa og beige går jo sammen det også...
    Nydelig oppstilling med kirsebærgreinene!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...